Om fakta og sånn

  • Av
    Publisert 16.09.09
    Gjesteskribent i Gemini i 2009

– Ja, ja. Du skal kvitta deg med kunnskapen, skjønar eg. Haha!
Den hyggelege bergensaren ler høgt og breitt, slik at alle som er på Fretex denne dagen, kan snu seg og sjå sjølv.

Sjå ho som kvittar seg med all kunnskapen, som kjenner seg så trygg og klok at ho rett og slett overlet all denne viten til nokon som treng den meir enn henne. Snakk om hovmod. Tungt er det òg. To personar, to fjellsekkar og to plastposar. Fyrst då får du med deg femten bind Store norske leksikon i ei vending. Eg deiser sekkane ned på golvet med eit dunk.

– Ver så god. Eg har brukt fem år på å bestemma meg. Men no får du dei.

– Så fint, da. Bare stable dem her, du, seier dama bak disken og ekspederer vidare.

Kunnskapen vart kjøpt på avbetaling over tre år. Det stod ei dame med stort salgstalent utanfor klasserommet på journalisthøgskulen på Skøyen hausten i 1988. Ho sa at journalistkarrieren mi stod og fall med det ho kunne tilby, det beste norske leksikonverket nokosinne. Fakta, det er det folk vil ha, og det er det journalistikken handlar om sa ho, fakta og atter fakta.

Det fins ikkje fakta. Det ser berre slik ut.

Eg slukte agnet med snøre og snelle. Kven søren vil risikera ein karriere som ikkje eingong har byrja?

Etter tre år var det mitt til odel og eige. Og eg har aldri angra. Men den utlegninga om faktas fortreffelegheit kunne ho spart seg. Eg trur ikkje på det lenger. For mykje faktasøking har gjort meg desillusjonert. Det fins ikkje fakta. Det ser berre slik ut.

Det ser berre slik ut når Vegvesenet skriv om M/F Svelviksund: «Den er spesialbygget i såkalla isklasse A på grunn av spesielle maritime forhold.» Ei artig opplysning, må vite. Ferjeturen over Svelviksund i Drammensfjorden tek berre fem minuttar, og likevel har ferja isklasse A! Fin kuriosa, og det står overalt når du fyrst byrjar å sjå etter Svelvikferja. Men det er ikkje fakta.

Tek du ein telefon til sjefen i reiarlaget, er han klinkande klar. Ingen isklasse A der i gården. Aldri vore det. Men jau då, alle trur det. Vegvesenet også. Og jau då, ferja kunne nok trengt A-klasse av og til, for det legg seg is i Drammensfjorden om vinteren, og straumen er sterk i Svelviksundet, fortel han.

«Eitt tonn Store norske er ikkje meir verdt enn eit vektlaust internett.»

Og dette kan du også lese mange stader, at straumen i Svelviksundet faktisk er nest sterkast i landet. Denne setninga er henta frå NRK Østafjells: «Strømmen i Svelviksundet er nest sterkest i landet. Bare Saltstraumen i Nordland har vanskeligere forhold.»

Men det er ikkje fakta. Det ser berre slik ut. For det som er fakta, er at Statens sjøkartverk aldri har målt straumen i Svelviksundet. Og sjølv om den til tider er sterk, er den neppe nest sterkast i landet, seier dei der. Men kva veit dei om det? Dei har jo aldri målt!

Og kva skal ein stakkar tru når det gjeld norske steinurer? Ikkje før har ein lese i ein telemarkspublikasjon at Urdbøurdi i Vinje er Nord-Europas største steinur, før Wikipedia hukar fatt i deg og skriv at Nord-Europas største steinur er Gloppedalsura, i Gjesdal. Men i steinurland kan alt gå an, for på heimesida til Dyrøy kommune i Troms er det ura i Gumpedalen som er den største. Eg tullar ikkje. Det er fakta!

Men var det ikkje nettopp dette seljardama ville berga meg frå, då? Faktakaoset der ute. Var det ikkje her leksikonet skulle skjera igjennom med femten binds tyngde? Greitt at det ikkje er oppdatert som eit internett, men det som står der, er tross alt sant!

Men eg trur ikkje det er slik. Kvifor skulle leksikonskrivaren ha navigert betre enn alle andre? Det er jo leksikonet sin feil at me enno trur at nordmannen Johan Vaaler fann opp bindersen. Hadde det ikkje komme inn der på femtitalet, ville aldri (orsak, neppe) ein slik opplagt faktafeil fått slå rot i ein heil nasjon.

Nei, det fins ikkje fakta. Det ser berre slik ut. Og eitt tonn Store norske er ikkje meir verdt enn eit vektlaust internett.

Det er slik eg står og tenkjer. For å greia å skilja meg av med mitt største kunnskapsløft i livet.

– Gode greier, seier dama på Fretex, idet eg går ut att. – Disse verkene selger vi alltid ut igjen med én gang.

– Er det sant? spør eg.

– Fakta det, du, seier ho, og ekspederer vidare.