I ordets teneste

– Om eg blir firkanta i hovudet av å skulle redigere åtte ordbøker på ti år? Tja, det er godt mulig. Godt mulig.

Tor Erik Jenstad skjønner godt at folk stussar over kva han driv med til daglig: ord, ord og atter ord. Ikkje ord sett saman til vakker prosa, slik noen kvar kan pusle med, men ord lista saklig opp under kvarandre i uendelige spaltemeter.

Eit litet Ord gjer stundom store Verk, skreiv ordbokpioneren Ivar Aasen, og det er eit verk av dimensjonar Jenstad skaper når han nå er med på å redigere Noregs største ordsamling: tolvbindsverket Norsk Ordbok. Her skal dialekt- og nynorskord samlast i 300 000 ordartiklar fordelt på 11 000 sider, og i vinter har Jenstad og to NTNU-kollegaer hendene fulle med det som skal bli femte bind i det store verket.

Heile åtte bind skal Jenstad være med på å utforme dei neste ti åra. Det blir ganske mange ord til saman. – Det dreier seg om mange tusen, slår han fast.

Leksikografisk langspurt

Arbeidet med Norsk Ordbok starta ved Universitetet i Oslo på 1920-talet. Men det vart eit langt lerret å bleike: Første bind kom ikkje før i 1966. Sidan har tre nye komme. Dei går fram til bokstaven h, og siste oppslagsord så langt er harlemmerolje – som etter ei kjeldenedteikning frå 1938 skal vere et nederlandsk remedium mot gallestein og andre magevonde.

– Første og siste ord i kvart bind skal være litt sånn blikkfang, røper Jenstad.

I forfjor bestemte Stortinget at innan grunnlovsjubileet i 2014 skulle resten av artiklane skrivast og samlast i tolv bind. Ikkje småtteri, når vi veit at det tok leksikografane 72 år å skrive dei fire første. Noregshistorias mest hektiske leksikografiske langspurt må derfor til om dei 19 ordboksredaktørane ved universiteta i Oslo og Trondheim skal komme i mål.

Tre veker med jamn

I neste bind, som kjem hausten 2005, har Trondheimsredaksjonen ansvaret for bokstaven j. På Dragvoll sit Øyalf Endresen og skriv artikkelen til ordet jamn. Eit par veker har han brukt på ordet, og han vil i alle fall bruke ei veke til.

– Jamn er eit ord med mange tydingar, seier Endresen entusiastisk og lister opp: den jamne polakk, jamt lag, på det jamne, jamt slutt…

– Men det er grenser for kor mange eksempel han har plass til å bruke. Så dei han vel, må illustrere tydinga best mulig:

– Kvart oppslagsord har ein nøye tilmålt plass. «Hovudet» i artikkelen har oppslag, med opplysning om ordklasse og bøying, og deretter ein hakeparentes med opplysning om bruk av ordet i eldre kjelder, variasjonar i uttale og bøying, og etymologi: opphav og historie til ordet. «Kroppen» har definisjonar og eksempel på bruken, også dette med kjeldebelegg, forklarer Endresen.

Aldri har han keia seg i ordas strenge verd.

– Eit ord speglar verda rundt oss. Å være med på å skrive ei ordbok av denne dimensjonen, er eit djupdykk i norsk historie og tidligare tiders liv og lære, seier ordbokredaktøren.

Innsamling sidan 1626

NORSK ORDBOK 2014

• Verket skal gi en uttømmande, vitskapleg framstilling av ordtilfanget i de norske dialektane frå 1600 og til i dag, og av det nynorske skriftmålet.

• Hovudvekta skal ligge på grundige tydingsanalysar med klare definisjonar, kjeldefesta eksempel på bruk i litteraturen og i målføra, opplysningar om grammatiske eigenskapar, og om dialektformer.
• Hovudredaktør er professor i leksikografi Lars S. Vikør ved Universitetet i Oslo. Frå NTNU deltar Tor Erik Jenstad, Eli Ellingsve og Øyalf Endresen, med særlig ansvar for det nordafjellske ordtilfanget.

Moderne dataprogram har gjort det enklare å skrive ordbøker. Tidlegare måtte leksikografane gå til arkiva og kartotekkorta når det var ei kjelde eller eit ord dei lurte på. Nå er kjeldene lest inn optisk.

Og kjeldeomfanget er formidabelt. Frå 1626 og fram til i dag har dialekt- og nynorsk- observante nordmenn på alle baugar og kantar av landet samla og skrive ned over 3,2 millionar belegg på ord. Alt dette finst nå under nokre få megabyte. Bak kvart ord kan det ligge fleire tusen kjeldetilvisingar, både skriftlige og munnlige. Dermed sit forfattarane på ein presis oversikt over det ordtilfanget som ordboka bygger på.

– Når vi søker på eit oppslagsord eller ei kjelde, får vi eit skanna bilde av setelen på skjermen, seier Jenstad, og konkluderer med at han like gjerne kunne ha sete i Kuala Lumpur og redigert Norsk Ordbok.

Strengt utval Grunnstamma i Norsk Ordbok er ord frå landsmålsordbøkene til Ivar Aasen, Hans Ross og Steinar Schjøtt. På 1930-talet blei desse pionerordbøkene smelta saman til eit 14 000 siders grunnmanuskript. Manuskriptet har deretter blitt supplert med ord frå nynorsk skjønnlitteratur, både klassisk og moderne.

Norsk Ordbok bygger i tillegg på ei rekke dialekt- og nynorsksamlingar som til saman er langt større enn det som får plass i verket.

Her er derfor inga bønn: Eitt nytt ord inn betyr at eit anna får mindre plass. – Det hender vi luker ut ord som ikkje har slått an. Til dømes gulltvetting og gulltvått som i 1881 blei foreslått i staden for gullvasking, seier Jenstad.

Kulturbok og kunnskapsbase

Utanlandske standardordbøker – som Svenska Akademiens Ordbok, danskanes Ordbog over det danske sprog eller Oxford English Dictionary – jamsteller ikkje skriftspråk og talespråk.

Det gjer Norsk Ordbok. Den inneheld dialektord som aldri har stått på trykk før, og er dermed den einaste standardordboka i denne dimensjonen som er ei kombinert skriftspråks- og dialektordbok.

– Nynorsk skriftkultur og folkelig dialektkultur får nå sitt mest omfattande oppslagsverk nokon gong, meiner Jenstad, og slår fast at Norsk Ordbok først og fremst blir ei kulturordbok:

– Vi dekker til dømes ordforrådet i tradisjonelle bonde- og fiskarsamfunn slik dei var før moderniseringa sette inn på 1900-tallet og særlig etter 2. verdskrig. Her er ord som mange i dag knapt nok har høyrt. Norsk Ordbok blir derfor ein kunnskapsbase for morgondagens kulturarbeidarar og språk- og dialektinteresserte lekmenn, seier Tor Erik Jenstad.

Tekst: VEMUND VENN