Mindre til sengs i dårlige tider

Kvifor går sjukefråværet ned når arbeidsløysa går opp? To forklaringar står mot kvarandre.

Av Tore Oksholen

Når arbeidsløysa går ned, går sjukefråværet opp. Og omvendt. Det veit vi frå statistikkane. Det gjeld både korttidsfråvær og slikt som krev sjukemelding frå lege. Altså: Er det godt om arbeid, er fleire borte frå jobben. Men når mange går utan jobb, då er sjukefråværet lågt hos dei som framleis har arbeid å gå til. Kvifor er det slik?

Det finst to hovudforklaringar.

Teori 1: Disiplin

Den eine er at folk skjerpar seg når mange er utan arbeid. Dei går på jobb sjølv om dei kan hende burde ha sjukmeldt seg. Den kallast disiplineringshypotesen.

Mot dette vert det hevda at Noreg har eit så sterkt oppseiingsvern at trusselen ikkje er reell. Men det finst fleire middel for å disiplinere medarbeidarar, enn oppseiingar. Lønna er eitt. Folk som har stort fråvær, kan med rette eller urette frykte for å bli hengande etter i lønnsutviklinga. Dei kan også risikere å bli “parkert” karrieremessig, eller miste individuelle frynsegode.

Teori 2: Samansetnad

Den andre forklaringa er at dei med svakast helse er dei siste som vert tilsett i gode tider. Då vil dei også vere dei første til å bli sagt opp i dårlege tider. Og når dei forsvinn frå arbeidsplassen, går gjennomsnittleg fråvær ned. Denne forklaringa heiter samansetnadshypotesen.

Når mange går utan arbeid, vil den store gruppa med arbeidslause innehalde både friske og sjuke. Då vil arbeidsgjevarane sjå etter dei med best helse først. Dermed er det først når marknaden vert skikkeleg stram, at dei med større helseproblem får jobb.

Eit vitskapleg svar

Er det mogleg å gje eit vitskapleg svar på kva for ein av dei to forklaringane som stemmer best?

Førsteamanuensis Jan Morten Dyrstad har forska på dette, saman med stipendiat Solveig Osborg Ose. Dei to har gått gjennom fråværet ved medlemsbedriftene i NHO. Dei har kome fram til resultat som støttar disiplineringshypotesen: Folk pressar seg på jobb når arbeidsløysa er høg.

Dyrstad og Ose delte sjølve arbeidsløysa inn i ein “høg” og ein “låg” kategori. Høg arbeidsløyse betydde her meir enn 1,8 prosent av heile arbeidsstokken. Forskarane sette som premiss at risikoen er større for å bli “straffa” når arbeidsløysa er høg.

Resonnementet er slik:

Når arbeidsløysa er høg men begynner å gå ned. Om samansetnadshypotesen (SSH) stemte: Då vert dei friskaste tilsett først. Fråværet blir dermed uendra.

Om disiplineringshypotesen (DH) stemte: Når fleire kjem i arbeid og arbeidsløysa går ned, vil disiplineringa bli redusert. Dermed vil fråværet auke.

Når arbeidsløysa allereie er låg, men går vidare ned. Om SSH stemte: Då startar ein med å tilsette dei med større helseproblem, og sjukefråværet vil stige. Om DH stemte: Då er redsla for å misse jobben allereie blitt så liten at fråværet alt har auka. “Disiplineringsfaktoren” er borte, både blant dei nytilsette og blant dei som allereie er i jobb. Ytterlegare nedgang i arbeidsløysa vil dermed ikkje ha nokon effekt på fråværet.

Både med låg og med høg arbeidsløyse som startpunkt, gir resultata støtte til disiplineringshypotesen: Folk let trugsmålet om arbeidsløyse fungere som pressmiddel til å gå på jobb.

Stramme inn på sjukelønna?

Dermed vil det vere mogleg å bruke undersøkinga som argument for å stramme inn på sjukelønnsordninga. Men Dyrstad peikar på at fleire faktorar må trekkast inn.

– Vi veit ikkje kva som er “naturleg” nivå på fråvær. Kva vil langtidseffektane bli, dersom folk opplever press til å gå på jobb når dei eigentleg er for sjuke til det? Det kan tenkast at disiplineringsfaktoren tener til å presse ein del folk permanent ut av arbeidsmarknaden, og dei endar opp som uføretrygda. Undersøkinga vår fangar ikkje opp dette, seier Jan Morten Dyrstad.