Skråsignal – meir olje

Olje som ligg i harde bergartar under havbotnen, er vond å finne. Ein ny leitemetode kan gje store gevinstar.

NY METODE: Lydsignal sendt meir på skrå ned i vatnet, vil avdekkje om havbotn av harde bergartar inneheld olje eller ikkje. Foto: Arvid Steen

NY METODE: Lydsignal sendt meir på skrå ned i vatnet, vil avdekkje om havbotn av harde bergartar inneheld olje eller ikkje. Foto: Arvid Steen

Over halvparten av verdas oljereservoar ligg i karbonat. Det er ein hard bergart, og det kan vere vanskeleg å vite om karbonatet inneheld olje eller berre vatn. No har eit forskarteam med professor Martin Landrø i spissen vidareutvikla ein metode som kan løyse dette problemet.

SLEPP Å BORE I BLINDE

Metoden er i seg sjølv ikkje ny. Den kallast «repeterande seismikk » og kartlegg geologiske strukturar under havbotnen ved hjelp av lydbølgjar. Seismikken lagar bilete av reservoara, både for å finne ut kor mykje olje som finst der, og – under utvinninga – for å sjå kor mykje vatn som renn inn. Repeterande seismikk har fungert svært bra på reservoar i sandstein. Statoil har teke metoden i bruk på sytti prosent av felta sine i Nordsjøen, og Norsk Hydro ligg ikkje langt etter. Oljeborarane ser kor dei har tømt lagra, og kor det er meir att. Dermed slepp dei å bore i blinde. Statoil stipulerer fortenesta metoden byr på, til å vere på om lag fem milliardar kroner.

MILLIARDGEVINST

Fram til nå har ikkje metoden fungert på karbonat. Dette er ein mykje hardare bergart, og det har ikkje vore mogleg å lese skilnaden i signalrefleksen mellom karbonat med olje og karbonat med vatn. Men nå har Landrø, saman med forskar Anh Kiet Nguyen frå SINTEF Petroleumsforsking og stipendiat Hossein Mehdizadeh frå NTNU, funne ein ny variant av metoden. Kort fortalt går den ut på å sende lydsignalet meir på skrå ned i vatnet, og leite seg fram til det punktet der heile signalet vert slått vekk: Signalet «sklir» langsetter havbotnen – på toppen av laget der olja ligg – og går så oppover mot overflata att. Poenget er at oljehaldig og vatnhaldig karbonat slår signalet attende på ulike punkt, og denne skilnaden er forventa å vere målbar. – Dersom vi lukkast med den nye metoden, er det rimeleg å tru at gevinsten ligg langt over dei fem milliardane Statoil sparar alt i dag, seier Landrø. Metoden skal presenterast på ein internasjonal konferanse i USA i oktober.

 

Av Tore Oksholen