Tren beinhardt!

Fysisk aktivitet kan redusere kvinners risiko for å bli beinskjøre. Men spaserturar er ikkje nok.

IKKJE GÅ: Spring! Slit og sveitte må til, skal det gje utslag på beinmassen. NTNU. Ill. foto: Benedikte Skarvik

IKKJE GÅ: Spring! Slit og sveitte må til, skal det gje utslag på beinmassen. NTNU.
Ill. foto: Benedikte Skarvik

Norske kvinner er dei mest beinskjøre i Europa. Risikoen for å bryte hofta er fire gon-ger så høg hos ei norsk kvinne som hos ei søreuropeisk, og dobbelt så stor som hos ei amerikansk.

Samstundes er det kjend at å vere fysisk aktiv kan førebygge risikoen for å pådra seg lidinga. Derfor råder Folkehelsa til halvtimes lange spaserturar 2-3 gonger i veka. Tanken er at moderat fysisk aktivitet er til hjelp.

VER INTENS!

Men ein studie utført av forskarar ved NTNU, tyder på at moderat aktivitet ikkje er nok. Dei har analysert data frå 1400 kvinner som har delteke i Helseundersøkinga i Nord-Trøndelag (HUNT).

– Vi har mellom anna sett på tilhøvet mellom fysisk aktivitet og såkalla BMD hos friske kvinner i alderen 20-44 år, forklarer førsteamanuensis Liv Berit Augestad.

BMD står for bone mass density, og er eit mål på tettleiken av beinceller i skjelettet. Målinga vart i dette tilfellet gjort på underarmen. Fysisk aktivitet var målt i frekvens, hyppigheit og intensitet. Dessverre hadde ikkje HUNTdata informasjon om type aktivitet.

– Vi fann at den vesle gruppa av kvinner som rapporterte om mest fysisk aktivitet, også var dei som hadde høgast BMD, seier Augestad.

IKKJE GÅ – SPRING!

Fysisk aktivitet kan vere både styrketrening og kondisjonstrening. Augestad presiserer at dei enno ikkje veit nok til å seie noko meir konkret om kva for typar trening som fungerer best. Heller ikkje veit dei kor ofte, og kor intenst, ein bør trene.

– Men vi veit nok til å stadfeste at spaserturar og andre formar for bedageleg fysisk aktivitet ikkje er nok om ein vil førebyggje osteoporose. Både intensiv aerobikk og styrketrening er godt eigna, seier Augestad.

Ho legg til at amerikanarane har innsett at meir fysisk fostring må til: Center for Disease Control, systerorganisasjonen til Folkehelsa, rår såleis folk til dagleg fysisk aktivitet for å redusere risikoen for ulike sjukdommar, mellom anna osteoporose.

START TIDLEG!

Undersøkinga tyder på at det er fysisk aktivitet i alderen 15-30 år som har størst effekt for å sikre eit sterkt og solid skjelett.

– Men også seinare i livet kan trening hjelpe til med å sette ned farta på beincellereduksjonen. Så det er aldri for seint å kome i gong, seier Liv Berit Augestad.

Studien er gjort i samarbeid med professor Berit Schei, Siri Forsmo, Arnulf Langhammer og professor Dana Flanders.

 

Av Tore Oksholen