Halvor Wold intervjuar brukarar på eit dagsenter i Trondheim. Foto: AssiTech AS

Hjelper eldre opp trappa

Kvart år skadar 30.000 nordmenn seg ved fall i trapper. No har studentar ved NTNU utvikla ein eigen trapperullator for eldre og rørslehemma.

Kombinasjonen skrøpelege bein og trapper kan vere livsfarleg. Ifølgje ein rapport frå Norsk institutt for by-og regionforskning døyr om lag 50 personar kvart år som følgje av fall i trapper. Rykande ferske ferdigutdanna studentar ved NTNU har no utvikla ei løysing som kan påverke desse mørke tala i ei positiv retning.

Stort problem

AssiStep heiter produktet som skal gje eldre og rørslehemma tryggleiken dei treng til å halde fram med å bruke trappa heime. Trappe-rullatoren er utvikla av tidlegare studentar ved Entreprenørskolen ved NTNU og Institutt for produktutvikling og materialer, som no arbeidar fulltid med produktet.

–­ Vi såg at det var eit stort problem at så mange eldre hadde vanskar med å bevege seg i trapper, og at det var marknad for å på plass eit produkt som kunne løyse problemet deira på ein enkel måte. Med AssiStep vil fleire få støtta dei treng for å halde fram med å leve eit aktivt liv, seier Eirik Medbø i AssiTech AS.

Jan Willy Stræte i Sør-Trøndelag Parkinsonforbund testar ein prototype av Assistep. Foto: Assitech

Jan Willy Stræte i Sør-Trøndelag Parkinsonforbund testar ein prototype av AssiStep. Foto: AssiTech AS

Trapperullator

Saman med Halvor Wold overtok han prosjektet, som var satt i gang av InnoMed, då dei framleis var studentar ved Entreprenørskolen i fjor. Etter å ha intervjua fleire brukarar samt helsepersonell, forstod dei at det største problemet ved å skulle ferdast i trappene var at det var lite gode hjelpemiddel. Alle løysningane som fanst på området til no, var for dyre og for lite brukarvenlege. Deira produkt derimot er rimeleg i pris og lett å bruke. AssiStep består av eit gelender som er kopla til eit handtak som brukaren sjølv skyv føre seg på veg opp eller ned trappa – nett slik som ein ville ha brukt ein rullator.

– Brukarane vi intervjua gav oss tilbakemeldingar på at dei ynskte seg noko som var kjent frå før, og då dei prøvde AssiStep meinte dei at den kjendest ut som ein vanleg rullator som let dei gå i trappa på vanleg vis, seier Medbø.

1,3 millionar i stønad

I april i fjor vart også studentane Ingrid Lonar og Steinar Gamst med på prosjektet. Dei har hatt i oppgåve å utvikla sjølve løysinga, eit arbeid som dei også har skrive masteroppgåve på. No arbeidar alle utanom Gamst fulltid med å utvikle produktet, og saman deler dei kontor i kontorfellesskapet Digs i Trondheim sentrum. I november fekk dei 1 million kroner i stønad frå NTNU Discovery og 300.000 kroner frå Innovasjon Noreg til å vidareføre arbeidet.

Les også: Eldre er trege, men trygge i trafikken

AssiStep har vore gjennom fleire rundar med utvikling, brukartesting og endringar for å gjere den best mogleg. No er det venta at AssiStep skal vere klar både for bruk og sal i første halvdel av 2014.

– Kjempeprodukt

Leiar Tor Hjelmeland i Sør-Trøndelag Parkinsonforening er ein av dei som har vore med å testa prototypen. Han har berre lovord å kome med om produktet.

– Vi har vore med på testinga nærmast frå starten av, og har gitt studentane tilbakemeldingar undervegs på kva som kunne forbetrast, og kva som fungerte. Under den siste testen slo det meg berre; No har det verkeleg vorte eit kjempebra produkt som gjer det mogeleg for dei som er dårlege til beins å bu heime lenger. Men det som er spesielt med dette produktet, er at ein ikkje berre får hjelp til å gå trygt opp trappa, men at ein i tillegg kan gjere det på ein svært så elegant måte, seier Hjelmeland.

– Kan bruke trappa

Gjengen bak AssiStep har allereie teke patent på den mekaniske trappeassistenten som vil vere klar til prøveinstallasjon i fleire kommunar over nyttår. Dei vonar også at den etter kvart kan verte tilgjengeleg for dei som har behov for det, og arbeidar med å få produktet finansiert gjennom Hjelpemiddelsentralen. AssiStep er eit unikt produkt i Norden, og no har også nabolanda Danmark og Sverige byrja å syne interesse for produktet.

Les også: Populær app for eldre

– No brukar vi ein del tid på å reise på konferansar for velferdsteknologi og helse der vi viser fram prototypen. Vi får utruleg mykje bra respons, og det er berre eit tidsspørsmål før vi klarar å snu tankegangen om trappa ­­­– frå slik det er no, at fleire unngår ho, til å hjelpe dei til å bruke ho aktivt, fortel Medbø.

Vanleg i norske heimar

Deira draum er at trappeassistenten vert vanleg for alle eldre i norske heimar, på rehabiliteringssenter og ved offentlege bygg. Dei trur at AssiStep vil gje meir sjølvrespekt og auke livskvaliteten for dei som ikkje tidlegare har klart å gå aleine i trappene.

Studentgruppa kom også på andreplass i Venture Cup Midt-Norge i 2013 med Assistep. F.v Eirik Medbø, Ingrid Lonar, Steinar Gamst og Halvor Wold. Foto: Kai T. Dragland

Studentgruppa kom også på andreplass i Venture Cup Midt-Norge i 2013 med AssiStep. F.v Eirik Medbø, Ingrid Lonar, Steinar Gamst og Halvor Wold. Foto: Kai T. Dragland

– Det er mange som i dag må flytte heimefrå eller få heis, som hadde klart å gå trappa om dei berre hadde fått litt meir støtte. Det er for den gruppa vi trur vi kan gje mest verdi. Å få gå i trappa er den beste daglege treninga denne brukargruppa kan få, og å vere i aktivitet er nøkkelen til å kunne leve uavhengig av andre, seier Medbø som legg til at fleire av brukarane dei snakka med nemnte at dette var spesielt viktig.

Medbø forklarar at AssiStep er eit betre og ikkje minst billigare produkt enn det som til no vert rekna som det billigaste alternativet, nemleg trappeheis.

Les også: Smartteknologi mot fall