bygning design

KVA ER EIT HUS?

Kva tyder omgrepet «hus» for menneske som er tvungne til å flykte frå heimstaden? Dette var tema for ein forskingskonferanse arrangert av Forskingsnettverket for interne flyktningar ved NTNU. Konferansen vart halden i september.

Emnet «heimstad og tilhørsle» har fått meir og meir merksemd den seinare tida. Såleis samla forskarane seg om «huset» som tema – huset som heimstad og som staden ein høyrer til.

«Huset har materielle, kulturelle, sosiale, økonomiske, legale og politiske dimensjonar,» skriv arrangørane i sin presentasjon av konferansen, som hadde innlegg som gjekk på huset som fysisk struktur; huset og eigedomsrettar; huset som vern og som trygging og huset som symbol på tilhørsle og identitet.