Lemenår. Bildet viser lemen (Lemmus lemmus).
Ein del artar, som fjellrev og snøugle, ynglar stort sett berre i smågnagarår. Andre artar får fleire og større kull i desse åra. Her lemen. Foto: Colourbox

Difor er det viktig med lemenår

Talet på lemen varierer sterkt frå år til år. Også andre artar har liknande svingingar. Kvifor er det slik, og kva skjer om lemenår kjem sjeldnare?

Talet på lemen (Lemmus lemmus) i fjellet kan svinga kraftig frå eitt år til det neste. Dette er viktig for mange andre artar. Mellom anna har fleire rovdyr og rovfuglar gode dagar, og får gjerne fleire avkom enn vanleg, når det er godt med lemen.

– Hjå ein del artar ser vi at populasjonsstorleiken, altså talet på dyr av ein art i eit område, endrar seg etter eit syklisk mønster. Vi får regelmessig ein populasjonsvekst opp til ein topp, etterfølgd av ein krasj, med andre ord ein rask nedgang i populasjonsstorleik, seier Aline Magdalena Lee.

Ho er forskar ved Gjærevollsenteret for framtidsanalysar av naturmangfald og fyrsteamanuensis II ved Institutt for biologi ved NTNU.

Populasjonsveksten opp mot toppen kan skje veldig raskt eller meir gradvis. Det same mønsteret gjentek seg gong på gong i ein gjentakande syklus.

Hjå lemen kunne desse svingingane tilsynelatande kome regelbunde med tre-fire års mellomrom, med store toppar og djupe dalar. Vi kallar slike svingingar sykliske svingingar.

Men no fryktar enkelte forskarar at det er blitt lenger mellom kvart lemenår. Er det slik?

Lemen. Bildet viser fjellrevunger.

Fjellreven har ikkje noko imot eit saftig lemen. Foto: Colourbox

Lemenår er ikkje borte

– Det kan sjå slik ut, men det er faktisk ganske vanskeleg å vurdera. På 90-talet og tidleg tusental var det ein lang periode utan lemenår, og fleire var redde for at det var heilt slutt på fenomenet, kanskje på grunn av klimaendringar, seier Lee, som understrekar at dette ikkje er noko ho sjølv har forska på.

Men no har syklusane teke seg opp att, i alle fall i delar av landet.

– Svingingane treng ikkje å vera synkrone over heile Noreg. Ofte er dei ikkje det, sånn at toppane til dømes kjem i eit år i sør og eit anna år i nord, påpeikar Lee.

Det vil alltid vera naturleg variasjon i populasjonssvingingar. Når toppår i gjennomsnitt kjem kvart tredje eller fjerde år, må ein ha ei ganske lang tidsserie, altså mange år med data, for å kunna seia om mønsteret har endra seg med omsyn til kor ofte toppane kjem eller kor store dei er.

I tillegg er det større variasjonar i talet på lemen i nokre område enn i andre, så korleis dette utviklar seg over tid kan vera vanskeleg å føreseia, forklarar ho.

Lemenår viktige for fleire artar

Men kvifor er desse svingingane viktige?

– Svingingane er ein del av kompliserte naturlege system som har vorte utvikla og tilpassa over veldig lang tid. Systemet er difor tilpassa til desse svingingane, og andre artar kan vera avhengige av dei. Om dei endrar seg, kan det påverka heile næringsnett, seier Lee.

Lemen. Bildet viser et lemen ved vannet.

Lemen er ein av nøkkelartane i fjellet i Norden. Foto: Colourbox

Lemen vert rekna som ein av nøkkelartane i fjellet i Norden. Dei utgjer ei viktig matkjelde for mange rovdyr.

– God tilgang på denne maten er for mange artar heilt naudsynt for å kunna fø opp ungar, seier Lee.

Nokre artar ynglar nesten berre i smågnagarår

Ein del artar, som fjellrev og snøugle, ynglar stort sett berre i smågnagarår. Andre artar får fleire og større kull i desse åra.

Snøugla vandrar gjerne over store område på leiting etter gode hekkeforhold, og kan difor vera heilt fråverande i år med få smågnagarar. Ettersom dette er artar med relativt lang levetid, går det bra å oppretthalda populasjonen med gode yngleår kvart tredje eller fjerde år.

– Men dersom toppane forsvinn heilt, vert det vanskeleg for desse artane å klara seg. Når det er få smågnagarar, må desse rovdyra finna andre byttedyr for å klara seg. Dette går ut over populasjonar av andre små byttedyr i fjellet, til dømes rype.

År med store mengder lemen påverkar og vegetasjonen i fjellet. Dette kan vera viktig for nyspiring og artssamansetjinga vi ser i plantesamfunnet.

Endringar i populasjonssvingingane kan difor få store konsekvensar med ringverknader som kan vera vanskelege å føreseia.

Spesialiserte rovdyr svingar i takt med lemenår – forseinka

I rovdyr-byttedyr-syklusar ser vi det same mønsteret hjå eit byttedyr og eit rovdyr eller rovfugl som spesialiserer seg på byttedyret.

Men svingingane er forskyvd i høve til ein annan, sånn at rovdyrtoppane kjem etter byttedyrtoppane. Det er ikkje så merkeleg når du høyrer kvifor.

– Dette er fordi ein topp i byttedyrpopulasjonen gjev stor mattilgang for predatoren, og med det gode høve for yngling. Dermed får vi sterk vekst i rovdyrpopulasjonen rett etter eit slikt toppår, seier Lee.

For byttedyra blir toppåra prega av sterk konkurranse om mat og ressursar. Dermed dør ein stor andel av dei raskt. Stress og smittsame sjukdommar kan og spela inn.

Lemen. Bildet viser ei fjellrype på en stein.

Når det er få smågnagarar, må rovdyra finna andre byttedyr for å klara seg. Dette går ut over populasjonar av andre små byttedyr i fjellet, til dømes fjellrype. Foto: Hauk Liebe, Artsdatabanken, CC BY 40

– Ettersom rovdyrpopulasjonen aukar, vil byttedyret og oppleva meir predasjon, og det samla resultatet vert at byttedyrpopulasjonen krasjar, seier Lee.

Dette vil igjen føra til matmangel for rovdyret. Dermed går talet på rovdyr ned igjen.

Med færre predatorar og mindre konkurranse byrjar byttedyrpopulasjonen å byggja seg opp att, og syklusen vert gjenteke.

Snøskohare og gaupe i Nord-Amerika er eit klassisk døme på dette som har vore mykje studert.

Mange faktorar spelar inn

I praksis er det likevel vanskeleg å fastslå heilt sikkert kva som styrer populasjonsdynamiske svingingar i ulike artar. For nesten alltid er fleire artar involvert, og det er mange moglege faktorar som påverkar i naturlege system.

Bildet viser Aline Magdalena Lee.

Aline Magdalena Lee. Foto: NTNU

Kvar byttedyrart er mat for fleire rovdyrartar, og rovdyra lever av meir enn eitt byttedyr. I tillegg er det mange ting som skjer samtidig og som kan spela inn.

– Når ein får dei verkeleg store lementoppane i lemenår har det til dømes gjerne samanheng med at lemen kan yngla under snøen, så klima og snøforhold kan nok ha mykje å seia for lemendynamikken i ulike område.

Til dømes kan plantar reagera på mykje beiting ved å produsera antibeitestoff, og dette kan ha ein tilleggseffekt på byttedyrpopulasjonen.

– Akkurat kva som styrer til dømes lemensyklusane har me dermed ikkje heilt svaret på. Men mest sannsynleg er det ein kombinasjon av ulike faktorar, med rovdyr som ein av dei viktigaste, seier Lee.