Ukjent mangfald

Illustrasjon: Kolbjørn Skarpnes/NTNU Info. Foto: Otto Frengen, Grønvold Bildebyrå, Zoologisk institutt/NTNU, Institutt for naturhistorie/NTNU, Institutt for bioteknologi/NTNU, Naturhistoriska riksmuseet, Rune Petter Ness, Lars Løfaldli, Sigmund Sivertsen, Karen Anne Okstad, Jussi Evertsen, Per Gustav Thingstad, Håkon Holien, Jens Søraa, Nina Tveter/NTNU Info og Mentz Indergaard/NTNU Info.

Illustrasjon: Kolbjørn Skarpnes/NTNU Info. Foto: Otto Frengen, Grønvold Bildebyrå, Zoologisk institutt/NTNU, Institutt for naturhistorie/NTNU, Institutt for bioteknologi/NTNU, Naturhistoriska riksmuseet, Rune Petter Ness, Lars Løfaldli, Sigmund Sivertsen, Karen Anne Okstad, Jussi Evertsen, Per Gustav Thingstad, Håkon Holien, Jens Søraa, Nina Tveter/NTNU Info og Mentz Indergaard/NTNU Info.

tegnforklaring

Noreg vil stanse tapet av biologisk mangfald innan år 2010. Men korleis tek vi vare på mangfaldet når vi ikkje eingong veit kva for artar vi har?

– Biologisk strekkoding er vegen å gå, seier førsteamanuensis Torbjørn Ekrem og legg fram følgjande scenario:

Foto: Biodiversity Institute of Ontario, Guelph Om lag slik vil han kunne sjå ut, den vesle artsanalysatoren. Han er litt større enn ein mobiltelefon, og alt du treng, er eit fragment frå eit dyr eller ein plante.

Foto: Biodiversity Institute of Ontario, Guelph
Om lag slik vil han kunne sjå ut, den vesle artsanalysatoren. Han er litt større enn ein mobiltelefon, og alt du treng, er eit fragment frå eit dyr eller ein plante.

– Tenk deg at du er lærar på grunnskulen, på tur med klassen din for å undersøke livet i myrene i Bymarka. Ein elev kjem bort til deg med ein rar plante som ingen har sett før. Kva kan det vere?

Då er det at du tek fram artsanalysatoren frå sekken. Det er eit lite apparat, litt større enn ein mobiltelefon, og du puttar eit fragment frå planten inn i ei luke i apparatet. Eit par minuttar seinare er resultatet klart: Planten er ein sjeldan myrart som aldri før er observert nord for Dovre.

Denne situasjonen Ekrem beskriv her, eksisterer framleis ikkje, men Ekrem trur eit slikt apparat kan bli realitet om ti år. I dag tek registreringa tid, og ho er dyr å utføre. Forskarane treng med andre ord å utvikle ein meir effektiv framgangsmåte for kartlegging og overvaking av artsmangfaldet.

Ein metode for å gjere dette, er så smått under utvikling. Den vert kalla DNA-strekkoding.

DNA-base

Strekkoding, eller barcoding på engelsk, er kjent frå handelsverksemda. DNA-strekkoding nyttar eit liknande konsept for registrering og avgrensing av biologiske artar. Metoden er basert på arvestoffet til organismane, og vil kunne nyttast til å identifisere sjølv ørsmå fragment av dyr og planter.

– Den viktigaste føresetnadan for at metoden skal fungere, er at ein har ein vevsprøve frå organismen ein vil identifisere, fortel Ekrem. – Forskaren treng berre nokre mikrogram vev for å få sikkert resultat.

– Den andre føresetnaden er at det eksisterer ein database med DNA-sekvensar frå kjente artar. Ved å sekvensere ein bit av DNA-et til den ukjente planten eller dyret, og samanlikne resultatet med tilsvarande sekvensar av arvestoffet i databasen, kan ein raskt identifisere organismen ein har funne.

– Det er heilt essensielt at databasen er skikkeleg kvalitetssikra av ekspertar på dei ulike gruppene av organismar. Dersom organismane som sekvensane i databasen kjem frå, ikkje er korrekt identifisert, vil heller ikkje den ukjente organismen som skal samanliknast med basen, bli rett identifisert. Denne kvalitetssikringa er kanskje den mest tidkrevjande delen av konseptet, men også den viktigaste, seier Ekrem.

Sårbart i nord

Verdas nordområde er ekstra sårbare for klimaendringar og forureining. Det totale biologiske mangfaldet i nordområda er framleis berre delvis kjent, og forskarane har store hol i kunnskapen om utbreiinga til arktiske artar.

– Kartlegginga av biologisk mangfald er ei svær oppgåve som vi framleis ikkje har greidd å fullføre, korkje i nordområda eller elles i verda, seier Ekrem.

Dette er avgjerande viktig. Ekrem peiker på det paradoksale i at verdas styresmakter vedtek å bremse tapet i artsmangfald, samstundes som vi berre har overflatisk faktakunnskap om dette mangfaldet.

Foto: Geir Mogen I dag vert organismane identifisert gjennom tidkrevjande arbeid under mikroskopet. – Denne prosessen vil kunne bli enklare i framtida, seier forsker Elisabeth Stur ved NTNU Vitskapsmuseet.

Foto: Geir Mogen
I dag vert organismane identifisert gjennom tidkrevjande arbeid under mikroskopet. – Denne prosessen vil kunne bli enklare i framtida, seier forsker Elisabeth Stur ved NTNU Vitskapsmuseet.

Ein reknar med at det er beskrive om lag 1,7 millionar artar på jordkloden, og målet er å bestemme genetisk ein halv million av desse innan 2014. For å få til dette, krevjast eit omfattande teknologisk og fagleg samarbeid over landegrensene.

– Vi er svært langt unna dette målet i dag, seier Ekrem. Databasen der «strekkodane» vert lagra (www.barcodinglife.org), inneheld i dag mindre enn 30 000 artar.

– Katastrofalt dårleg

Det står ikkje særleg betre til her til lands. Allereie i 1993 slutta Noreg seg til FN-konvensjonen om biologisk mangfald. I stortingsmelding nr. 21, 2004-05, vert det slått fast at å stogge tap av mangfald er ei av våre hovudutfordringar. Likevel er vår kunnskap om biologisk mangfald i Noreg ifølgje Ekrem katastrofalt dårleg:

– Dette såg vi i samband med lanseringa av Norsk Raudliste i fjor. Denne lista syner ei oversikt over truga artar i landet. I Noreg kjenner vi rundt 40 000 artar av plantar, dyr og andre organismar. Det totale talet er truleg på minst 60 000. Av desse er berre 18 500 artar godt nok kjent til at statusen deira i tilhøve til plassering i den norske raudlista kunne bli vurdert.

Lista er utarbeidd av meir enn 100 ekspertar under leiing av Artsdatabanken. Den internasjonale naturvernorganisasjonen IUCN sine kriterium for raudlisting er lagt til grunn i arbeidet. Av dei vel 18 500 artane som vart vurdert, er 3886 nå raudlista, medan 1988 er vurdert å være truga.

Mister det vi ikkje kjenner

– Vi mister artar som vi ikkje veit eksisterer.

Direktør Ivar Myklebust i Artsdatabanken, som er lokalisert ved NTNU, meiner det hastar med å køyre opp tempoet i registreringa. Men han slit med å påkalle merksemd frå styresmaktene og andre som har pengar å bidra med.

– Faget vårt, taksonomi, er ikkje heilt stovereint, seier han.

Forskingsrådets kriteriar for kva for forsking som skal få finansiering, krev at den skal vere såkalla hypotesedriven. Forsking som går ut på innsamling, registrering og katalogisering, fell utanom.

– Desse rammene må dei ansvarlege styres- maktene ta opp til ny diskusjon, meiner Myklebust, og viser til Sverige.

Foto: Elisabeth Stur, NTNU Vitskapsmuseet Myggen er ei av utfordringane til Ekrem og hans kollegaer: Ein må gå svært detaljert til verks for å finne dei marginale forskjellane mellom ulike artar.

Foto: Elisabeth Stur, NTNU Vitskapsmuseet
Myggen er ei av utfordringane til Ekrem og hans kollegaer: Ein må gå svært detaljert til verks for å finne dei marginale forskjellane mellom ulike artar.

– Vår svenske systerorganisasjon er tildelt ansvaret for å fordele forskingsmidla innanfor taksonomi. Sveriges artsdatabank fungerer dermed som eit forskingsråd for all naturhistorisk forsking og datainnsamling, seier Myklebust.

Kan hende er det ikkje så rart at svenskane veit å sette pris på dette forskingsfeltet: Den moderne taksonomiens far var svensk – og i år er det 300 år sidan Carl von Linné vart fødd.

Medan den svenske artsdatabanken har tjue millionar kroner i året å fordele på taksonomisk forsking, har altså den institusjonen Myklebust er direktør for, kroner null til same formål. Myklebust meiner at dette ikkje kan fortsette slik.

– Vi uroar oss for rekrutteringa til faget. Symptomatisk nok er mykje av arbeidet bak raudlista utført av fagfolk som snart blir pensjonistar. Det er ikkje så rart – vi har lite midlar til doktorgradsprosjekt, og då kjem ein ikkje langt med å få fram nye forskarar, seier Ivar Myklebust.

Spesialrådgjevar Per Backe-Hansen i Forskingsrådet stadfester at ein der ikkje har høve til å støtte såkalla ikkje-hypotesedriven forsking.

– Dette utgjer eit dilemma, seier han.

Må vi vite det?

Blant dei flercella organismane er det virvellause dyr vi i dag kjenner minst til. Det dreier seg, forutan insekta, om blant anna edderkoppar, midd og rundormar til lands, og børstemark, blautdyr, krepsdyr og pigghuder til havs.

Men – for å vere Djevelens advokat ein augneblink: Det at nokre artar oppstår medan andre går til grunne, er slik naturen er. Kvifor skal vi absolutt kjenne til alle artane? Gjer det eigentleg noko om vi ikkje får registrert og katalogisert dei før dei blir borte?

ARTAR – KVITE, RAUDE OG SVARTE

Det er påvist 40 000 artar i Noreg, men det reelle talet er truleg rundt 60 000. Då er ikkje bakteriar og virus tekne med i reknestykket. Den største dyregruppa på land er insekt, som det er påvist ca 16 000 av i Noreg. For dei fleste av desse manglar vi gode kunnskapar om førekomst og utbreiing. I tillegg er truleg fleire tusen insektartar ennå ikkje oppdaga.

Raudlister har vore utarbeidd i Noreg sidan 1984. Dei omfattar artar som over tid kan få problem med å overleve. Norsk Raudliste 2006 har med 3886 artar. 1988 av desse er vurdert å vere truga.

Samstundes kjem framande arter til landet. Slike reknast som ein av dei største truslane mot eksisterande økosystem. Det er i dag kjend 2483 slike. Artsdatabanken har utført økologiske risikovurderingar av 217 av dei, og gav i år ut Noregs første svarteliste, der 93 framande artar vart vurdert til kategorien «høg risiko».

– Reint bortsett frå at det å katalogisere mangfaldet, vil verke til at vi gjer meir for å ta vare på det, er det fleire nyttige årsaker til slik registrering. For det første har du bioprospektering. Dei fleste medikament er basert på kjemiske stoff frå levande organismar, og ein opplever stadig vekk at oppdaginga av nye biologiske stoff gir opphav til nye medisinar, seier Ekrem.

– Det vi ikkje har registrert og kartlagt kan vi også vanskeleg utnytte.

Det andre praktiske argumentet er dette som handlar om såkalla innvandring av framande artar.

– Dette er noko vi får meir av, med klimaendringane som gjer at artar flytter på seg. Såleis opplever vi at Noreg vert introdusert for stadig fleire nye og framande artar. Slike artar kan være skadelege både for det naturlege mangfaldet, men også direkte som skadeorgansimar i landbruk og fiskeoppdrett. Det er derfor særs viktig å kunne styre og kontrollere dette, og då er kunnskap avgjerande, seier Torbjørn Ekrem.

 

Av Tore Oksholen