Når du klikkar på bileta, får du høre korleis ordet vert uttalt. Du kan velje mellom åtte lærarar med ulike dialektar.

Treningsstudio for språkopplæring

Er du utlending og skal lære norsk? Eit nytt program for språktrening tek omsyn til kva for morsmål du har – og kva for dialektområde du skal bu i.

Du skal lære deg eit heilt nytt språk. Gloser og grammatikk skal puggast, setningar byggast. Men korleis får du dreis på uttalen når det nye språket inneheld lydar du har aldri brukt eller høyrt før?

Det finst ingen mirakelknapp. Det handlar om øving, øving og atter øving. Men no har forskarar ved NTNU utvikla eit effektivt og enkelt virtuelt treningsstudio for deg som skal lære norsk. Gjennom eit nytt språkprogram får du hjelp til å lære, og øve på, uttale. Tilpassa morsmålet ditt – og med tanke på at du skal bu i eit bestemt dialektområde.

Lydane er grunnmuren

Utfordringane du møter når du skal lære norsk, varierer med kva for morsmål du har. Kjem du frå Spania, kan dei lange norske vokalane være ekstra vrine å få tak på. Er du fransk, kan det være vanskeleg å skilje u frå y. Er du frå Nord-Tyskland, kan den norske rullande r-en krevje eit par ekstra treningsrundar – medan dei harde norske konsonantane vil vere ein bøyg for ein kinesar.

For ein ting er å lære orda og bygge setningane. Men er ikkje lydane og lydkombinasjonane på plass, manglar grunnmuren til språket.

– Viss du ikkje kan uttale enkeltlyder, kan du heller ikkje snakke flytande, seier Jacques Koreman. Han er professor i fonetikk og prosjektleiar for utviklinga av det virtuelle språkprogrammet CALST.

Bokstavane står for «Computer-assisted listening and speaking tutor». Og nøkkelen i programmet ligg nettopp her: Det tilpassar nemleg øvingsoppgåvene til morsmålet ditt.

Calst har kunnskap om andre språk, som ein ikkje kan forvente at norsklærarar skal ha. Gjennom ein database, språkkartet L1-L2map, vil programmet identifisere kva for norske lydar som ikkje finst i ditt eige morsmål, og som du derfor vil trenge å trene litt ekstra på.

Språkkartet inneheld heile 500 språk. Det er utvikla som ein wiki, altså ein sosial samproduksjon (crowdsourcing), og vil bli bygd ytterlegare ut etter kvart.

Animert lærar

Calst er bygd opp i eit lett tilgjengeleg visuelt språk der lærarane er animerte figurar og orda kjem opp som bilete.

Programmet er todelt. Første del er innøving av eit grunnleggande vokabular på 1000 ord og uttrykk. Desse er fordelt på 40 ulike kategoriar. Dei fleste er tematiske kategoriar som mat, dyr, transport, fritid og liknande, medan nokre er baserte på ordklassar som verb, pronomen og adjektiv. Lytteøvingar venjer deg til uttalen av norske ord. I uttaleøvingane kan du også ta opp uttala di, slik at du kan høyre korleis du sjølv uttalar eit ord, og deretter samanlikne med den virtuelle læraren si uttale. I tillegg legg programmet til rette for å øve bokstavering av norske ord.

I del to ligg såkalla kontrastive øvingar med lydar og ord som kan være spesielt vanskelege for di språkgruppe. Denne delen handlar om lyttetrening for å kjenne att ord, og skilje mellom ord som liknar på kvarandre. Programmet bruker heile 78 000 forskjellige lydfiler for å trene alle mulege lydar.

Gjøre, gjera, gjørra

I Noreg brukar vi dialekt i nesten alle samanhengar. Det gjer det ekstra vanskeleg å lære seg norsk. Nederlandske Koreman opplevde dette sjølv da han kom til Noreg for nokre år sidan.

– Eg gjekk på norskkurs ved NTNU og opplevde å lære mykje på kort tid. Men då eg skulle ta bussen eller handle i butikkane, skjøna eg plutselig ikkje kva folk sa! Eg hadde jo lært austlandsk, hugsar han.

Nettopp denne dialektproblematikken er det teke høgd for i Calst. Alle ord og øvingar er spelt inn på åtte dialektar frå nord til sør: Oslo, Elverum, Stavanger, Bergen, Trondheim, Malm, Sandnessjøen og Tromsø. Dermed kan du velje kva for dialekt som er mest nyttig for deg å bli kjend med.

Koreman understrekar at programmet ikkje kan erstatte levande norskopplæring, altså norskkurs med lærar, men at det er eit utmerka supplement for å øve seg i språket.

Gratis

Programmet er gratis og vil snart bli tilgjengeleg for alle. Det skal leggast ut på ein server, slik at ein slepp å laste ned heile den tunge programvaren til eigen pc. Foreløpig manglar litt tilpassing i brukargrensesnittet. Animasjonane og interaktiviteten skal bli betre, og programmet meir oversiktleg.

Det er stor interesse for Calst, og fleire høgskular og universitet ynskjer å ta det i bruk. Eining for vaksenopplæring i Trondheim kommune vil tilby det til sine brukarar. Vox, nasjonalt fagorgan med særleg vekt på læring hos vaksne, har òg vist interesse.

– Vi er interessert i å støtte vidareutviklinga for å kunne gjere Calst tilgjengeleg på nett. Vi trur dette blir eit bra program som vil spare mange norsklærarar for keisamt og repeterande arbeid, seier seniorrådgjevar Espen Munch i Vox. Prosjektstøtta vil avhenge av kor mykje Vox vert bevilga via statsbudsjettet i haust.

Calst er utvikla ved Institutt for språk- og kommunikasjonsstudiar av norsklærarar, fonetikarar, taleteknologar og forskarar på norsk som andrespråk.

Eining for vaksenopplæring i Trondheim, Universitetet i Oslo og Kungliga Tekniska Högskolan i Stockholm er eksterne samarbeidspartnarar.