Tettar hol med vatn

Ei spesiell vassblanding hindrar sand i å øydeleggje for oljeutvinning. Blandinga kan også nyttast til å tette veggar i tunnelar og stoppe erosjon.

Ei spesiell vassblanding hindrar sand i å øydeleggje for oljeutvinning. Blandinga kan også nyttast til å tette veggar i tunnelar og stoppe erosjon.

Ei spesiell vassblanding hindrar sand i å øydeleggje for oljeutvinning. Blandinga kan også nyttast til å tette veggar i tunnelar og stoppe erosjon.

Metoden går ut på å sprøyte vatn med ymse tilsetningar inn i det området ein vil gjere noko med. Det kan vere eit borehol i eit undersjøisk oljefelt eller ein vegg i ein tunnel. Desse tilsetningane er miljøvennlige, uorganiske komponentar og ein kjemisk katalysator.

– Systemet består av to løysingar – ei karbonatkjelde og ei kalsiumkjelde – som blir blanda halvt om halvt. Gradvis, i løpet av 24 timer, blir kalsitt – kalkstein – felt ut av blandinga, forklarar mannen bak metoden: professor Terje Østvold.

Denne kalksteinen vil så tette sprekker i fjell eller binde sandkorn saman.

Kalsitt er ei form av kalsiumkarbonat. Kalsiumkarbonata er svært lite oppløyselige i vatn. Det er slike vi ser i aksjon i dei fantastiske formasjonane i dryppsteinsholar.

Meir olje

Oljefelt går etter kvart tomme, og dette fører til lågare trykk. For å få ut meir olje, kan produsenten sprøyte inn vatn for å få opp trykket. Dette fører med seg eit vesentleg problem: I mange reservoar vil vatnet ta med seg sand inn i produksjonsanlegget. Den metoden som i dag vert nytta til å minimere problemet, er mekanisk: Ein legg eit slags gitter framføre utgangen på borerøret, for å hindre sanden i å bli med inn. Det fungerer berre sånn passe.

– Etter kvart gjer sandmengda at utvinninga ikkje lenger er mogleg reint praktisk og økonomisk. Nye brønnar må i så fall bores. Men dette kan vere så dyrt at det ikkje løner seg å få resten av oljen ut av reservoaret, seier professor Østvold.

Men når Østvolds kjemiske vassblanding kjem inn i oljereservoaret, vil krystallar av kalsiumkarbonat leggje seg mellom sandkorna og binde desse saman. Dermed kan ikkje sanden lenger flytte på seg. Oljen kan strøyme gjennom sanden utan å dra den med inn i røyret.

Tettar lekkasjar

Vassblandinga kan også nyttas til å tette tunnelar på ein meir effektiv og meir miljøvennlig måte enn i dag.

– Dagens metode går ut på å sprøyte inn betong i fjellsprekkar under driving av tunnelar. Vatnet med karbonatkjelda og kalsiumkjelda er mykje meir tyntflytande enn betong. Ved å sprøyte blandinga inn i bergveggen på innsida av tunnelen, vil krystallane av kalsiumkarbonat leggje seg i dei tynne, vassførande sprekkane i fjellet, og tette desse, seier professor Østvold.

Det er ennå for tidlig å si om metoden blir billigare enn dagens, men det er absolutt mulig, meiner Østvold.

Statens Vegvesen er særs interessert i oppdaginga, og inviterte NTNU-forskarane til å teste metoden ut i Eiksundtunnelen på Møre i fjor haust.

– Den fungerte utmerkt, stadfester professor Østvold. – Vi fekk ein reduksjon i lekkasjar på over åtti prosent.

Bind jorda

Det ser også ut som om metoden kan brukast til å redusere jorderosjon som skyldest vind og vatn. Jorderosjon er eit enormt problem i verdsmålestokk.

– Det viser seg at jord kan stabiliserast på same måte som sand, med miljøvennlige mineralar som samtidig verkar som gjødsel. Dersom vi om hausten vatnar jorda med eit vatn som inneheld kjemikaliar og ein katalysator, kan vi produsere mineralar som bind jordpartiklane saman. Vi kan såleis verne jorda mot erosjon i den tida ho ventar på neste dyrkingsperiode, seier professor Østvold.

Patent

Østvold har utvikla den nye metoden i samarbeid med spinn off-firmaet Impermeable AS som han etablerte for noen år sidan. Saman med stipendi-atar/studentar ved NTNU og universitetet i Patras i Hellas har han så utvikla metoden.

Han fortel at kommersielle aktørar vurderer å teste ut metoden i oljefelt i Nordsjøen. Det verdsomspennande ingeniørkonsernet M-I driv med teknologitenester for oljeselskap verda over. Det norske dotterselskapet M-I Production Chemicals har vist konkret interesse for å ta metoden i bruk, og Østvold har også hatt eit møte med British Petroleum i London om det same.

Professoren fortel at det nå er søkt om norsk patent for å verne oppfinninga.

– Slike patent er ofte viktige for å få dei store oljeselskapa til å interessere seg for oppfinninga. Det kan vere vanskeleg å få eit slikt patent, fordi kjemien som dannar grunnlaget for oppfinninga, er rimelig godt kjent i litteraturen, seier Terje Østvold.

 

Av Tore Oksholen