Sjukmeldt, men aktiv

Sju av ti som gjekk på aktiv sjukmelding, gjorde like mykje som før.

INKLUDERT: Eit inkluderande arbeidsliv kan bli så inkluderande at den sjukmelde ikkje får seg til å halde seg heime. Illustrasjon: Mads Nordtvedt

INKLUDERT: Eit inkluderande arbeidsliv kan bli så inkluderande at den sjukmelde ikkje får seg til å halde seg heime.
Illustrasjon: Mads Nordtvedt

Ei aktiv sjukmelding kan gjere pasienten meir aktiv enn meininga kanskje var. Det viser ei undersøking frå Oppdal kommune i Sør-Trøndelag, der hovudfagstudent Britt Karin Støen Utvær har granska korleis denne sjukmeldingsordninga har fungert. Ho fann at at eit fleirtal av dei aktivt sjukmeldte gjorde akkurat like mykje arbeid som før. Dessuten at det i over halvparten av tilfella ikkje vart leigd inn vikar for å erstatte den sjukmeldte medarbeidaren. Også førsteamanuensis Geir Arild Espnes og stipendiat Siw Tone Innstrand har tatt del i undersøkinga.

INKLUDERANDE ARBEIDSLIV

Ordninga med aktiv sjukmelding var ein del av tiltaket «Inkluderande arbeidsliv» (IA). IA vart innført i 2003 og hadde til mål å få ned sjukefråveret. IA skulle gjere det mogleg for tilsette å halde kontakten med arbeidsplassen, jamvel om dei var sjukmeldte. Der den sjukmeldte hadde helse til ein avgrensa innsats, skulle arbeidstakar og arbeidsgjevar avtale kor stor denne skulle vere. Slik ville den sjukmeldte unngå å bli passivisert, og kome attende i full jobb tidlegare enn elles. Slik var tanken. Derfor hadde Rikstrygdeverket som mål for året 2003 å auke bruken av aktiv sjukmelding med førti prosent. Året etter vart bremsene sett på.

– Ordninga viste seg å vere svært lukrativ for arbeidsgjevarane, men spørsmålet var om føresetnadene for bruken, sett frå arbeidstakarane si side, vart oppfylt, seier Utvær.

INGEN VIKARAR

«Det føles lite OK å ikke være i form, men synes en må på arbeid, for elles blir det for mye på de andre.» Sitatet er henta frå rapporten, og peiker på eit alvorleg problem mange sjukmeldte kjente på: Det vart i liten grad leigd inn vikarar for å dekke opp for dei, og det førte til at om lag sju av ti utførte dei same arbeidsoppgåvene som dei gjorde då dei var i ordinær jobb.

– Dette var lovleg på det tidspunkt undersøkinga vart utført (før 1. juli i fjor), men viser kor lukrativ ordninga har vore. Dette har mellom andre professor i ålmennmedisin, Steinar Westin, peikt på tidlegare, seier Støen. Sjølve kjernen i IA-ordninga var at dialogen mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar skulle bli betre. Slik vart det ikkje.

– Eg fann inga skilnad i dialog mellom IA-verksemder og andre, seier Utvær. Ho fann også at i tjue prosent av tilfella hadde ikkje arbeidsgjevaren sytt for å utarbeide ei skriftleg avtale, slik føresetnaden var.

MISLYKKA?

Undersøkinga avslørte ein skilnad mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar i synet på om vilkåra for aktiv sjukmelding vart oppfylte. Leiarane meinte at kriteria var fylt, medan dei tilsette opplevde manglar her, og at ingen tok ansvar. Britt Karin Støen Utvær vil likevel ikkje konkludere med at ordninga med aktiv sjukmelding har vore mislykka.

– Mange av dei som har nytta ordninga, har positive opplevingar med den, sjølv om føresetnadane ikkje har vore følgd, seier ho. Etter at Rikstrygdeverket bremsa på bruken av aktiv sjukmelding, er det blitt slik at legen først skal vurdere gradert sjukmelding, som klart regulerer kor mykje den sjukmeldte skal arbeide.

Av Tore Oksholen