«Vidda» er eit av forslaga til minnestad i Tordenskioldparken. Anne Katrine Dolven og Rintala Eggertson Arkitekter står bak forslaget. Foto: Anne Katrine Dolven og Rintala Eggertsson Architects
«Vidda» er eit av forslaga til minnestad i Tordenskioldparken. Anne Katrine Dolven og Rintala Eggertson Arkitekter står bak forslaget.
Foto: Anne Katrine Dolven og Rintala Eggertsson Architects

Skifta rolle i striden om 22. juli-minnestader

Kulturminneforskar Tor Einar Fagerland skulle forske på debatten om minnestadene etter 22. juli. Slik vart han med eitt ein aktiv deltakar i si eiga forsking.

Rosetog og samhald prega den første tida etter terroraksjonane 22. juli 2011. Folk laga spontant sine eigne minnestader. Bomba i regjeringskvartalet og massedrapa på Utøya råka oss alle. Vi trengte å markere at vi sto samla som folk mot dette åtaket.

Men etter at rosene visna, kom dei vanskelege diskusjonane. Om framtida for Utøya, om utforming og plassering av nasjonale minnestader. Om korleis vi skal framstille historia om 22. juli, for oss sjølve, og for dei som kjem etter oss. Om å balansere kollektiv og individuell sorg, som ikkje alltid er i takt.

– Diskusjonane er viktige. Ein minnestad for ei slik traumatisk hending handlar også om vårt eige sjølvbilete, korleis vi vil framstille oss sjølve som individ og samfunn, seier Tor Einar Fagerland, leiar for Institutt for historiske studier ved NTNU.

Les også: Slagmarkens skjønnhet

AUF hadde køyrt seg fast

Fagerland og kollegaer ved instituttet starta våren 2012 eit forskingsprosjekt om bearbeiding av minnet etter 22. juli («July 22 and the negotiation of memory»).

Forskarane opplevde raskt å bli aktørar i sitt eige forskingsobjekt. Dei vart trekt inn som faglege rådgjevarar for dei nasjonale minnesmerka. Og dei fekk ein sentral rolle som rådgjevingsgruppe og støttespelarar for AUF, da dei hadde køyrt seg heilt fast i arbeidet med framtida for Utøya.

– Det er NTNU som har den nasjonale kompetansen i kulturminneforvaltning, bygd opp gjennom fleire år. Det er vi som utdannar dei som skal forvalte våre historiske minnestader. Plutseleg opplevde vi at det vart skrikande behov for denne kompetansen, seier Fagerland.

Forskarane vart noko langt meir enn passive observatørar, dei vart aktive deltakarar i prosessane dei skulle studere.

– Eg vel å kalle det anvendt humaniora, seier Fagerland.

Les også: 22. juli som forskningsobjekt

Ein møteplass for alle

Vi ruslar rundt i Tordenskioldparken i Trondheim, like ved Vår Frue kirke, der byens minnestad for 22. juli skal etablerast. Plansjar med forslag frå seks utvalde kandidatar er no stilt ut i parken. Publikum er invitert til å seie meininga si om dei ulike forslaga innan utgangen av september. I midten av oktober skal juryen ta si avgjerd. Minnestaden skal etter planen stå ferdig neste haust.

Forskar Tor Einar Fagerland har vore fagleg rådgjevar og observatør i prosjektgruppa for minnestaden i Tordenskioldparken i Trondheim. Foto: Lars Martin Hjorthol

Forskar Tor Einar Fagerland ser på dei ulike forslaga som er stilt ut i Tordenskioldparken kor minnestaden skal etablerast. 
Foto: Lars Martin Hjorthol

Tor Einar Fagerland har sjølv møtt fast som fagleg rådgjevar og observatør i prosjektgruppa for minnestaden. AUF, Støttegruppa etter 22. juli og fleire andre var også representert i gruppa.

– Det som tidleg vart avklara, var at byen ville bygge ein møteplass, ikkje ein «ting». Og den skulle vere for alle, ikkje berre dei seks familiane her i byen som mista nokon på Utøya.

Fagerland ser for seg ein plass for refleksjon og ettertanke. Samtidig skal han vere open for liv. Folk i Trondheim må føle plassen som sin, og kunne bruke han. Ein møtestad med alvor i botn, der det samtidig skal vere lov å sette seg og ete ein is.

– Minnet er ein prosess. Parken skal tydeleg reflektere kva som skjedde, men også ha opning for nye tolkingar. Og den må gi meining til dei ungdommane som kjem hit om 15 eller 30 år.

Utøya som mausoleum

Forskarane har spela ei særleg aktiv rolle i arbeidet med framtida for Utøya. AUF sin spontane reaksjon etter 22. juli var at dei ville tilbake til Utøya. Men planane for nye Utøya møtte kraftige motreaksjonar da dei vart lagt fram hausten 2012. Dei pårørande reagerte særleg på at AUF ville rive kafébygget og pumpehuset, der dei fleste drapa hadde skjedd. Dei ville heller frede heile øya, som eit slags mausoleum.

– Dei som satt med heile saka var ein liten gjeng sterkt traumatiserte AUF-arar, som framleis var djupt prega av hendingane året før. Dei hadde køyrt seg fast. Eg kom inn som samtalepartnar, og vart bedt om å sette saman ei gruppe som kunne gje dei råd om vegen framover. Og eg kunne ta med meg kven eg sjølv ville. Så eg plukka på øvste hylle blant internasjonale kapasitetar til ei rådgjevingsgruppe, fortel Fagerland.

Han fekk med seg dei kjende minnestadsforskarane James Young og Ed Linenthal, Alice Greenwald, direktør for museet ved Ground Zero, samt AUF-veteran og Utøya-historikar Jo Stein Moen og arkitekt Erlend Blakstad Hafner, som hadde teikna utkastet til nye Utøya.
Rådgjevingsgruppa arbeidde tett saman med AUF, og var fleire gonger på Utøya. Arbeidet resulterte i nye planer, som vart lagt fram i haust.

Les også: Difor vil talane verte hugsa

Frå åstad til minnestad

– Vi vart tidleg samde om nokre grunnpremiss: Å kome tilbake til Utøya i 2015 blir noko anna enn før 22. juli 2011. For det andre: Ein kan ikkje dekke over det som skjedde 22. juli. Derfor er det utenkjeleg å fjerne heile kafébygget. Vi må gjere det om frå åstad til minnestad, ta vare på minna om det vonde og samtidig legge til rette for nytt liv, seier Fagerland.

Planen omfattar mellom anna å bygge eit såkalla hegnhus rundt dei delane av kafébygget der ungdommar vart drepne eller gøymde seg for terroristen. Huset får vel 500 pilarar. 69 av dei, like mange som vart drepne 22. juli, vil rage høgare og bære taket. Det skal vere ein minnestad både for sorg og læring.

Planane vart lagt fram for sentralstyret i AUF i sommar, og samrøystes vedtatt. Planane vart også godt mottatt av et fleirtal av dei pårørande.

– Ei erfaring er at ein må ta seg god tid i dette arbeidet. Ein skal strekke seg langt for å ta omsyn til dei pårørande sine meiningar og kjensler. Men på eit tidspunkt må ein ta ei avgjerd på vegner av fellesskapet og gå vidare, seier Fagerland.

Samarbeidet med AUF held fram. Neste skritt blir ein workshop på Ground Zero i New York, den viktigaste åstaden for terrorangrepa mot USA 11. september 2001. Og rådgjevingsgruppa skal framleis vere tilgjengeleg når AUF treng ho.

Les også: – Vi lærte ingenting av 22. juli

Rollekonflikt?

Aktørrollen treng ikkje å kome i konflikt med rollen som uavhengig forskar, meiner Fagerland.

– Vi er tydelege og opne om vår rolle for alle involverte. Det gir nærleik til prosessane, og etter mi meining betre forsking, seier han.

– Alt som publiserast skal sjølvsagt gjennom vanleg kvalitetskontroll, i alle ledd. Alt skal kunne dokumenterast og etterprøvast.

NTNU er det einaste universitetet i Noreg med eit eige studieprogram i kulturminneforvaltning.

– Denne kompetansen er det berre vi som har. Da må vi også stille opp når han trengs. Det er mykje snakk om krise i humaniora. Men nokre gonger ser vi at det vi driv med er i aller høgste grad samfunnsrelevant. Da er det betre å delta enn å låse seg inn i tårnet sitt.