Låg fart – mindre støv

Om ein bil med piggdekk senkar farten frå 50 til 30 km/t, blir støvmengda han virvlar opp, halvert.

I Trondheim går debatten høgt om fartsgrensa i bykjernen skal settast ned frå 50 til

30 kilometer i timen. Argumenta for redusert fart er fleire – betre luft har vore eitt av dei.

Men fram til nå har ein sakna handfast kunnskap om kva for effekt lågare fart har på mengda svevestøv langs vegen.

Brynhild Snilsberg har sett på førekomsten av svevestøv sommar som vinter, forårsaka av vinter-, sommar- og piggdekk – og ho har målt mengder støv ved ulik fart.

Det viser seg at mengda med vegstøv frå piggdekk blir halvert når farten går ned frå

50 til 30 km/t. Støvpartiklane blir også mindre finmalte.

Raske piggar, fint støv

– Det viser seg generelt at mengda støv som vert produsert og virvla opp, aukar proporsjonalt med farten, slik at mengda aukar frå om lag 2,5 milligram per kubikkmeter luft ved 30 kilometer, til litt over 5 ved 50 kilometer, seier Snilsberg.

– I tillegg kjem at partiklane jamt over blir mindre i storleik ved høgare fart. Den auka farten gjer at piggane gjer støvet meir finmala, forklarar Snilsberg.

– Dette er eit sterkt argument for å redusere fartsgrensene i byar, spesielt i vinterhalvåret, seier forskaren.

Sterkare enn forventa

Det var ikkje uventa at trenden var slik, seier Snilsberg.

– Men eg hadde vel ikkje trudd at tendensen skulle vere så kraftig.

I Trondheim er om lag tre av ti kjøretøy skodd med piggar. Dermed vil halvering av mengda

svevestøv som piggdekk medfører, gje monaleg utslag i mengda svevestøv totalt i bykjernen.

Landsgjennomsnittet for køyring med piggdekk er på 45 prosent.

Problemet med vegstøv produsert av piggdekk er aukande, ettersom både trafikkmengda og kravet om is- og snøfrie vegar aukar. Då vil vegar i bustadområde utanfor bykjernar og tettbygd strøk bli meir omfatta av desse plagene.

– Treng betre måling

Støvet det er snakk om, er såkalla PM10 – particulate matter mindre enn ti mikrometer i storleik. Dagens målekrav, som er EU-sertifiserte, går utelukkande på vekt. Dette er ikkje eit fullgodt mål, meiner Snilsberg.

– Om du har eit partikkel på eitt milligram på den eine sida, og tusen svært fine partiklar som til saman veg det same på den andre sida, er det ingen tvil om kva som er mest helseskadeleg. Men enn så lenge har vi ikkje noko betre alternativ når det gjeld måling og overvaking av luftkvaliteten i norske byar.

Snilsberg tek doktorgraden ved Institutt for geologi og bergteknikk, og fullfører arbeidet med den som tilsett ved Statens vegvesen.

Av Tore Oksholen