Ein tidleg prototype av roboten. Systemet klarar å sjå laserstrekane og bore langs dei. Foto: Falkeblikk.no/Jo Bergesen

La roboten ta seg av takboringa

Boring i tak er både utmattande og ressurskrevjande. No skal ein ny robot for alvor ta eit oppgjer med den svekka produktiviteten i byggenæringa.

Robotteknologien har endra seg mykje på relativt kort tid. I dag er den kome så langt at det har opna seg moglegheiter for å utvikle produkt for nye marknadar.

Dette visste fem ferske NTNU-studentar å utnytte, då dei i 2008 lét blikket falle på byggenæringa. I løpet av året vil dei lansere ein nyutvikla robot som skal ta eit oppgjer med byggebransjens dalande effektivitet og produktivitet – ein gong for alle.

Forelska i Sognefjorden

Det heile byrja då Halvor Gregusson og Konrad Fagertun frå NTNUs Entreprenørskole slo seg saman med fire kybernetikarar for å finne ein god forretningsidé. På ein bedriftspresentasjon kom dei i snakk med ein utsending frå Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, som inviterte dei med til vakre Sognefjorden. Sidan har dei vorte verande. No driv dei to svært suksessfulle selskap i Sogndal, og er kjende for å rekruttere ferske NTNU-studentar gjennom alternative jobbintervju som inkluderer ein fjord og eit wakeboard.

Roboten borar med ein heilt nøyaktig presisjon og hola går lett som ein leik. No håpar fleire at han skal revolusjonere byggebransjen. Foto: nLink AS.

Roboten borar med ein heilt nøyaktig presisjon og hola går lett som ein leik. No håpar fleire at han skal revolusjonere byggebransjen. Foto:  Falkeblikk.no/Jo Bergesen 

Det første selskapet deira, Yast, hadde stor suksess med å selje nettbaserte timelistesystem til små og mellomstore bedrifter. No er Yast blitt til selskapa Rocketfarm og nLink som til saman tel 16 tilsette, der 8 er tidlegare studentar frå NTNU. På tre år snudde nLink eit driftsresultat på minus 68.000 kroner i 2009 til eit overskot på om lag 1,2 millionar kroner i 2011. I løpet av det siste året aleine har selskapa vakse med om lag 100 prosent.

Les også: Tonar utan ein tråd

Vart nyheitssak

I ei lita bygd som Sogndal vart det fort ei nyheitssak at fire sivilingeniørar ynskte å slå seg ned og drive eit teknologitungt selskap blant høge fjell og djupe fjordar. Det har likevel også vore same nysgjerrigheita og drahjelpa frå lokalsamfunnet som er mykja av årsaka til selskapas suksess, ifølgje Gregusson som saman med dei andre har teke småsamfunnet nært til seg, og funne seg godt til rette i Sogn. Dei har ingen planar om å flytte på seg med det første.

Gründerane valte faktisk i 2008 å takke nei til jobbtilbod i storbyar som Oslo og Bergen, for å stå på ski, gå i fjellet og slå seg ned i vesle Sogndal. No held dei tilsette i nLink AS på med å utvikle ein mobilrobotplattform og styringsverktøy til ein borerobot retta inn mot industrien og byggenæringa. Ein robot som har vorte utvikla i samarbeid med el-entreprenøren Vintervoll AS og Innovasjon Norge gjennom ei såkalla IFU-kontrakt, industriell forsking og utvikling. Utgiftene vart delt på dei tre partane, noko som har gjort det mogleg for nLink å gjere den tradisjonelle industriroboten mobil.

Les også: Kan bake mat på solstrålar

Revolusjonere byggebransjen

Deira borerobot kan kome til å revolusjonere byggebransjen, og gjere det mogleg å spare tid samt få ned sjukefråværet blant byggearbeidarane. For boring, spesielt i tak, er anstrengande og krev uheldige arbeidsstillingar. Og i staden for at arbeidarar fysisk må bøye seg ned i ugunstige stillingar og bore hol etter hol i eit tak, vil roboten gjere same jobb – berre raskare og meir effektivt.

– Vi har utvikla denne roboten ved å knyte saman kjente komponentar på ein ny måte, og utvikla eit styringssystem som gjer at alt snakkar saman. Det er denne kombinasjonen som gjer at ein får nøyaktigheita til ein robot og mobiliteten til ein lift, fortel forretningsutviklar i nLink, Fagertun, og forklarar at roboten gjer jobben mellom fem og ti gonger raskare enn om ein skulle gjere det manuelt.

Boreroboten fekk mykje merksemd under ”Bygg Reis Deg”-messa, ein stor byggevaremesse der bransjen viser fram sine nyaste produkt i oktober i fjor. Foto: nLink AS.

Boreroboten fekk mykje merksemd under ”Bygg Reis Deg”-messa, ein stor byggevaremesse der bransjen viser fram sine nyaste produkt i oktober i fjor. Foto: Falkeblikk.no/Jo Bergesen

– Berre i Noreg brukar ein 250 millionar kroner på denne typen boring. I store bygg som er under bygging, er det ofte mellom 100-200.000 hol som skal borast. Vi trur at vår robot kan ta eit oppgjer med ein bransje som har synt ein tendens til å dale i effektivitet dei siste 50 åra, fortel Fagertun.

Brukar laser- og kamerateknologi

Den første versjonen vert truleg ferdigutvikla i slutten av året, og Vintervoll vil vere først ut til å kunne ta den i bruk. Seinare vert det også opna for at andre interesserte aktørar på marknaden kan skaffe seg roboten, ifølgje dagleg leiar i søsterselskapet Rocketfarm AS, Gregusson, som trur at årsaka til at det ikkje har vore den heilt store utviklinga innan byggebransjen tidlegare, kan dreie seg om at industrirobotane har vore altfor stor og tunge, og at det har vorte vanskeleg å få dei ut på marknaden.

– Med dagens teknologi har robotane vorte mindre og enklare å styre, og med det også mykje enklare å ta i bruk, seier Fagertun.

Boreroboten deira baserer seg på bruk av laser, som ein plasserer som referanse i taket. Deretter vel ein ynskja holmønster på ein skjerm, og let resten av arbeidet vere opp til roboten.

Denne videoen viser kor enkelt takboring kan gjerast, ei oppgåve som vanlegvis medfører ubehagelege stillingar og mykje støv og støy. Her vert boreroboten testa av Håvard Halvorsen, dagleg leiar i nLink. Video: nLink AS.

Denne videoen viser kor enkelt takboring kan gjerast, ei oppgåve som vanlegvis medfører ubehagelege stillingar og mykje støv og støy. Her vert boreroboten testa av Håvard Halvorsen, dagleg leiar i nLink. Video: Falkeblikk.no/Jo Bergesen

– Lettare å styre

Dei tilsette i nLink arbeidar no med å utvikle ein app til boreroboten. Med denne appen kan roboten styrast trådlaust, utan nokon ein gong treng å vere i nærleiken av den. Styringssystemet er utvikla på ein slik måte at det skal vere enkelt for folk flest å styre den, og som i tillegg gjer det mogleg for dei tilsette i nLink å fjernstyre systemet eller utføre kontroll om det skulle oppstå eit problem med roboten.

– Det er programmet som gjer det lettare å styre roboten, og som fører til at ein får eit heilt anna grensesnitt enn tidlegare, seier Gregusson og legg til at dei no også ser på andre måtar å bruke programvara på innan andre felt, som til dømes til flislegging og innan helseindustrien.