Rapport frå ei opplyst tid

  • Av
    Publisert 25.02.09
    Gjesteskribent i Gemini i 2009

Me lever ei opplyst tid. Og det er fint. Det verkar mykje kjekkare å leva i ei opplyst tid, enn i ei uopplyst tid. Det er i alle fall min fyrste tanke. Og eg håpar ikkje at eg kjem fram til noko anna i løpet av denne teksten.

 Men kven veit. Tekstar lever jo sitt eige liv. Det har eg lese i forfattarintervju. Ikkje før har forfattaren sett seg ned ved tastaturet, før hovudpersonen har gjort noko aldeles uventa, som for eksempel å drepe kona si, og forfattaren må snu opp ned på alle planar og konklusjonar. Er det rart forfattarar drikk?

No vel, eg er ikkje meir genial eller full enn at eg er fullstendig klar over kva eg skriv i neste setning: Eg er ikkje heilt sikker på når den opplyste tida starta. Men før år 1600 var det neppe.

Det året vart jo Giordano Bruno brent på bålet fordi han sa noko så hårreisande som at jorda ikkje var verdas midtpunkt, men krinsa rundt sola, og dessutan var universet uendeleg.

På den andre sida kan ein jo kanskje seia at opplysningstida starta med Bruno, sidan det han sa, jo var korrekt. Men det er som kjent lett å vera etterpåklok.

Etter Bruno på bålet kom det jo faktisk ei eiga tid for opplysning. Opplysningstida. Den gjekk frå om lag 1690 til 1800. Det betyr ikkje at folk slutta å la seg opplysa når den tok slutt, det betyr berre at det fans ei tid då dette med opplysning kom meir på moten enn det hadde vore.

Og til slutt sat me vel der med så mange opplysningar at det kjendest heilt naturleg å berre slå det fast, at me lever i ei opplyst tid.

Og etter opplysningstida gjekk det vel streng tatt slag i slag. Den eine forskaren etter den andre gav oss den eine nye opplysninga etter den andre. Og til slutt sat me vel der med så mange opplysningar at det kjendest heilt naturleg å berre slå det fast, at me lever i ei opplyst tid.

Men det som slår ein som eit paradoksalt trekk med vår opplyste tid, er vår fantastiske evne til å leva som uopplyst. Å leva som uopplyst kan illustrerast enkelt med eksempelet røyking. Før, då ein ikkje viste at røyking var skadeleg, kunne ein ikkje påstå at folk levde som uopplyste om dei tende seg ein røyk, dei var uopplyste. I dag er folk opplyste om røykingas dødelege helseeffekt, og dei få som enno tenner seg ein sig, gjer det til tross for alt det dei veit. Dei er opplyste, men lever som uopplyste.

Me har faktisk slept ut meir CO2 etter at me fekk vita kor farleg det er å sleppa ut CO2, enn før me fekk vita kor farleg det er.

Røyking er eit ikkje-problem samanlikna med den globale temperaturstiginga. Og ein skulle tru at vår evne til å leva som uopplyste ville bli svekka med tanke på konsekvensane. Men bank i bordet. Me greier det. Me lever som uopplyste, ingen tvil om det. Me har faktisk slept ut meir CO2 etter at me fekk vita kor farleg det er å sleppa ut CO2, enn før me fekk vita kor farleg det er. Utruleg, men sant.

Det fins berre ei god forklaring på dette paradokset. Den umettelege opplysningstørsten.

Sjølv om me i dag veit meir enn nok, fins det fleire opplysningar og ventar på oss der ute. Og sidan det heilt opplagt er kjekkare å bli opplyst enn å handla, opplever me at statsministeren sjølv reiser av garde til arktiske strok, for å bli endå meir opplyst. Det same gjer Nordens kongebarn, som flyr til Svalbard for å bli meir opplyste. Og i mellomtida er alt som før.

Og det gir sjølvsagt ei meining, dette. Å handla no betyr farvel til opplysningar me kunne fått.

Trøysta er sjølvsagt at det blir det mest opplyste helvete verda nokon gong har sett.

Dilemmaet er soleklart. Reagerer me på bakgrunn av dei opplysningane me alt har, avskjerer me oss frå moglegheitene til å få endå meir eksakte, unike og dritspennande opplysningar om den kommande katastrofen. Men dersom me let den kommande katastrofen rykka endå nærmare i påvente av desse dritspennande opplysningane, blir konsekvensen nokså sikkert eit helvete på jord.

Trøysta er sjølvsagt at det blir det mest opplyste helvete verda nokon gong har sett.

Sjølv kan eg trøysta meg med at slik denne teksten faktisk utvikla seg, kan eg trygt kallast forfattar. Dermed kan eg møte det opplyste helvetet med ei flaske brandy i handa, og det er då alltids noko.