Digitaliseringa vil truleg halde fram i ei eller anna form også etter pandemien. Kanskje kan den bidra til ei auka merksemd kring kva den enkelte treng for å oppretthalde konsentrasjon og fokus og optimalisere læring og prestasjon? skriver kronikkforfatterne. Foto: Shutterstock

Tid for pauseprat!

«Skal vi droppe pausen og heller avslutte litt tidlegare?» spør møteleiaren, og får eit par svake nikk til svar. Det ender med at møtet varer enno lenger enn det skulle, og pausen, den vart du snytt for.

Gjennom det siste året har seminarrom, konferansesalar og møterom blitt bytta ut med benken under trappa i kjellaren, den vesle fliken av barnerommet, kjøkkenbordet eller, for den heldige, eit eige rom som heilt og fullt er via heimekontoret.

Har du vore med på digitale samlingar som strekk seg over timar, kanskje heile dagar, men kor det ikkje leggast opp til små og store avbrekk mellom slaga?

«De får ta pause når de vil», seier møteleiaren din kanskje. Folk går litt til og frå, held på med litt ulike ting på sidelinja og til slutt er det i beste fall berre møteleiaren sjølv som er engasjert i det møtet eigentleg skulle handle om.

Skuletimen og klokketimen

Då vi gjekk på barneskulen lærte vi tidleg skilnaden på ein «skuletime» og ein «klokketime», og autoriteten til den skingrande lyden frå skuleklokka sto over både lærar og rektor.

Vi heiv på oss jakka og fauk ut i skulegarden og sprang, hoppa og spratt. Framleis er skuledagen organisert ut frå prinsippet om variasjon, og veksling mellom «arbeidsøkter» og pausar gjennom dagen.

Men kva med oss vaksne? Har vi mindre behov for pausar?

Pausar for auka sikkerheit, inspirasjon og produktivitet? 

Forsking har vist oss at evna til å fokusere fullt og heilt på ein aktivitet er avgrensa også for oss vaksne.

Mellom anna viste eit australsk eksperiment med simulert overvåking av jernbanetrafikk at dei som fekk ein pause på 5 minutt mellom dei to 20 minutt lange, intensive øktene, heldt seg meir skjerpa og dermed presterte betre enn dei som ikkje fekk det.

Han sette klokka på nedteljing på 25 minutt og bestemte seg for kva han skulle jobbe med fram til den ringde til pause.

Her sto omsynet til sikkerheit på spel, men kanskje vil ein gjennomtenkt bruk av pausar òg kunne bidra til meir inspirasjon, arbeidsglede, utvikling og produktivitet på arbeidsplassar og studiestader rundt om kring?

Tomaten som tok knekken på prokrastinering og ineffektivitet

I 1992 greip den italienske studenten Francesco Cirillo etter kjøken-uret for å jobbe meir effektivt med studia.

Han sette klokka på nedteljing på 25 minutt og bestemte seg for kva han skulle jobbe med fram til den ringde til pause. Cirillo sitt ur var utforma som ein tomat («pomodoro» på italiensk) og dermed har den etter kvart berømte studieteknikken fått namnet «Pomodoro-teknikken».

Dette er Pomodoro-metoden

Kort oppsummert:

  1. En «pomodoro-periode» er på 25 minutter.
  2. I denne perioden skal du bare jobbe med en enkelt oppgave. Du skal ikke sjekke e-post, ta telefonen eller surfe innom nettaviser.
  3. Når en Pomodoro er ferdig skal du alltid ta deg en liten pause på 5-10 minutter. Stryk ut fra listen oppgaven(e) du har gjort.
  4. For hver fjerde Pomodoro tar du en lengre pause på 30 minutter.

Kilde: Wikipedia

Smarte app-utviklarar har materialisert ein liknande idé gjennom appen «Hold». Den løner studentar og andre som klarer å la mobilen ligge når dei skal fokusere på pensumlesing eller andre oppgåver.

Med vidareutdanning og matpakke på fjelltur 

I ein studie av eit digitalt kurs fann vi at deltakarane brukte den lange lunsjpausen midt på dagen på ulike vis.

Ein kursdeltakar som sat på hytta tok med matpakken og gjekk ein tur på fjellet. Dette vart så verdifullt for henne at ho bestemte seg for at når ho ein dag kunne kome tilbake til kontoret, ville ho halde fram med å bruke lunsjpausen til å gå ein tur.

For nokon var det godt å få lage sin eigen mat i fred og ro i heimen, og det vart bakt bollar, jogga og sett på vaskemaskiner. Nokre brukte pausane til å «ta unna» e-postar slik at ting ikkje hopa seg opp på jobb medan dei var på kurs.

Kanskje kan pausen for nokon føre til at ein mistar tråden og ikkje klarer å kople seg på igjen i diskusjonen etterpå?

Slik unngjekk dei å bruke kveldane til jobb. Mange gav uttrykk for at det var naudsynt med pausar for å halde konsentrasjon og fokus oppe gjennom 4 kursdagar.

Fleire meinte pausane bidrog til at dei fekk prosessert det dei hadde lært.

Behovet for personlege pausestrategiar

Der kor ein på eit fysisk kurs ville ha brukt pausane til ein prat over kaffekoppen eller til å gå i flokk til kantina og ete lunsj saman, vart det no opp til kvar enkelt å gi innhald til pausen.

Det ser altså ut til at behovet for personlege strategiar blir tydeleg for at den digitale pausen skal bli verdifull for den enkelte.

Digitaliseringa vil truleg halde fram i ei eller anna form også etter pandemien. Kanskje kan den bidra til ei auka merksemd kring kva den enkelte treng for å oppretthalde konsentrasjon og fokus og optimalisere læring og prestasjon?

Er pausen løysinga for alle – i alle samanhengar? 

Vi skal ikkje hevde at hyppige eller lange pausar er løysinga for alle til ei kvar tid og i ein kvar samanheng. I situasjonar kor ein har akkurat den kompetansen ein treng til å meistre utfordringane ein står overfor, kan ein bli så oppslukt at ein gløymer tid og stad og fortrenger både svolt og tørst, ifølge teorien om flyt .

Ein kan sjå for seg kunstnaren i atelieret, oppglødd av endeleg å ha kome til det forløysande punktet – ho kan ikkje stoppe før maleriet er ferdig! Det er som om ho rir på ei bølge av inspirasjon og engasjement, ho blir drive av ei indre, men likevel nesten overjordisk kraft.

Kanskje kan pausen for nokon føre til at ein mistar tråden og ikkje klarer å kople seg på igjen i diskusjonen etterpå?

Vi vil likevel oppmode møteleiarar, undervisarar og andre som styrer møter, førelesingar og andre treff i den digitale samanhengen til å tenke gjennom og snakke med medarbeidarar og studentar om kva tyding pausen kan ha.

Det er gode grunnar til å tru at fleire og hyppigare pausar kan bidra til meir energiske, fokuserte og inspirerte undervisningstimar og møter i tida som ligg framfor oss.

Men når du no har lese deg gjennom heile denne teksten er det kanskje på tide med ein liten pause?

Kronikken har også blitt publisert i Adresseavisen.