I 1938 fann arkeologane eit skjelett på bunnen av brønnen på Sverresborg i Trondheim, men skjelettet vart ikkje undersøkt den gongen. I 2014 vart skjelettet analysert. Foto: Gerhard Fischer © Riksantikvaren

Liket i brønnen på Steinberget

Liket i brønnen på Sverresborg er knytta til Sverressoga. Men kva står det no eigentleg der?

BORGARKRIGEN: I medierapportar om eit skjelettfunn i brønnen på Sverresborg i Trondheim hausten 2014, vart dette funnet jamleg knytt til ein merknad i Sverressoga om at liket av ein mann vart kasta i denne brønnen i samband med at baglarane kringsette og inntok borga der. Dette skal, etter det sagaen fortel, ha skjedd i året 1197.

Eit avgjerande spørsmål i den samanhengen var då sjølvsagt om skjelettet på noko vis kunne daterast. Dette vart jamleg framheva av arkeologar medan den nye utgravinga gjekk føre seg.

Soga seier at baglarne på slutten av 1100-talet kasta ein birkebeinar i brønnen på Sverresborg. I 2014 gravde arkeologar i brønnen og fant skjelettrestar av ein mann. Foto: Åge Hojem NTNU Vitenskapsmuseet

Soga seier at baglarne på slutten av 1100-talet kasta ein birkebeinar i brønnen på Sverresborg. I 2014 gravde arkeologar i brønnen og fant skjelettrestar av ein mann. Foto: Åge Hojem/NTNU Vitenskapsmuseet

Den 5. november 2014 vart det meldt i Adresseavisen at beina i brunnen er analyserte og kan daterast til 1100-talet. Det kan då vera god grunn til å sjå nærare på kva sagaen eigentleg seier.

I ein vidare samanheng må vi òg kunna stilla spørsmål om funnet og teksten har noko å seia om sagaen som litteratur og som historisk kjelde og i tilfelle kva.

Støypte mann ned i brønnen

Det Sverressoga har å fortelja om eit lik i brønnen på Sverresborg, er i alle fall å finna i kap. 137. Der er det fortalt at baglarane, etter svikefullt spel avtalt med leiaren for mennene på borga, Torstein Kugad, kom seg inn i borganlegget utan å møta motstand og overraska mennene medan dei sat ved kveldsmaten.

Inntrengarane gav borgmennene, som altså var birkebeinarar, grid og dreiv dei  bort ribba for våpen og gods. Baglarane tok alt som var av verdi og brende kvart eit hus på staden.

Og så heiter det slik i sagaen: Þeir tóku einn mann dauðan ok steyptu í brunninn, báru síðan þar á ofan grjót þar til er fullr var – «Dei tok ein død mann og støypte han ned i brønnen, bar deretter stein (og heiv) nedpå til dess brønnen var full.»

«Dei tok ein død mann og støypte han ned i brønnen, bar deretter stein (og heiv) nedpå til dess brønnen var full.»

Før dei skildest påla så baglarane bymennene å bryta ned alle steinvegger i borga til grunnen, og så brende dei alle langskipa til kongen før dei for bort.

Det kan vera grunn til å nemna her at det har vore spekulert over grunnen til at baglarane kasta dette liket i brønnen. Til tider har ein tenkt seg at det «muligens» var for å forgifta vatnet, men etter kvart, og i alle fall i media, har det vore framstilt som sikkert at denne birkebeineren i 1197, som det gjerne heiter, vart kasta i brønnen for å forgifta drikkevatnet. Som vi ser, gir sagaen ingen grunn for handlinga.

Munnleg tradisjon

Korleis skal vi då skjøna det sagateksten her seier, når vi no faktisk har eit datert skjelett på ein åstad som stemmer godt overeins med det teksten fortel?

Kjernen i Sverressogas korte opplysing om mannen i brønnen ser absolutt ut til å vera historisk sanning, sett fram som eit faktum utan hint om kjelde av noko slag. Korleis kunne så sagaforteljaren vita dette, må det vera grunn til å undrast over.

Birkebeinerne ble en elitestyrke. Her Knud Bergsliens berømte maleri der to birkebeinere berger kongssønnen Håkon Håkonsson. Foto: Wikimedia

Birkebeinarane vart ein elitestyrke. Her Knud Bergsliens berømte måleri der to birkebeinarar bergar kongssønnen Håkon Håkonsson. Foto: Wikimedia

Det einaste rimelege svaret på dét, er at det har funnest forholdsvis fersk munnleg tradisjon om hendinga, og at den som sette saman sagaen har hatt tilgang til denne. Dermed får vi både ein aldri så liten gløtt inn i sagaforteljarens litterære verkstad, samstundes som vi har endå eit prov på at munnleg tradisjon kan innehalda handfast historisk sanning.

Sagaforteljarens prosjekt er tydelegvis å formidla historie og må då så gjera ved litterære verkemiddel, der ein del av byggetilfanget då er tradisjon, t.d. som den vi her ser konturane av.

Birkebeinarane får sympatien

Måten den etter alt å dømma historisk sanne opplysinga om liket i brønnen er brukt i sagateksten er det då verdt å sjå litt nærare på.

Som vi ser, er beretninga om den døde mannen i brønnen teken med i framstillinga utan kommentar av noko slag. Dette er nemnt saman med opplysing om (1) at baglarane tok alt gods som var i borga, at dei (2) brende kvart eit hus som var der, og endeleg (3) at dei påla bymennene å bryta alle steinvegger i borga ned til grunnen.

Opplysinga om mannen i brønnen er såleis med som eit fjerde uttrykk for den råskap og vanvørdnad baglarane la for dagen i konfrontasjon med ei underlegen lita gruppe birkebeinarar.

Synsvinkelen er birkebeinaranes og dei har sympatien i framstillinga, slik ei saga om kong Sverre skulle tilseia.

Men altså: Av det stoffet sagalitteraturen legg til grunn for si framstilling, hender det no og då at handfaste prov dukkar opp og stadfester det som er fortalt. Vi kan likevel ikkje slutta av dette at alt sagaen fortel er historisk sanning i moderne forstand, men spennande er det i alle fall.

Jan Ragnar Hagland har vore professor i norrøn filologi ved NTNU.

Først publisert i Spor nummer 2 2014.