Stålmannen

«Vi kan gjere lettmetall sterkt som superstål og formbart som mjukt bly. Dette er noko Noreg som nasjon kan leve av».

VI HAR HØYRT DET mange gonger: Det står dårleg til med norsk industri. Lønene er for høge, elevar og studentar på alle nivå les for lite. Forskarane er for dårlege eller dei forskar på ting industrien ikkje har nytte av. Men så tenner nokon eit lite lys. Ei ekspertgruppe fekk for ei tid tilbake i oppgåve av Forskingsrådet å vurdere mellom anna den vitskaplege kvaliteten på forskinga som skjer i norske ingeniørfag. NTNU var, naturleg nok, tungt representert.

Resultatet?

Dei 33 evaluerte gruppene fekk ein gjennomsnittskarakter klart over middels (good). Kvar tredje gruppe – 11 i alt – fekk karakteren «svært god» eller betre.

Av desse igjen fekk seks karakteren «eksellent» eller «nesten eksellent. » Professor Hans J. Roven er med i ei av dei eksellente gruppene, fysikalsk metallurgi ved Institutt for materialteknologi ved Fakultet for naturvitskap og teknologi.

Mange miljø skulle gjerne fått den karakteren de fekk. Kva er løyndomen?

– Reint bortsett frå svært dyktige og visjonære medarbeidarar, eit godt kollegialt miljø og gode rammevilkår?

Det kan vere så mykje. Ein ting som eg vil trekke fram, er at vi har hatt ein strategi på å søke kontakt med dei beste på kvart felt. Når vi til dømes gjekk inn på det som har å gjere med nanostrukturering av kommersielle legeringar, oppretta vi fagleg kontakt med den leiande på feltet, slik fekk vi ein flying start. Her føler eg at vi har lukkast bra.

Så de forskar altså på «nanostrukturering av kommersielle legeringar» Kva er det?

– Emnet er neste generasjons lettmetall, eit viktig forskingsfelt for oss. Det handlar om å lage så fine krystallittar som mogleg. Alle metall er bygd opp av små korn – krystallittar – som vi prøver å gjere så små som råd er. Forskinga på dette har vakse med enorm fart det siste tiåret. Gjennom å endre på strukturane på nanonivå vonar vi å kunne framstille legeringar som er supersterke og som er superraske å forme. I dag er det slik at skal du forme ei kompleks form av metall, til bruk i til dømes fly eller bilar, kan det ta timar å få gjort. Dersom ein får til å gjere metalla ekstremt formbare, kan dette gjerast i løpet av få minutt eller mindre. Dersom slike legeringar blir to til fire gonger så sterke, eller formingsprosessane blir hundre til tusen gangar raskare, talar vi i realiteten om ein industriell revolusjon.

Kva meiner du?

Sivilisasjonane har til alle tider vore på leit etter nye metall eller metallegeringar. Det er derfor ein talar om bronsealderen, jernalderen osb. Då det vart mulig å starte storskala produksjon av aluminium, vart verknadene enorme, til dømes for luftfarten. Med desse nanoteknikkane kan vi gjere ulikt lettmetall sterkt som superstål og formbart som mjukt bly. Dette er noko Noreg som nasjon kan leve av.

Dersom norsk industri får ut fingeren…

Norsk industri er svært tradisjonsbunden, men det finst personar som evnar å tenke nytt, til å vere visjonære og kraftfulle. Du finn dei mellom anna i Norsk Hydro. Eg trur det er særs viktig å fange opp slikt potensial vi kan by på: Vi kan ikkje i dag konkurrere med Kina på løner i noko fall, men vi kan endre på produkt og produksjonsmåtar slik at timelønningane får mindre å seie. Industrileiarane må vere vakne på kva som går føre seg internasjonalt, og på kva som ein kan hente nasjonalt – til dømes hos oss.

Men konkret, Roven – kor lang tid tar det å utvikle desse metodane, og kva kan ein lage?

– Ein starta å forske på nanostrukturering for om lag ti år sidan. Nå går publiseringsraten rett til himmels. Eg vil tru at forskarane i feltet vil få fram dokumentasjon på at dette lar seg gjere i løpet av dei neste 3-5 åra. Ti år fram i tida bør det vere mogleg å tenke på å starte produksjon. Då vil konsekvensane vere mange, og store: Du kan til dømes lage hydrogenbilar, kor hydrogentankane består av slanke strukturar i metall, og kor drivstoffet finst i krystalittform integrert i fast materiale. Det meste er mogleg.

 

Tekst av: Tore Oksholen