Kom ikkje med havet

  • Av
    Publisert 27.05.09
    Gjesteskribent i Gemini i 2009

Ein dag troppa eg og ein fjernsynsfotograf opp hjå ein professor i geografi og ville vita kvar Nord-Europa ligg. Me hadde funne ut at denne geografiske definisjonen er ganske uklar for dei fleste av oss, og difor hadde eksperten lova å gi oss fasiten.

Men då me kom, hadde eksperten tenkt nytt, og ville heller snakka om ukjente særtrekk ved geografien i Drammensområdet, samt gi oss ei generell innføring i geografiens eigentlege vesen, og dessutan retta ein grunngitt kritikk til spørsmål av typen kor djupt er Hornindalsvatnet? Når ein heller bør spørja kvifor er Hornindalsvatnet så djupt? (Og det har han jo sikkert rett i.)

Me vart nokså paffe, min kollega og eg, men lang tids røynsle med pil og boge har lært oss at ein time som mikrofonstativ for eit foredrag me ikkje kan bruka, ofte må til. Sånn er det. For før eller sidan føler jamvel dei mest kunnskapsrike at dei har fått snakka ut, og då er det på tide å setta i gang.

Kall det gjerne brotstykke, det journalistikken serverer, men kva i denne verda er ikkje eit brotstykke når alt kjem til alt?

Og heilt riktig. Etter vel ein times opptak som dreidde 180 grader vekk frå temaet, fekk me endeleg vår avtalte samtale om Nord-Europa. Ein liten drope i det store geografihavet, så klart, ein promille av vår ekspert sin kunnskap. Men det var no eingong den dropen me trong, denne gongen. Det me definitivt ikkje trong, var å bli to timar forseinka til vår neste avtale, men som sagt, me er nokså herda.

For geografen er berre ein av mange eg har møtt, som veit veldig mykje, og som gjerne vil fortelja alt. Og eg seier ikkje noko på det. Kven vil ikkje utnytta nærveret av ein mikrofon til beste for fagfeltet og folkeopplysninga? Det er heilt forståeleg, det er jamvel sympatisk, men akk så forgjeves – for alle partar.

Di meir eksperten fortel journalisten, di meir må journalisten redigera vekk det eksperten fortel. Det er journalistikkens lov, og den er like vasstett som den til Arkimedes.

Misforstå meg rett. Personleg likar eg godt å få vite ting eg ikkje veit. Og for min del kunne eg gjerne ha kringkasta alt som kjem inn i opptakaren. Men eg veit eg aldri ville fått det på. Realitetane er harde:

Di meir eksperten fortel journalisten, di meir må journalisten redigera vekk det eksperten fortel. Det er journalistikkens lov, og den er like vasstett som den til Arkimedes.

Kall det gjerne brotstykke, det journalistikken serverer, men kva i denne verda er ikkje eit brotstykke når alt kjem til alt? Er ikkje den store avhandlinga også eit brotstykke i den store samanhengen? Og dessutan: Eit brotstykke kan vera både opplysande og medrivande, det er opp til både eksperten og journalisten. Og hadde eg vore ekspert, ville eg sytt for å ikkje overlata den jobben til journalisten åleine.

Men korleis skal eg få sagt dette om redigeringas velsigning og essensens gjennomslagskraft på ein ubrautande og uprovoserande måte, fjernt frå den evige debatten om journalistikkens ibuande fordumming? Korleis skal eg gi trøyst og kveik til ein forskar som ser forskingsrapporten sin på 200 sider bli kokt ned til ei einaste lita avisside? Eller til ei einaste setning i ei nyheitssak på radio? Kan eg trøysta dykk alle med eit dikt? Ja, eg trur faktisk det!

Det fins nemleg eit dikt om redigering og sjølvsensur. Eit dikt om å ikkje prøva å femna alt, men litt, slik at det vert handgripeleg og overkommeleg og vakkert! Slik likar i alle fall eg å tolka det, og slik finn eg trøyst i det, i mi daglege skjering til beinet.

Diktaren er Olav H. Hauge. Og på mine traktar er det ei vedteken sanning at det fins ikkje rikare kjelde til ålmenn visdom enn dikta og livet hans. Han var den kloke, sjølvlærte verdsborgaren som aldri drog ut i verda, men som gjekk mellom epletrea i Hardanger og fanga sjølve livet i korte einstava hugg, eller i storslåtte poetiske vers.

Av alt Hauge har skrive, har eg sikkert lese mindre enn fem prosent. Men det vesle eg kan, er nok til å gjera meg litt klokare. Eg treng ikkje alle dikta hans, eg treng berre nokre og stundom berre dette:

Kom ikkje med heile sanningi,

kom ikkje med havet for min torste,

kom ikkje med himmelen når eg bed um ljos,

men kom med ein glimt, ei dogg, eit fjom,

slik fuglane ber med seg vassdropar frå lauget

og vinden eit korn av salt.

Og til alle realistar som tykte dette var eit meiningslaust poetisk svermeri, her kjem fasiten til vår ekspert. Nord-Europa er:

Island, Danmark m/Færøyane, Noreg, Sverige, Estland, Latvia, Litauen og Finland. For berre så det er sagt, han fekk komma med heile Nord-Europa.