Teknologiske broderi

Hans Hamid Rasmussen brukar nål, tråd og ei digitalisert symaskin når han lagar kunst. Motiva i broderia – eller delar av dei – kan skrive seg frå fotografi/teikningar som han skannar inn i maskina. Andre delar av bileta hans er fullt og heilt handbroderte. Det er gjerne i større fargeflater og store motiv han tek i bruk datakrafta. Nokre gonger let han dataprogrammet sy utan tråd, så syr han etterpå for hand langs hulla symaskina har teikna. – Det er fordi maskina syr med same stinglengd, den tek ikkje omsyn til strukturen i stoffet, slik eg kan gjere når eg broderer for hand, forklarar han. Rasmussen er stipendiat ved Kunstakademiet, NTNU.