Ei sunn sjel i ein passe sunn lekam

Fysisk trening gjer deg mindre deprimert og syter for at du er mindre borte frå arbeidet – også om du elles tilhøyrer dei friske og glade. Men alt med måte!

ill.foto Benedikte Skarvik

ill.foto Benedikte Skarvik

Folkevisdommen veit det. Og forsking på fysisk og psykisk sjuke viser det same: Fysisk fostring er bra mot depresjon og dårleg humør generelt – og høgt sjukefråvær i ein arbeidsstokk kan reduserast med målretta trening.

Men har trening same effekt på norske kvinner og menn som vanlegvis kjenner seg både friske og glade?

Undersøker friske

To separate undersøkingar utført ved Program for rørslevitskap ved NTNU har gjort eit djupdykk i datahavet som Helseundersøkingane i Nord-Trøndelag (HUNT) 1 og 2 byr på. Dermed har dei hatt tilgang på eit stort tal friske menneske – 6661 personar, for å vere presis, med nokolunde lik fordeling mellom kjønna.

Masterstudent Ragnhild Prytz Slettemoen fortel at dei starta ut med heile 20 000 personar i den aktuelle aldersgruppa (20-40 år). Så vart folk som sleit med ulike lidingar, ekskludert – dei med diabetes, hjerte/karsjukdommar, og så bortetter. Også personar som rapporterte om ulike psykiske vanskar, som angst og liknande, vart tekne ut. Det same vart folk som gjekk på ymse former for medikament.

– Målet var å sitje att med den elles friske delen av befolkninga, forklarar Slettemoen.

Moderat er best

Trening kan vere så mykje. Her vart den delt inn i etter tre målestokkar: Kor ofte ein trenar, kor lenge kvar treningsøkt varer, og kor hardt ein trenar. Desse tre er sett saman til ein fysisk aktivitetsskala, med fire nivå: ingen, låg, moderat og høg.

Kva skjer så med dei som trenar? Er det slik at dei som driv med aktiv trening, er mindre deprimerte enn dei som ikkje er aktive – og er det slik at jo meir ein trenar, jo mindre deprimert er ein?

Menn mindre deppa

– Det ser ut til at menn vert mindre deprimert ved låg intensitet på alle tre målestokkane. Det same gjeld moderat intensitet, men her var funna ikkje statistisk signifikante: Det inneber at vi finn ein sannsynleg samanheng, men den er ikkje sterk nok til at vi kan seie at slik er det.

Når det gjeld kvinner, finn vi ein samanheng mellom mindre depresjon og moderat intensitet, fortel Slettemoen.

Passe er best

Med andre ord: Dei som trenar “passe mykje”, er jamt over mindre deprimerte. Når det gjeld dei som trenar verkeleg hardt, finn ein ingen slik samanheng.

Frå anna forsking er det kjent at for somme kan trening bli ein tvang: Høg aktivitet verkar negativt inn på depresjonen, og gjer til at ein kjenner at ein er nøydd til å trene, og trene mykje. Viss ikkje, er dagen øydelagt. Dette vert kalla “overtreningssyndrom”.

Høna og egget

Så er spørsmålet kva som fører til kva når det gjeld trening og depresjon: Er det slik at det er dei mentalt friske og glade som trenar? Eller er det sånn at trening fører til at ein vert mindre deprimert?

Depresjon gir stress Sannsynlegvis er begge resonnementa rette. Men ifølgje Slettemoen er det all grunn til å tru at trening reduserer risikoen for depresjon, så vel som å redusere symptoma på depresjonen dersom den kjem.

– Mitt fokus har vore kva som skjer med vanlege, friske menn og kvinner som trenar. At depresjonane er færre hos dei som trenar i moderate former, fortel at her er det ein klar samanheng.

Å gløyme seg sjølv

Forskarane har ulike forklaringar på korleis trening kan føre til mindre depresjon. Dei nevrobiologiske forklaringane går på at trening aukar tilførselen av oksygen i hjernen, og med det betra hjernefunksjonar:

Ein får fleire nevrotransmittarar, som sender impulsar mellom hjernecellene. Desse nevrotransmittarane er serotonin, dopamin og noradrenalin.

Motsett fører depresjon ofte til auka nivå av stresshormon som svekkar hjerneaktivitetane. Trening hjelper generelt mot stressreaksjonar. Det utløyser også endorfinar – eit nevrokjemisk stoff som minskar smertekjensla og aukar velveret.

Psykologiske forklaringar går på at du gjennom trening “gløymer deg sjølv” og fokuserer på positive opplevingar: Du kjenner at du meistrar aktivitetar og vert meir nøgd; du får auka sjølvkjensle og vert generelt meir nøgd med din eigen kropp. Alle desse tinga betrar på humøret.

Bra mot sjukefråvær

Også når det gjeld sjukefråvær, er fysisk trening eit gode. Det viser eit tilsvarande arbeid som masterstudent Marita Palm Henriksen, også ved Program for rørslevitskap, har utført. Ho har nytta seg av liknande utval frå HUNT 1 og 2, og sett på samanhengar mellom trening og fråvær frå jobben.

Også her er det slik at fråværet går ned ved låg til moderat trening. Men for kvinner går sjukefråværet opp att ved intensiv trening. For menn held fråværet fram med å gå ned.

– Tidlegare studiar har vore uklare når det gjeld samanhengen mellom trening og sjukefråvær, fortel Henriksen.

Trenar mykje – meir på jobb

Undersøkinga hennar viser også ein annan vesentlig samanheng: Folk som har hardt fysisk arbeid og ofte er borte frå jobben grunna sjukdom, trenar lite.

– Det kan vere slik at arbeidstakarar som har eit fysisk krevjande arbeid, kjenner at dei har lite overskot til fysisk aktivitet utanfor arbeidstida. Dessutan trur dei kanskje at jobben gjev god nok trening som det er, og at aktivitet på fritida ikkje trengst, seier Henriksen, og legg til:

– Men det er ikkje sikkert at hardt fysisk arbeid er like bra for helsa som kontrollert trening, og dette kan verke negativt inn på sjukefråveret.