Likskapsskolen – ein myte

Sosiale problem hos skoleelevar heng nøye saman med sosial status og kva slags strøk i byen ungane bur i – men lite med skolen.

Norske grunnskoleelevar har lågare livskvalitet enn svenske. Lågstatuselevar som går på ein høgstatusskole, ville hatt færre problem på ein lågstatusskole.Årsaka finn vi kanskje i korleis den norske grunnskolen er organisert. Myten om den norske likskapsskulen er akkurat det – ein myte.

Elendets fordeling

Er risikoen for å få sosiale problem demokratisk fordelt – eller er risikoen knytt til sosial bakgrunn og bustad- område? Og kva for rolle spelar skulen?

Håkon Leiulfsrud er professor i sosiologi. Han har arbeidd med eit prosjekt som dekker også nabolanda Sverige og Finland, der målet har vore å finne svar på desse spørsmåla. Forskarane tok for seg elevar frå 3. klasse og ut barneskulen, i ein by i kvart land. Samstundes passa dei på å velje elevar frå ulike skolar. Slik dekka undersøkinga bustadområde på alle trinn av den sosiale rangstigen.

«Sosiale problem» kan vere så mykje:

• Livskvalitet er den første kategorien. Den handlar om mental helse, om korleis ungane har det med seg sjølve.

• Sosial omsorg er den andre kategorien. Den dreier seg om korleis ungane organiserer kvardagsliva sine: Når vaska dei sist hendene, kvar sov dei sist natt, når åt dei sist middag?

• Sosial integrasjon er den siste kategorien: Har dei venner, har dei noen å drøfte sorger og bekymringar med, er dei med på sosiale aktivitetar i nabolaget?

Myte 1: Klasselaus idyll

Leiulfsrud fann – til si overrasking, seier han – at sosial status er svært viktig for kor store sosiale problem norske skoleelevar har. Slik er det også i Sverige. – Kva for bydel ein bur i, ser ut til å styre langt meir enn eg hadde trudd. Dette går på tvers av vår «nasjonale forteljing» om oss sjølve, seier professoren: – Vi trur vi er så like.

Men det er ikkje nok å bu i eit bra strøk. Dersom familien kjem lågt ut på den sosiale og økonomiske rangstigen, samstundes som eleven soknar til ein høgstatusskole, verkar den låge sosiale statusen negativt inn på elevens livskvalitet.

– Ein skulle tru at dei mindre privilegerte i høgstatusskulen vert dregne med, og slik sett gjer det betre, både i skolearbeidet og elles, men slik er det ikkje, seier Leiulfsrud.

Med andre ord: Elevar frå lågstatusheimar ville ha det betre om dei gjekk på skole saman med elevar frå same sosiale klasse.

Leiulfsrud avviser likevel at lågstatusbarn ville tene på det om skolane vert endå meir klassedelte. Han vil heller snu problemstillinga, og spørje om kven den norske likskapsideologien er til for – eleven eller læraren.

Professoren meiner å ha sett at dei problema lågstatuselevane får i høgstatusskolar, ikkje er tema blant lærarane: – Slik blir det skolen som tener på at likskapsideologien vert haldt oppe – men ikkje diskutert og pirka på.

Myte 2: Lykkelandet

Levestandarden i Noreg er best i verda, og norske elevar har mindre sosiale problem enn dei svenske. Likevel er det slik at norske elevar opplever at dei har dårlegare livskvalitet enn det svenskane gjer. Dei skårar også lågare når det gjeld sosial omsorg.

Korleis kan dette ha seg?

Leiulfsrud har grundig kjennskap til svensk grunnskole. Der er klassane jamt over mindre, noko som er bra for den menneskelege kontakten lærar-elev, og dermed også for elevens mentale helse. Læraranes yrkespraksis er også viktig. Medan svenske lærarar ikkje praktiserer noko skarpt skilje mellom arbeid og fritid, og dermed følgjer opp elevane på fritida, har deira norske kollegaer ein tendens til å «stemple ut» når dei går frå skulen.

– Svensk praksis gjer at skulane der er meir sosialt integrert i samfunnet elles, og dette hjelper på elevanes livskvalitet, seier professor Leiulfsrud, og nyttar høvet til å åtvare utdanningsminister Kristin Clemet:

– Ho må slutte å fokusere berre på skulanes evne til å produsere elevar med gode karakterar. For det vi ser, er at skulen betyr mykje for unganes livskvalitet, seier Håkon Leiulfsrud.

Av Tore Oksholen