Studia til førsteamanuensis Veerle Jaspers ved NTNU kan bidra til at eit eller fleire nye kjemiske forbindelsar blir regulert eller satt på forbodslista i EU eller i internasjonale konvensjonar. Foto: Thinkstock

Skal finne miljøgifter i fuglefjør

Fuglefjør kan brukast til å finne ut i kor stor grad rovfuglar er råka av nye miljøgifter. Forskar skal samle fjør og blodprøvar frå verna fugleungar i reiret, tatt før dei er flygedyktige.

Førsteamanuensis Veerle Jaspers ved NTNU skal studere fjør og blodprøver frå havørn og hønsehauk, for å måle konsentrasjonen av miljøgifter og kva slags effektar dei kan ha på fuglane.

dummy2

Førsteamanuensis Veerle Japsers ved NTNU forsikrar at ingen av dei verna fuglane skal ta noko skade av å bli forska på. Foto: Terje Trobe

Stoffa ho skal leite etter er nye flammehemmande forbindelsar, som blir brukt i mange av produkta vi omgir oss med: elektronikk, isolasjonsmateriale av plast, enkelte tekstilar, med meir. Nokre av flammehemmarane har blitt forbode eller er strengt regulerte i EU, fordi dei kan vere skadelege både for helse og miljø.

Les også: Håkjerring lagrer mer miljøgifter enn isbjørn

Er dei nye like farlige som dei gamle?

Jaspers og hennar medarbeidarar skal sjå etter nye stoff som har kome som erstatning for dei som er blitt forbode.

– Vi skal sjekke om dei nye stoffa er like farlige som dei gamle dei erstattar. Det er ikkje studert på fuglar før, seier Jaspers.

Veerle Jaspers har brukt fuglefjør i jakta på miljøgifter før. Ho tok doktorgraden sin ved universitetet i Antwerpen på analyse av spor etter organiske miljøgifter som DDT og PCB i fuglefjør i heimlandet Belgia. Men forskingsmidla i Belgia og EU tørka inn, så da det i fjor kom eit tilbod om ein fast forskar- og undervisningsstilling i miljøtoksikologi ved NTNU, tok ho med mannen og sonen og flytta til Trondheim.

Les også: Miljøgifter har ført til tynnere skall hos den sjeldne ismåken

– Både mannen min og eg hadde vore i Norge tidlegare, og lika oss her. Sonen vår på tre og eit halvt år finn seg og godt til rette. Han går i friluftsbarnehage, og snakkar trøndersk allereie. Dessutan hadde eg lyst til å kombinere undervisning og forsking, seier ho.

Stjerneprogrammet

  • NTNU ønsker å dyrke frem flere eliteforskere, og 17 unge forskere på NTNU er plukket ut til å bli med i Stjerneprogrammet.
  • Forskerne har allerede utmerket seg internasjonalt innenfor sine fagfelt.
  • Ved hjelp av mentorer, opphold i utlandet, samlinger, penger og Olympiatoppens kompetanse innen talentutvikling skal forskerne settes bedre i stand til å kapre flere internasjonale verdensmesterskap innen forskning.

Forsket på kvelden og i helgene

Men det første året i Trondheim vart travelt. Ho hadde lyst til å undervise, men var ikkje budd på alt det tidkrevjande papirarbeidet som følgde med.
– Eg har brukt mykje tid på å førebu og følgje opp undervisninga. Og eg har investert masse tid på å lære meg norsk, seier Jaspers. Det strevet har gitt resultat: Ho insisterer på å bli intervjua på norsk, kastar seg uredd ut på språkleg tynn is og kjem imponerande godt ifrå det.

Forsking har det stort sett berre blitt tid til på kvelden og i helgene. Til no. I vår fekk ho beskjed om at ho er ein av dei 17 utvalde til NTNUs stjerneprogram for unge forskarar.

Les også: Granmeisas generasjonskamp

Set stor pris på ein mentor

– Det gir meg betre tid til forsking. Eg vil halde fram med å undervise, men eg får midlar til å betale doktorgradstudentar for å ta ein del av undervisninga. Eg treng ikkje lenger sitte og gå gjennom alle labrapportane sjølv.
Mentorordninga er ein annan viktig del av stjerneprogrammet, meiner Jaspers. Ho kan velje seg ein internasjonal kapasitet på sitt fagområde, som kan gi råd og hjelp til å utvikle forskarkarrieren. Hennar mentor er Cynthia de Wit, professor i miljøtoksikologi ved universitetet i Stockholm.

Fjør fra ungar i reiret

Og ho treng meir tid til forsking. I vinter fekk ho sju millionar frå fellesløftet, eit spleiselag mellom forskingsrådet og universiteta, til prosjektet med å spore nye typar flammehemmarar i rovfugl. Prosjektet skal gå over fire år. No er ho i ferd med å sette saman ein stab, mellom anna med to doktorgradstudentar. Det blir også sett opp ein eigen lab ved instituttet der dei skal preparere prøver for analyse av organiske miljøgifter. Det er finansiert delvis med midlar frå fellesløftet, delvis frå ”startpakke for kvinner”.

Les også: Blåstrupe med solkrem mistet draget

– Vi skal sjå på havørn og hønsehauk, for å ha en akvatisk og ein terrestrisk art. Vi skal samle fjør og blodprøvar frå fugleungar i reiret, tatt før dei er flygedyktige. Dette er verna fuglar, så det er ikkje snakk om å skade eller drepe dei. Og vi tar heller ikkje fjør som påverkar flygeevnen, forsikrar Jaspers.

Både i Trondheim og Troms

Dei skal samle prøver frå fuglar både i Trondheims-området og i Troms, for å sjå om det er skilnad i eksponeringa mellom ulike breiddegradar.
I eigne labstudiar blir vaktel og vaktelegg eksponerte for dei nye flammehemmande stoffa, for å studere effektar på vekst, immunforsvar, hormonproduksjon, med meir.

– Vi skal også sjå på den interaktive effekten av regulerte og ikkje-regulerte stoff, saman med andre stressfaktorar som klimaendringar og endringar i habitat, seier Jaspers.

Slike studiar kan bidra til at eit eller fleire nye kjemiske forbindelsar blir regulert eller satt på forbodslista i EU eller i internasjonale konvensjonar.
– Men slike reguleringar krev eit omfattande forskings- og dokumentasjonsarbeid. Det trengst fleire studiar, på fleire lokalitetar og fleire artar, seier Jaspers.

Metall i meisefjør

Det var litt tilfeldig at det er fuglar ho bruker for å spore opp miljøgifter i naturen – ho skreiv masteroppgåve om metall i meisefjør. Sidan har ho halde seg til dei fjørkledde. Men ho vedgår at det nok ligg eit miljøengasjement bak.

– Eg valde tema for masteroppgåva fordi eg ville bidra positivt til samfunnsutviklinga. Og ja, eg kjeldesorterer og slår av lyset, og prøver å leve slik at ein ikkje sett større fotspor enn naudsynt, seier Jaspers.