Ei anna sanning om Edda

Håvamål, Voluspå og Skirnismål. Sunt bondevett og heidenske myter. Skrivne av fleire og samla av ein. Det har vore sanninga om Den eldre Edda. Mai Berg har funne ei anna sanning.

– Dette er ein person sitt verk, slår Mai Berg fast og legg handa på ei utgåve av dei mest kjende gudedikta frå norrøn tid. – Og det er noe langt meir enn ei overlevering av primitive myter, eller ei samling husråd. Bak bondevettet og gudesogene finn vi noe mykje djupare: ein forfattar sine refleksjonar over det å vere menneske og kunstnar, frå kristen tid. Så klokt og vakkert skrive, og så spennande ei tenking. Den eldre Edda er eit stykke genial verdslitteratur og ei gåve til menneska!

Mai Berg er litteraturforskar. Tidlegare Edda-forsking har for det meste vore driven av språkvitarar. Berg har studert verket som poetisk komposisjon. I november disputerte ho for doktorgraden ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap, NTNU – og trur sjølv at ho i avhandlinga si tråkkar mange norrønforskarar på tærne.

Kjende soger

Då den islandske biskopen Brynjólfur Sveinsson fekk hand om den vesle skinnboka i 1643, trudde han at ho var skrive av den berømte Sæmund den frode (kloke). Denne Sæmund levde frå 1056 til 1133, og var den første islandske, og kanskje første nordiske, studenten i Paris.

Men tidas vitskapsmenn kom til eit anna resultat: Dikta var nok samla, redigerte og skrivne ned av ein person, men var mange ukjende forfattarar sitt verk – kanskje frå ulike hundreår, slo dei fast.

Dei var dessutan samde om at dikta var overleveringar av primitive, heidenske myter – slike som hadde gått på folkemunne i generasjonar før dei omsider blei nedskrivne. For her finst alle dei kjende sogene om Odin og Tor og Balder og Frøy. Her finst den heidenske framstillinga av Skapinga og dei første menneska på Jorda. Her finst óg reglar for god folkeskikk, og praktisk livsvisdom.

Dette er synspunkt som har stått relativt urokka i meir enn 300 år. Mai Berg er usamd i dei fleste av dei.

Ein manns klo

– Kven det no var som skreiv dikta: Eg merker forfattarkloa frå første til siste strofe. Eg ser det ikkje berre på språkføringa og symbolbruken, men óg på korleis dikta heng saman gjennom heile verket. Det er ein syklus der dei einskilde dikta tek opp att tema frå dei andre og nærmar seg dei på nytt frå ei rekke kantar. Det er både metapoetiske refleksjonar, refleksjonar omkring den kunstarlege verksemda, og eksistensielle spørsmål, som blir behandla gjennom heile syklusen – og dikta kjem for kvart dikt nærare ei erkjenning og ei forløysing. I den aller siste strofa i Alvissmål finn vi att tonen og temaet frå ei av dei første strofene i Voluspå, seier Berg.

På veg mot lyset

Når sola i Voluspå …slo høgre handi / om himmelhestar, og når Sol ikkje visste / kvar salar ho åtte, så er ikkje det først og fremst ei heidensk framstilling av Skaparverket, slik dei fleste vil ha det til. Det er ein visjon om det ideelle, der mennesket har kome fram til erkjenning. Sola er søkinga etter lys og innsikt, og salane eit bilete på ein tilstand, er Berg overtydd om.

Og når Alvissmål i siste strofe seier at No skin sol i salar, så knyter det seg direkte til Voluspå. Dvergen Alviss – bleik og med dødsstempel i panna – kjem opp frå det uforløyste mørkret under ein stein. Han vil eige den snøkvite møya, seier han til guden Tor. Eit løfte, som er omtalt i diktet Skirnismål, skal innfriast. Tor krev at Alviss skal ramse opp kva alle mogelege ting og fenomen blir kalla hos menneske og jotnar og alvar og vetter og vaner. Mens dvergen gjer dette, renn sola, og vegen ned under steinen blir stengt for alltid. Alviss er dømd til eit liv i solskin.

– Den vanlige oppfatninga er at Tor lurer Alviss og at dette er ein tragisk slutt. Eg tolkar det motsett: Alviss når erkjenning og jordisk lykke. Han vinn møya, både på det sanselege og på det åndelege planet. Diktet er ein utruleg demonstrasjon av korleis poesien framstiller ulike fenomen frå ulike ståstader. Vi får vite kor samansett eit menneske er. Og at det endelege målet for eit menneske er å nå til overflata, seier litteraturvitaren.

Eld, vatn og vett

Bruk auga vel / før inn du går / i kott og krok, lyder åpninga av Håvamål. Eld treng han / som inn er komen, les vi vidare, og: Vatn og handduk / han ventar å få / når til bords han vert beden. Og ikkje minst: Vett treng den / som vidt skal fare.

Praktisk livsvisdom? Ja visst. Men nok ein gong: – Det ligg ei anna meining under. I den første strofa har vi ein terskelsituasjon. Du skal inn i noe ukjent, sjå deg godt for! Mennesket kan ikkje i førstninga skilje mellom godt og vondt. Elden og vatnet er kjende symbol: brannen og reinsninga. Vettet trengs når mennesket søker vegen sin, men skal vi nå erkjenninga, trengs óg erfaring. Håvamål tumlar med heilt eksistensielle ting, held Berg fram.

Lærd og kristen

Akkurat når Den eldre Edda blei skriven, er forskaren varsam med å meine noe om. Men at verket blei til i ein kristen tradisjon, er ho ikkje i tvil om. Det er dei europeiske åndstradisjonane frå tidleg middelalder som pregar dikta.

– Dette kan ikkje vere ein heidensk tekst. Denne poetiske “tenkinga” om mennesket er etterkristen, men samstundes original. Dikta handlar om kampen mellom det gode og det vonde, mellom det sanselege og det åndelege. Figurane er heidenske, men dei representerer ein tankegang og menneskesyn som kom med kristendommen. Odin er ingen primitiv krigsgud i diktsyklusen, han er eit bilete på det ideelle. Det dreier seg om ein umåteleg drift etter sanning, og at vi ikkje kjem unna kamp og undergang før vi når målet. Dette at vi må gjennom ei reinsing før vi kan bli fødde på nytt, er ein kristen tanke, seier Berg.

Ho er heller ikkje i tvil om at forfattaren, i tillegg til å eige stor menneskeleg innsikt, var ein lærd person: – Her finst eit bilete- og symbolspråk som skaper forestillingar beslekta med tankar vi kjenner både frå europeisk mellomalder og frå gresk antikk. Forfattaren har hatt svært god kjennskap til gammal, europeisk kultur. Kan det ikkje derfor godt ha vore Sæmund den frode som skreiv Den eldre Edda ein gong på 1100-talet, spør Mai Berg.

Tekst: Lisa Olstad