board room

KOR GODE ER VI?

Kor gode er vi eigentleg på prosjektleiing?

Dette var tema på ei samling som Norsk senter for prosjektleiing gjennomførte i Oslo i slutten av september. Senteret er eit samarbeidsnettverk innan prosjektleiing og er lagt til NTNU.

Ein stor del av verdiskapinga i verksemder skjer gjennom prosjekt. Målet med temadagen var såleis å vise døme på prosjektleiing frå ulike bransjar i norsk næringsliv og offentleg sektor og gjennom dette trekke fram utfordringar og områder der ting kan gjerast betre.