Eteforstyrringar kan svekke hjernen
Personar som lid av alvorleg eteforstyrring, gjer det svakare på somme testar enn den friske kontrollgruppa gjer. Funna kan bidra til betre behandlingsmetodar, meiner forskarar.
– Eteforstyrringar er alvorlege psykiske lidingar, og det antas at dette er den psykiske lidinga som har høgast dødelegheit, seier stipendiat Siri Weider ved NTNU.
Ho viser til at eteforstyrringar påverkar kroppen i stor grad, då òg hjernen. Bildediagnostiske studiar har vist tap av hjernemasse hos pasientar med anoreksi.
– Når ein slankar kroppen så kraftig, slankar ein på ein måte òg hjernen. Difor er det viktig med tidleg behandling for å unngå langvarig undervekt, seier ho.
Langvarig sjuke testpersonar
I undersøkinga vart ei forsøksgruppe på 41 personar med anorexia nervosa (anoreksi) og 40 personar med bulimia nervosa (bulimi) testa opp mot ei kontrollgruppe på 40 friske personar. Personane i undersøkinga var i gjennomsnitt nærare 28 år gamle, og hadde i snitt lidd av eteforstyrringar i meir enn ti år. Føremålet var å studere evnene til personar med anoreksi og bulimi.
– Personane som var med i testgruppene lei av alvorlege eteforstyrringar med behov for intensiv behandling, og hadde vore sjuke i lengre tid. Dette gjer at pasientane ikkje naudsynlegvis er representative for alle med eteforstyrringar, seier Weider.
Høgare utdanning
I undersøkinga kjem det fram at personar som lid av anoreksi, viser fleire kognitive vanskar samanlikna med ei frisk kontrollgruppe med tilsvarande kjønn, alder og utdanning.
Forskaren legg til at det ikkje er sikkert om desse skilnadene kjem før eller etter eteforstyrringa.
– Det er mogleg at dette er medfødde eigenskapar med personane vi har testa, men det er meir sannsynleg at dette er faktorar som kjem av lidinga.
I undersøkinga har både dei som lid av anoreksi og kontrollgruppa høgare utdanning enn landsgjennomsnittet, sett ut frå tall frå Statistisk Sentralbyrå.
Skårar lågare på tempo og arbeidshukommelse
Undersøkinga gjekk ut på å teste personar på Wechsler Adult Intelligence Scale (WAIS-III). Det er ein internasjonal brukt metode for å teste evner og er berekna på vaksne personar.
– Vi har brukt ein norsk versjon av testen, som er basert på amerikanske normer. WAIS-III brukast for å finne ein evneprofil, seier Weider.
Testen inneholder fjorten deltester under de to kategoriene verbal intelligens (forståing og bruk av språk) og utføringsintelligens (evne til å løyse praktiske oppgåver).
– I undersøkinga finn vi at personar som lid av anoreksi og bulimi skårar innan normalområdet påalle testane. Men dersom vi samanliknar dette med friske kontrollar av same kjønn, alder og utdanning ser vi ein ulikskap, særleg blant dei som lid av anoreksi, seier Weider.
– Når vi matchar med desse kriteria ser vi at dei som lid av anoreksi har ein litt svakare skår påmange av måla, spesielt påoppgåver som har med tempo og arbeidsminneågjere, seier Weider
Skreddarsy behandling
Basert på funna som har vorte gjorde, håpar Weider det kan vere mogleg å skreddarsy behandlinga og oppfølginga til personar som lid av eteforstyrringar. Ei etablert oppfatning av at personar som lid av anoreksi er spesielt evnerike, kan ha ført til at ein har hatt store krav til pasienten i behandlinga. Denne undersøkinga kan vere med på å bidra til betre behandlingsmåtar.
– Når vi no veit at personar som lid av anoreksi kan ha problem med arbeidshukommelse og tempo, er det noko som bør takast omsyn til i handsaminga. For personar som lid av bulimi kan det vere ein fordel å bruke ikkje-verbale teknikkar, som uttrykksterapi, som supplement til ordinær terapi for å oppnå best mogleg behandling, seier ho.
Oppsiktsvekkande funn
For testgruppa som lei av bulimi, fann Weider nokre vanskar på verbale testar, men skilnaden mellom bulimigruppa og kontrollgruppa forsvann når det vart kontrollert for depressive symptom. Noko som understrekar kor viktig der er å behandle depresjon hos denne gruppa. I tillegg gjorde ein eit anna oppsiktsvekkande funn:
Anoreksi og bulimi
- Mellom 0,2-0,4 prosent av den norske folkesetnaden lid av anoreksi.
- Rundt 1,2 prosent lid av bulimi.
Siri Weider er stipendiat ved NTNU, spesialist i klinisk nevropsykologi og førsteforfattar av artikkelen Intellectual Function in Patients with Anorexia Nervosa and Bulimia Nervosa som vart gjeven ut i European Eating Order Review i januar i år. Artikkelen er skriven saman med Marit Sæbø Indredavik, Stian Lydersen og Knut Hestad.