Sjukleg presisjonsnivå

Det var eigentleg berre ein helt uskuldig fiskemiddag. Laks, for å vera presis. Steikt. Lagt på ei seng av risotto med squash og gul paprika. Med sautert spinat som eit lite laken mellom den italienske rissenga (som strengt tatt var laga av Ming grautris, som er nett like god til risotto som den som heiter risottoris) og den steikte fisken.

Om fakta og sånn

– Ja, ja. Du skal kvitta deg med kunnskapen, skjønar eg. Haha!
Den hyggelege bergensaren ler høgt og breitt, slik at alle som er på Fretex denne dagen, kan snu seg og sjå sjølv.

Kom ikkje med havet

Ein dag troppa eg og ein fjernsynsfotograf opp hjå ein professor i geografi og ville vita kvar Nord-Europa ligg. Me hadde funne ut at denne geografiske definisjonen er ganske uklar for dei fleste av oss, og difor hadde eksperten lova å gi oss fasiten.

Rapport frå ei opplyst tid

Me lever ei opplyst tid. Og det er fint. Det verkar mykje kjekkare å leva i ei opplyst tid, enn i ei uopplyst tid. Det er i alle fall min fyrste tanke. Og eg håpar ikkje at eg kjem fram til noko anna i løpet av denne teksten.