NYE BØKER: Skriveråd

Torlaug Løkensgard Hoel: Skriving ved universitet og høgskolar

Universitetsforlaget

Korleis kan du overvinne skriveblokkeringar? Kva rolle spelar tanken på lesaren når du skriv? Kva samanheng er det mellom å lære fag og å lære korleis fagkunnskapen blir uttrykt? Korleis kan ein fersk student førast inn i tekstkulturen i faget? Kva prinsipp og strategiar kan vere aktuelle for tilbakemelding til skriftlege tekstar?

Dette er nokre av dei spørsmåla denne boka svarar på. Ho er først og fremst skriven for lærarar og studentar – men også til glede og inspirasjon for alle som er opptatt av skriving og lesing. Ho kan lesast både som ei drøfting av skrive- og tekstteoretiske problemstillingar og som ei praktisk handbok for skribentar – dei rutinerte så vel som dei ikkje fullt så rutinerte – i alle fag.

Torlaug Løkensgard Hoel er professor ved Program for lærarutdanning, NTNU.