REGN I HIROSHIMA

I det ho lyfta handa for å ta tekanna kom […]

I det ho lyfta handa

for å ta tekanna

kom eit blindande ljos –

 

var ikkje meir

alt var borte

dei var borte

omlaga til damp og sky,

gåtefullt, oppstigande og stumt.

Rop var ikkje rop i dette.

Men jorda slo høgt og vilt

ein knyttneve mot himmelen

ved mishandling,

– ved det attlevande veit

verda rundt

men ikkje orkar fatte:

Hiroshima –

 

Stigande milevide slør,

dei var i det,

gått attende til ei urform.

Ein skjerm av damp

over ei pint jord.

Vera eit grann av dette.

 

Vera i det bortdragande –

Men ikkje lenge.

Det drog snart meir frå kaos.

Sløret vart dropar tett i tett,

i dropens evige skapnad

utan byrjing eller slutt.

 

Dei fall,

svalande, utalde,

i tungt regn nedover –

 

Av Tarjej Vesaas (1897–1970)

Diktet er henta frå samlinga Vår uro med alt, samla av Ove Røsbak og gitt ut av Norske Sivilingeniørers Forening.