Kva har ho med fred å gjere?

Kritikken mot å gje Nobels fredspris til miljøaktivisten. Wangari Maathai har vore uvanleg sterk.

Den 10. desember kjem ein kenyansk botanikar til Oslo for å ta imot ein av verdas gjevaste prisar: Nobels fredspris. Mange har stussa over valet av ei som er mest kjend for treplanting.

– Eg vart svært glad då eg høyrde at ho fekk prisen. Og eg vart like deprimert då eg såg kritikken mot tildelinga. Førsteamanuensis Gunilla A. Olsson fekk oppgåva med å introduserte Wangari Maathai for NTNU i 1997. Maathai er professor i botanikk ved University of Nairobi, og deltok på ein konferanse i samband med 8. mars-feiringa det året. Olsson, som deler fagfelt med kenyanaren, leier sjølv eit studieprogram for forvaltning av naturressursar, og kjenner godt arbeidet til fredsprisvinnaren. Wangari Maathai er den første kvinna frå Afrika som vert æra med Nobels fredspris. Etter komiteens meining representerer ho eit døme og ei kjelde til inspirasjon for alle i Afrika som kjempar for ei berekraftig utvikling, demokrati og fred. Olsson stadfester karakteristikken av Maathai som «inspirerande.»

– Personleg opplevde eg henne som utprega karismatisk. Ho sto fram som både intelligent og humoristisk, seier Olsson. NTNU-professoren har vanskeleg for å akseptere kritikken mot tildelinga.

– Maathai arbeider på grasrota, jobbar nedanifrå, med kvinner på landsbygda. Sånn sett representerer denne tildelinga eit radikalt brot med hovudtendensen i fredspristildelingar, som mest går til menn som verkar på eit overordna plan, seier Olsson.

«MERKELEG»

Det er uvanleg at leiande aktørar i den norske politiske debatten går så sterkt ut og kritiserer ei tildeling frå Nobelkomiteen. Men det tok ikkje mange timane frå tildelinga vart kjent, til dei første kritikarane kom på banen. Leiar av utanrikskomiteen på Stortinget, Torbjørn Jagland, meinte såleis at det var lite modig å gje henne prisen.

– Eg ville trudd at det var viktig å gje prisen til nokon som kan bety noko for fred i framtida, sa Jagland – medan Carl I. Hagen karakteriserte tildelinga som «merkeleg.» Også forskarane slengte seg på. Espen Barth Eide ved Norsk utanrikspolitisk institutt gav uttrykk for uro for at Nobelkomiteen nå har sett seg på eit sidespor, medan direktør Gunnar M. Sørbø ved Christian Michelsens institutt i Bergen sa at «Nobelkomiteens formann har en litt misjonerende stil. Det blir veldig mye ’afrikansk kvinne kjemper mot forørkning’. »

Alfred Nobel (1833–1896), dynamittoppfinnaren som ville tene menneska. KVA SA NOBEL?  Alfred Nobel etablerte opphavleg fem priser – innanfor fysikk, kjemi, medisin, litteratur – og for fredsarbeid. Det norske stortinget fekk til oppgåve å velje komiteen som skulle stå for utdelinga. I testamentet skreiv Nobel at fredsprisen måtte gå «…åt den, som har verkat mest eller bäst för folkens förbrödrande och afskaffande eller minskning af ståande arméer samt bildande och spridande af fredskongresser.» DETTE SEIER NOBELKOMITEEN:  «Den norske Nobelkomité har bestemt at Nobels fredspris for 2004 skal tildelast Wangari Maathai for hennar innsats for ei berekraftig utvikling, demokrati og fred.  Fred på jorda avheng av at vi maktar å tryggja livsmiljøet. Maathai står i fremste rekke i kampen for å fremje ei økologisk forsvarleg sosial, økonomisk og kulturell utvikling i Kenya og i Afrika. Ho har eit heilskapleg perspektiv på ei berekraftig utvikling som femner om demokrati, menneskerettar og særleg kvinners rettar. Ho tenkjer globalt og handlar lokalt. Maathai stod i motig strid mot det tidlegare undertrykkande regimet i Kenya. Hennar unike aksjonsformer verka til å setje søkjelyset på politisk undertrykking både nasjonalt og internasjonalt. Ho vart til inspirasjon for mange i striden for demokratiske rettar, og særleg oppmuntra ho kvinner til å forbetre sin situasjon. Maathai kombinerer vitskap, sosialt engasjement og aktiv politikk. Meir enn berre å verja det miljø som finst, er det hennar strategi å tryggja og forsterka grunnlaget for ei berekraftig økologisk utvikling. Ho grunnla Green Belt Movement der ho gjennom nesten tretti år har mobilisert fattige kvinner til å plante 30 millionar tre. Metodane hennar er tekne i bruk også i andre land. Vi er alle vitne til korleis avskoging og skogsdød fører til ørkenspreiing i Afrika og trugar mange område i rundt om i verda – også i Europa. Vern om skog mot ørkenspreiing er ei vesentleg sak i strevet for å styrkja livsmiljøet på vår felles jord.»

Alfred Nobel (1833–1896), dynamittoppfinnaren som ville tene menneska.
KVA SA NOBEL?
Alfred Nobel etablerte opphavleg fem priser – innanfor fysikk, kjemi, medisin, litteratur – og for fredsarbeid. Det norske stortinget fekk til oppgåve å velje komiteen som skulle stå for utdelinga. I testamentet skreiv Nobel at fredsprisen måtte gå «…åt den, som har verkat mest eller bäst för folkens förbrödrande och afskaffande eller minskning af ståande arméer samt bildande och spridande af fredskongresser.»
DETTE SEIER NOBELKOMITEEN:
«Den norske Nobelkomité har bestemt at Nobels fredspris for 2004 skal tildelast Wangari Maathai for hennar innsats for ei berekraftig utvikling, demokrati og fred.
Fred på jorda avheng av at vi maktar å tryggja livsmiljøet. Maathai står i fremste rekke i kampen for å fremje ei økologisk forsvarleg sosial, økonomisk og kulturell utvikling i Kenya og i Afrika.
Ho har eit heilskapleg perspektiv på ei berekraftig utvikling som femner om demokrati, menneskerettar og særleg kvinners rettar. Ho tenkjer globalt og handlar lokalt. Maathai stod i motig strid mot det tidlegare undertrykkande regimet i Kenya. Hennar unike aksjonsformer verka til å setje søkjelyset på politisk undertrykking både nasjonalt og internasjonalt.
Ho vart til inspirasjon for mange i striden for demokratiske rettar, og særleg oppmuntra ho kvinner til å forbetre sin situasjon. Maathai kombinerer vitskap, sosialt engasjement og aktiv politikk. Meir enn berre å verja det miljø som finst, er det hennar strategi å tryggja og forsterka grunnlaget for ei berekraftig økologisk utvikling.
Ho grunnla Green Belt Movement der ho gjennom nesten tretti år har mobilisert fattige kvinner til å plante 30 millionar tre. Metodane hennar er tekne i bruk også i andre land. Vi er alle vitne til korleis avskoging og skogsdød fører til ørkenspreiing i Afrika og trugar mange område i rundt om i verda – også i Europa. Vern om skog mot ørkenspreiing er ei vesentleg sak i strevet for å styrkja livsmiljøet på vår felles jord.»

VATN OG KRIG

Å stille retoriske spørsmål av typen «kva har miljøvern å gjere med fred?» blir feil, synest Olsson.

– Dette handlar om samanhengen mellom fred og tilgang til naturressursar. Om du ikkje har naturressursar som vatn og dyrkbar jord å leve av, vert det vanskelegare å utvikle demokrati, og med det respekt for grunnleggjande menneskerettar. Dette er fundament for varig fred, seier ho.

Professoren har sjølv røynsle frå India, kor tilgang til vatn vart årsak til konflikt. Også i Midtausten er vatn ein stadig viktigare forklaring på fiendskap mellom israelarar og palestinarar: Grunnvatnet er nå så lågt at saltvatn frå Middelhavet renn inn. Dette har ført til at palestinarar jamt over ikkje får lov til å bore nye brønnar.

I denne samanhengen er Green Belt Movement, som Maathai har stifta, eit middel i kampen for å styrke demokrati, respekt for menneskerettar – og fred, seier Olsson, og viser til grunngjevinga frå Nobelkomiteen, som skriv at «Ved opplæring, familieplanlegging, ernæring og kamp mot korrupsjon legg Green Belt Movement vilkåra til rette for utvikling nedanfrå. Vi trur Maathai er ei sterk røyst for dei beste kreftene i Afrika til å fremja fred og gode livsvilkår på kontinentet. »

– Maathai arbeider for dei fattige, dei undertrykte, for kvinnene i samfunnet, seier Olsson, og minner om at Maathai ikkje er den første med biologibakgrunn som får fredsprisen: I 1970 valde Nobelkomiteen å gje den til den amerikanske genetikaren Norman Borlaug for hans arbeid med foredling av mais og kveite. Olsson får støtte frå professor Helge Brattebø ved Institutt for vatn- og miljøteknikk. Også han ser på Maathais arbeid som konfliktdempande.

– Utarming av ressursgrunnlaget fører uvilkårleg til dårlegare levekår over lengre tid, noko som igjen venteleg verkar konfliktskapande, seier professor Brattebø.

FRED = FRÅVER AV KRIG?

Gunilla Olsson meiner kritikken av tildelinga til Maathai aktualiserer behovet for ein ny diskusjon om kva ein eigentleg legg i omgrepet «fred».

– Er fred det same som fråver av væpna konflikt? Eller inneber det også at folk har høve til å leve anstendige liv, til å få grunnleggjande behov tilfredsstilt, at ressursane er nokolunde rett fordelt? Har fred å gjere med fridom frå fattigdom? Fridom frå svolt og undertrykking er basis for demokratisk utvikling, som igjen er fundament for varig fred, meiner ho. Ein av dei som har ytra seg kritisk til denne tildelinga, er Nils P. Gleditsch, professor II ved NTNU og seniorforskar ved Fredsforskingsinstituttet. Han åtvarar mot at omgrepet «fred» vert utvida til å gjelde alle faktorar som utgjer eit trugsmål mot menneskes liv og helse, og ikkje berre fråver av krig:

– Då glir ein i retning av ein type argumentasjon som går ut på at «alt heng saman med alt». Vert tryggingsomgrepet utvida så mykje at det gjeld for alle moglege gode saker, kan ordet fort tape innhald, er Gleditsch’ oppfatning.

– Dersom kampen mot fattigdom, epidemiar og naturkatastrofar skal kvalifisere for fredsprisen, representerer denne tildelinga ein radikal omdefinering av innhaldet i prisen, seier han. Dette er professor Brattebø usamd i:

– Nobelkomiteens forståing av kva som er fredsskapande arbeid, har blitt utvida dei siste tiåra. Korkje Rigoberta Menchu, Aung San Suu Kyi, Shirin Ebadi eller organisasjonen Legar utan grenser fekk prisen for fredsskapande arbeid i streng forstand. Dei fekk den for arbeid for menneskerettar, demokrati og betre humanitære tilhøve. Innsats for å sikre det økologiske resursgrunnlaget må sjåast på som ei vidareføring av denne linja.

MÅ KLARGJERE

Både Olsson og Brattebø argumenterer med ressursmangel, som til dømes mangel på vatn, som ein viktig forklaring på konflikt og ufred. Dette stiller Gleditsch seg kritisk til.

– Spekulasjonar om «vatnkrigar» med atomvåpen og endetidsvarsel gjer seg bra i media, men er ikkje særleg godt fundert. Dersom mangel på ressursar som matjord, ferskvatn og skog fører til krig, skulle ein vente at land med slik mangel oftare er utsett for krig enn land med overflod. Men forskinga gjev inga sterk støtte til slike synspunkt, slår Gleditsch fast. Fredsforskarane har også kjørt statistiske analysar omkring borgarkrig og ressursar. Her har dei funne at land som opplever sterk vekst i befolkninga, eller har mange innbyggjarar innafor eit lite areal, ikkje opplever auka sjanse for at det skal bryte ut borgarkrig, samanlikna med land med lågt press på jordbruksressursane. På eitt vesentleg punkt kjem Gleditsch Olsson og Brattebø i møte.

– Kan hende er Maathais innsats for menneskerettar og demokrati i Kenya eit viktigare fredsbidrag enn treplanting. Utfordringa for Nobelkomiteen blir då å gjere klart kva for fredsteori ein eigentleg byggjer på.

 

Av Tore Oksholen