Finn proppen

Ein trykkpuls gjennom røyrleidningen finn kor proppane sit, og oljeselskapa sparer store beløp.

Stadig meir av oljeutvinninga skjer på havets botn. Det gjer det vanskelegare å kome til med vedlikehald og reparasjon når installasjonar og leidningar ikkje fungerer som dei skal.

Trykkpulsmetoden er namnet på ein ny – utvikla teknikk som finn voksavleiringar i oljerøyrleidningar på havbotnen. Han er patentert og utvikla ved NTNU.

ROBOT I RØYR – Voksavleiringane er for tida det største uløyste problemet innan undervatns oljeproduksjon. Olja som vert sendt frå plattforma, vert nemleg kjølt ned når den passerer gjennom røret på havbotnen og legg att restar langs innsida i leidningane.

Når gjennomstrøyminga går treigt, må ein i dag stenge desse røyra, og sende inn robotar som høvlar seg veg gjennom.

Desse robotane køyrer seg av og til fast, fordi dei støyter på for store fortettingar. Då vert operatøren nøydd til å stenge av røyrleidningen og reversere trykket slik at ein får støytt ut roboten. Andre gongar tilbakelegg den lange strekk før operatøren finn noko å ta fatt på. I begge høve går mykje tid med til dette.

I oljebransjen er tid pengar, og tapt produksjonstid kan fort bli ein svært kostbar affære. Om ei plattform vert stengt av i lengre tider – i verste fall fleire månader – som følgje av at oljeleidninga er kopla ut, snakkar vi om kostnader på 10-100 millionar kroner.

VASSHAMMAR Professor Jon Steinar Gudmundsson, som har utvikla trykkpulsmetoden, forklarer at han kom på sporet av han etter å ha observert avstengingar av jordvarme – brønnar på Island.

– Når ein slik brønn vert stengd av kjapt ved hjelp av trykkventilar, såg eg at ein trykkbølgje vart skapt. Eg såg at denne pulsen kunne brukast til noko konstruktivt, forklarer professor Gudmundsson.

Metoden bygger på eit seismisk prinsipp og liknar på ekkolodd: Ein sender ut ein trykkpuls og måler refleksjonane.

– Prinsippet er det same som det vi kallar «vasshammar.» Det er det vesle smellet du høyrer i vaskemaskina eller oppvaskmaskina, når vasstraumen brått vert stengd av, forklarar han.

DANNE SEG EIT KART – Det er refleksjonane frå dette smellet ein måler gjennom komplekse analysemetodar. Slik kan ein danne seg eit kart over innsida av røyrleidningen fram til neste trykkventil – kor innsnevringane er; kor utfellingane er så kraftige at dei har danna ein propp. Ut frå dette kan ein velje den mest eigna metoden for å reinske opp.

Professor Gudmundssons idé er å nytte ein eksisterande installasjon til å måle trykket. Trykkventilen er der frå før. Det ein her gjer, er å stenge ventilen svært raskt. Slik vert trykkpulsen skapt.

Firmaet Markland Technology AS har utspring frå NTNU og er etablert for å selje inn metoden hos dei store oljeselskapa, etter kvart med vesentleg suksess, fortel Gudmundsson. Verksemda er utvikla og leia av Harald K Celius.

Tore Oksholen