Professor Anders Todal Jenssen meiner at Jens Stoltenberg ikkje er nokon sofistikert retorikar, men at han lukkast i sin politiske talekunst etter 22. juli.

Difor vil talane verte hugsa

Kva ord vel du når du som Noregs mektigaste mann skal tale til folket som alle på kvar sin måte har blitt råka av terror?

”Stoltenberg og rådgjevarane hans må ha forstått at mange ikkje berre følte sorg, men også sinne, aggresjon og hat. Kanskje kjente han det også sjølv. Stoltenberg lukkast langt på veg med å kanalisere desse eksplosive kjenslene og handlingstrongen i den retning av politisk deltaking og stønad til demokratiet sine grunnverdiar. Difor vil talane verte hugsa”.

Med desse orda rundar professor Anders Todal Jenssen, og lektorstudent Kaja Hovde Bye, ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU  av artikkelen ”Da sorg og sinne ble åpenhet og toleranse. Politisk talekunst etter 22. juli 2011”. I artikkelen, som vart publisert i Tidsskrift for samfunnsforskning 22. mai, analyserer forfattarane innhaldet i talane som statsminister Jens Stoltenberg heldt i tidsrommet etter terrorangrepet 22. juli.

Frykta for broren

Todal Jenssen følgde sjølv med på TV-sendingane då terroren angreip Noreg 22. juli 2011, og bekymra seg, i likheit med fleire, for sine næraste. Broren hans og svigerinna var nemleg på arbeid i departementa som vart råka.

– Først uroa eg meg for at dei skulle vere skadde eller drepne, men det gjekk heldigvis bra med dei, fortel Todal Jenssen. Då professoren såg bileta frå regjeringskvartalet og Utøya, tenkte han raskt at den ”norske uskuldstilstanden” var over.

– Sidan eg i fagleg samanheng har følgt med på høgreekstremismen i Noreg og i Europa, var eg kanskje ikkje like overraska som alle andre, seier Todal Jenssen.

 Nysgjerrig på Stoltenbergs tankar

Saman med Kaja Hovde Bye har Todal Jenssen gått igjennom talane Stoltenberg heldt den første tida etter terrorangrepet, for å analysere kva Stoltenberg sa til folket og kvifor. Todal Jenssen fortel at årsaka til val av tema, var ein fascinasjon over at folket var samstemte om at Stoltenberg og rådgjevarane hans hadde klart å velje dei rette orda.

– Eg vart nok nysgjerrig på dramaet rundt og korleis Stoltenberg klarte å nå tak i dei felles verdiane som finst i eit sterkt individualisert samfunn som det norske, og korleis det vart mogleg å appellere til desse i denne situasjonen, fortel han.

 Kunne tatt offer-rolla

For ifølgje Todal Jenssen var det heilt andre ord som kunne kome ut av Stoltenbergs munn, og det var fleire angrepsvinklar å velje mellom.

– Han kunne forsøkt å stigmatisere miljø og standpunkt, og rettferdiggjort endringar i politi og rettsvesen. Og han kunne framstilt seg sjølv, Arbeiderpartiet og AUF som offer, seier han. Professoren meiner at Stoltenberg sin retorikk hadde betyding for Arbeiderpartiet sine gode valresultat i lokalvalet 2011, men legg til at dette er vanskeleg å dokumentere. Han meiner likevel at dette ikkje kjem til å ha mykje å seie for haustens Stortingsval.

 Hausta berre ros

Statsministeren hausta ros for den spontane handteringa si av 22. juli-krisa, også frå politiske motstandarar. Ifølgje ei meiningsmåling gjeven att i VG, meinte 94 prosent at han handterte hendingane ”godt” eller ”svært godt”. Kva var det eigentleg Stoltenberg gjorde i timane og dagane etter 22. juli som skapte dette inntrykket? I artikkelen skriv forfattarane vidare at Stoltenberg heldt ei rekkje gripande talar som nådde eit veldig stort publikum, og at han gjennom talehandling vekte djupfølte behov hos dei fleste nordmenn. Reaksjonane på terrorhandlingane var mange og varierande.

 Frykt og sinne

Folket følte på kjensler som frykt, forvirring, meiningsløyse, sorg, sinne, hat og rådløyse og avmakt. Behova varierte også; frå tryggheit, føreseielegheit, fellesskap, hemn og straff og meistring og handling. Stoltenberg sin retorikk tok også tak i reaksjonane og behova til folket då han til stadig opptredde offentleg, heldt fram politiske verdiar som eit ”våpen” mot terror og eit ”svar” til terroristen. Stoltenberg søkte med talane sine å kanalisere sinnet over i oppslutning om demokrati og toleranse, og om ”Norge” definert som eit fellesskap der han oppmoda om politisk deltaking.

 Auka popularitet

Artikkelforfattarane skriv vidare at ein som statsleiar kan auke populariteten sin gjennom å ta i bruk krigsretorikk i krisesituasjonar.

– Fleire av kjenneteikna av krigsretorikk finst i Stoltenberg sin tale frå kvelden 22. juli. Men allereie dagen etter var Stoltenberg sin retorikk tilpassa eit anna verkelegheitsbilete, då det ikkje fanst nokre ytre fiende og mykje tyda på at terroristen handla aleine.

Stoltenberg sine talar fekk bevisst eller ubevisst difor preg av politiske gravtalar, der tapet og sorga vart knytt til bestemte politiske verdiar som openheit, toleranse og demokrati. Men ifølgje Todal Jenssen fekk Stoltenberg ei retorisk utfordring i å tøyle frustrasjonen, sinnet og hatet som folk kjente på.

– Stoltenberg kunne ikkje demonisere ei veldefinert utgruppe, og kunne ikkje rope på hemn sidan han er tilhengjar av rettsstaten. I staden forsøkte han å gje meiningsinnhald til sorga som ga næring til hat og sinne. I tillegg til å peike på korleis desse for mange abstrakte politiske verdiane kunne levandegjerast og omsetjast i handling.

 Ikkje fødd retorikar

Todal Jenssen og Hovde Bye skriv vidare at Stoltenberg ikkje er nokon sofistikert retorikar. Han nyttar sjeldan metaforar, og språket er enkelt og fritt for retorisk utsmykking.

– Talane etter terrorangrepa 22. juli var vellukka først og fremst fordi Stoltenberg med enkle ord sa det folk flest hadde behov for å høyre, og han sa det med ei ekte innleving som gjorde inntrykk, skriv artikkelforfattarane. Mange vart også imponerte over Stoltenberg si evne til å opptre med fatning i ein ekstrem situasjon for landet og han sjølv. Indirekte har han kommentert ordvalet i ei skildring av situasjonen i statsministerbustaden kvelden 22. juli:

”Saman med Hans Kristian Amundsen og andre medarbeidarar arbeider eg med korleis vi skal omtale det som har skjedd. Skal vi nytte ord som ”sjokkerande”, ”blodig” og ”feigt”? Jo, det er slik det er. Det er slik vi også må omtale det”.

 Annleis eit år etter

Todal Jenssen og Hovde Bye meiner at minneverdige talar gjerne oppstår i ekstreme situasjonar, og at dei vert hugsa fordi dei set ord på publikum sine kjensler og gjev dei grunn til å tru at det finst ein utveg. Dei viser til at då Stoltenberg heldt tale på minnemarkeringa eit år etter, var noko endra. Talen frå 2012 inneheldt mange av same elementa, men vekte ikkje same begeistring. Artikkelforfattarane viser til at folket då hadde fått ein avslutning, og publikums behov hadde endra seg. ”Kanskje kan dette tolkast som eit utrykk for at Stoltenberg lukkast retorisk eit år tidlegare? Alle har ikkje dei personlege eigenskapane som skal til for å artikulere folks kjensler og behov i ekstreme situasjonar, men Stoltenberg lukkast”, står det i artikkelen.

Les heile artikkelen: Da sorg og sinne ble åpenhet og toleranse