Foto: Corbis

Dei små, grå

  • Publisert 23.02.11

Forskarar ved NTNUs Senter for bevaringsbiologi (CCB) har over lang tid studert store populasjonar av gråsporv for å finne ut korleis arten tilpassar seg eit miljø i endring.

Målet er å forstå korleis økologiske prosessar – som klimaendringar – påverkar mulege evolusjonære endringar hos sporven. CCB har no vorte eit internasjonalt senter for slik analyse av evolusjonsøkologiske data. Nyleg fekk det 20 millionar kroner frå EU for å studere slike problemstillingar hos ei rekke dyreartar over heile verda.