Investorar på gjerdet

NYTT PROSJEKT: Korleis påverkar uvisse rammevilkår investeringar i fornybar elektrisitet?

Industriell økonom Stein-Erik Fleten fortel til journalist Lisa Olstad:

Illustrasjon: Line Halsnes

Illustrasjon: Line Halsnes

Professor Stein-Erik Fleten Halsnes

Professor Stein-Erik Fleten Halsnes

Vi som forskar på investeringar i grøn energi, ser at mange kan tenke seg å produsere fornybar straum. Det gjeld alt frå energiselskap som vurderer ein vindmøllepark, til grunn­eigarar som lurer på om dei skal lage eit småkraftverk oppi elva si. Først får dei gjort tekniske utgreiingar hos ein rådgjevande ingeniør. Så søker dei kan hende konsesjon hos NVE – og får det. Då har dei fått det vi kallar ein real­opsjon: Dei har rett – men inga plikt – til å ta ei avgjerd om prosjektet: om dei skal sette i gang og investere, om dei skal minske prosjektet, ­eller om dei kanskje skal gjere det større.

Men realopsjonen gir også rett til å utsetje eller skrinleggje prosjektet. Og det er nettopp dette som skjer. Møllene og småkraftverka blir ikkje bygd! Folk sit på gjerdet og veit ikkje om dei skal våge å hoppe ned. For tida reknar vi med at slike unytta realopsjonar årleg ville gitt landet 10–15 ekstra terawatt-timar grøn straum.

Kvifor er det slik? Det er dette Purelec-prosjektet skal prøve å finne ut av.

Vi har ein idé om svaret. Ein økonomisk teori som kallast realopsjonsteori, seier at i ein situasjon med stor uvisse vil det vere rasjonelt å utsetje investeringane. Jo større uvissa er, jo lenger vil ein vente.

«Det er mykje vingling i klimapolitikken. Støtteordningar kjem og går.»

Ein vanleg grunneigar har ikkje særleg greie på korkje investeringsøkonomi eller vasskraftteknologi. Han har fått rådgjevande ingeniørhjelp og kan rekne ut omlag kor store investeringskostnadene og produksjonen vil bli. Men han veit ikkje nok om kva lønsemda vil vere på lang sikt. Og då vil han heller vente og sjå, til han er heilt sikker på at dette kan gå med overskot.

FAKTA

  • DOKTORGRADSARBEID: Purelec – korleis påverkar uvisse rammevilkår investeringar i fornybar elektrisitet? Prosjektet går frå 2010 til 2013 og ligg under NTNUs senter for studiar av berekraftig energi, CenSES.
  • PROSJEKTLEIAR: Professor Stein-Erik Fleten, Institutt for industriell økonomi og teknologileiing, NTNU.
  • DELTAKARAR: NTNU, Danmarks Tekniske Universitet, University of Michigan, International Institute for Applied Systems Analysis, Cicero senter for klimaforsking, Statkraft Agder Energi Vind, Enova, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Nord-Trøndelag Elektrisitetsverk (NTE).

Det kan bli lenge å vente. Uvissa ligg der på mange område. Grunneigaren – og vindmølleselskapet – spør seg: Kva veg går kraftprisane? Er det sikkert at eg får selt straumen min til fast pris? Kva får eg av subsidiar? Blir det, eller blir det ikkje, noko av støtteordninga med grøne sertifikat? Kor lenge får eg i så fall ha dei? Kva for nye teknologiar vil eg få å konkurrere med? Kva skjer dersom klimaet endrar seg endå meir? Kva skjer med andre kraftkjelder – kan til dømes kjernekrafta få ein renessanse? Kva for planer har norske styresmakter med omsyn til olje og gass, CO2-fangst og klimagassavgifter? Og så vidare.

Klimaendringane og kraftmarknaden er det avgrensa kva norske styresmakter kan gjere med. Men dei andre rammevilkåra, dei politiske verkemidla, kan dei få på plass, og stabilisere. Det er mykje vingling i klimapolitikken. Støtteordningar kjem og går, og det gjer det vanskeleg for ein investor. Eg er nokså sikker på at dersom politikarane klarer å minimere denne uvissa, ville langt fleire hoppe ned frå gjerdet.

Prosjektet vårt skal vere ein test av real­opsjonsteorien, og gi svar på fire hovudspørsmål: 1. Korleis vil investorane, ifølgje teorien, respondere på klimapolitisk uvisse? 2. Er det samsvar mellom dei faktiske investeringane og dei signala teorien gir? 3. Korleis kan teorien utvidast slik at den best mulig reflekterar åtferda til investorane? 4. Korleis kan styresmaktene utforme klimapolitiske verkemiddel for å oppnå klimapolitiske mål på ein kostnadseffektiv måte?

Vi har informasjon om over 200 unytta realopsjonar og utbygde småkraftprosjekt og reknar med å få nok data derfrå. Førebels har vi kikka på nokre enkeltprosjekt og spurt om kvifor dei ikkje kjem i gang. Det ser ut til at det oftast er andre faktorar enn manglande lønsemd.

Men vi er opne for at investorane ikkje oppfører seg slik realopsjonsteorien seier. Då må vi finne ut kva det er for mekanismar som teorien ikkje har fanga opp.

Lisa Olstad