Vestlege matvanar gjer indarar sjuke

NYTT PROSJEKT: Kvifor vert så mange unge, indiske IT-arbeidarar sjuke, og kva kan gjerast for å forhindre det?

Psykologiprofessor Geir Arild Espnes fortel til journalist Anne Sliper Midling:

Professor Geir Arild Espnes

Professor Geir Arild Espnes

I indisk IT-industri har folk nesten over natta gått frå å leve på ei handfull ris om dagen, til å ete masse mat frå McDonalds. Fleire studiar viser at indarar tåler den vestlege livsstilen mykje dårlegare enn europearar og amerikanarar. Ein britisk studie viser til dømes at utflytta indarar føder barn med lågare fødselsvekt enn engelske barn, men at fleire av dei indiske ungane ender opp som overvektige. I Vesten har vi levd på ein «fleskediett» i fleire hundreår: Norske tømmerhoggarar jobba hardt og steikte flesk i panna ute i skogen – og italienarane har i lang tid brukt fløyte i pastasausen. Alt tyder på at feit mat er usunt for oss også, men vi i Vesten har gradvis blitt meir og meir vant til å ete masse fett, og ser difor ut til å tåle det betre.

Etter femti år med aukande fattigdom har India nå ein årleg økonomisk vekst på opp mot ti prosent, og har dermed ei av verdas raskast veksande økonomiar. Informasjons- og kommunikasjonsteknologien har spela ei hovudrolle i denne forvandlinga. I 30 år har India forsynt Vesten med IT-baserte tenestar. Nå har landet over halvparten av oversjøisk outsourcing innanfor IKT. I den indiske IT-industrien er det nå stor uro over at altfor mange av arbeidarane får diabetes eller hjerte- og karsjukdomar. Sjukdom hos godt utdanna unge menneske er den største trusselen mot det økonomiske mirakelet i landet, og styresmaktene ønskjer nå å sette inn tiltak for å bremse utviklinga.

«Sjukdom hos godt utdanna unge menneske er den største trusselen mot det økonomiske mirakelet i landet.»

Det er i aukande grad unge folk som blir sjuke. Gjennomsnittsalderen hos ein IT-arbeider er 29 år, og 70 prosent er menn. Når ein er ung, er det lett å tenke at ein er usårleg. Då er ein ikkje så oppteken av dei gode grunnsteinane ein må leggje for å ha god helse. Leiarar i IT-industrien seier at mykje festing, usunn mat, gambling og tøff turnus er blant årsakene til dårleg helse. Indisk IT-industri yter service til bedrifter i alle verdsdelar, og ein tilsett må derfor være vaken når dei han skal hjelpe, er vakne – sjølv om det er midt på natta i India. Mange av arbeidarane bor også i hybelhus eller gettoar langt unna kone og familie. Dette er folk som på veldig kort tid har skifta livsstil totalt.

Folk frå vårt senter har vore på to reiser til India; fleire frå NTNU har hatt møte med indiske IT-leiarar; og vi fekk besøk av indiske forskarar til ein workshop under arrangementet India 2011. Nå jobbar vi med å beskrive framtidige fasar og mål i prosjektet, slik at vi kan søke ytterlegare finansiering hos norske og internasjonale organisasjonar. Dette skal være klart før februar 2012. Dette prosjektet er enormt mykje større enn noko vi har arbeidd med før, så vi prøver å ete ein liten del av elefanten om gongen. Det tek tid å bli kjend med den indiske kulturen. Det er for eksempel vanskelegare å få arbeidstakarar i India til å svare på spørsmål enn det er i Noreg, blant anna fordi indarar er redde for at sjefen skal få nyss om kva dei har svart.

Det viktigaste vi kan bidra med, er kunnskap – både om kva som fremjar god helse, og korleis ein skal samle inn data på eit vitskapeleg haldbart vis. Vi skal samle inn data gjennom både store kvantitative undersøkingar og fokusgruppeintervju. Så får vi sjå kva vi finn, før vi kjem med forslag til aktuelle tiltak. Det er mange land i verda som kjem til å få ei oppblomstring av sjukdom som følgje av aukande vestleg livsstil. Vi leiter difor også etter årsaker og tiltak som kan overførast til andre land.

Anne Sliper Midling