Med den nye trådlause pedalen kan gitaristane sleppe seg skikkeleg laus og rocke til. Foto: Aalberg Audio.

Tonar utan ein tråd

Selskapet bak verdas første trådlause effektpedal for gitarar har fått inn ei lang liste av interesserte kundar, allereie før han vart lagt ut for sal.

Lanseringa av somme produkt får ein til å lure på kvifor i all verda dei ikkje har eksistert tidlegare. Den trådlause EKKO-pedalen frå NTNU-baserte Aalberg Audio er eit slikt produkt. Og det har ikkje ein gong vorte lansert, like fullt har fleire aktørar kome på bana allereie og synt si interesse.

 Sterk i trua

Ein gründer er ifølgje Wikipedia ein person som har teke initiativ til å starte eit selskap eller ei verksemd, og som er sterk i trua på å lukkast. Gründer, musikar, oppfinnar og dagleg leiar i selskapet Aalberg Audio som står bak verdas første trådlause effektpedal, Rune Aalberg Alstad, meiner at ein må vere så gira på ideen at ein er villig til å bruka all si tid og energi på den. Det har i alle fall han vore frå dag éin, med sitt produkt som han trur har ein stor marknadsverdi.

Amerikanske Jake Hertzog har vunne fleire prisar for sin innsats som jazzgitarist, og har erfaring som journalist i verdsleiande gitarblad. Her testar han Ekko-pedalen saman med Eric Udell, bassisten frå The Blues Brothers. Foto: Aalberg Audio

Amerikanske Jake Hertzog har vunne fleire prisar for sin innsats som jazzgitarist, og har erfaring som journalist i verdsleiande gitarblad. Her testar han Ekko-pedalen saman med Eric Udell, bassisten frå The Blues Brothers. Foto: Aalberg Audio

– Som gründer må du ta til takke med ei usikker eller låg inntekt kombinert med seine kveldar og mykje hard jobbing. Og så må ein stå på for å få inn dei rette folka og nok pengar. For meg var det kanskje litt naturleg å verte gründer. Det er mange likskapar mellom det å vere musikar og gründer. Eg er også veldig sta, og har eg bestemt meg for å få til noko, så skal det mykje til før eg gir opp, seier han.

Men Aalberg hadde aldri trudd at han skulle starte eige firma. Faktisk vart han overtala til å starte opp aksjeselskapet Aalberg Audio av NTNU Technology Transfer Office (TTO) for fem år sidan. Det er han er veldig glad for i dag.

– Heilt uverkeleg

Selskapet hans har allereie fått mykje omtale i media og stor merksemd frå aktørar verda over, i tillegg til økonomisk stønad frå Adolf Øiens Fond, NTNU Discovery, Spark NTNU, Innovasjon Norge og Forskingsrådet. Gjengen i Aalberg Audio stakk også av med sigeren i den nasjonale finalen av Venture Cup i oktober fjor, og eit stipend på 60 000 kroner frå Innovasjon Norge. Snart vert produktet deira omtala i verdas største gitarblad, Guitar Player. For Aalberg kjennes det heile ut som ein draum han ikkje heilt veit når han kjem til å vakne frå.

 Slik ser det ut, produktet som skal ta gitaristverda med storm. Pedalen har fått namnet EKKO, og den trådlause kontrollen AERO. Foto: Aalberg Audio.

Slik ser det ut, produktet som skal ta gitaristverda med storm. Pedalen har fått namnet EKKO, og den trådlause kontrollen AERO. Foto: Aalberg Audio.

– Eg starta jo å spele gitar då eg var 9 år, og las flittig i alle gitarblad og katalogar som fantes, så det å sjølv skulle kome i det bladet no, ja, det er eigentleg heilt uverkeleg, seier Aalberg som er dagleg leiar i selskapet.

Men det er ikkje rart at så mange er interesserte i Aalberg Audio sitt produkt. For at det ikkje har eksistert eit liknande produkt før, er i grunnen ganske merkeleg. Det seier seg sjølv at mykje vil vere lettare med ein trådlaus fjernkontroll mellom el-gitaren og effektpedalane på golvet, fordi gitaristen då slepp å bøye seg ned eller fomle med foten for å endre lydbiletet under ein konsert. Fjernkontrollen, som har ei rekkevidde på 30 meter, kan festast direkte på gitaren, på reima eller i beltet.

Funne opp på do

Sjølve ideen til Ekko-pedalen oppstod under noko så merkeleg som eit toalettbesøk. Aalberg hadde nett kome heim etter ei bandøving der han nok ein gong hadde brukt tid på å irritere seg over at han var så bunden til plasseringa av effektpedalane på golvet, og at han ikkje kunne bevege seg slik han ynskte.

– Stadig å måtte bøye seg ned for å endre lyd, hindrar gitaristane å ta det heilt ut og rocke skikkeleg. Då eg sat på toalettet den kvelden, såg eg plutseleg for meg korleis heile systemet kunne fungere og skribla ned ideane mine på ein gammal konvolutt frå Skandiabanken, seier han.

Produktet han fann opp denne kvelden på toalettet, er unikt i verdssamanheng. Det gjev gitaristar høve til å endre gitarlyd trådlaust, og sleppe å fomle etter knottane nede på golvet når dei spelar. Aalberg tok etter kvart patent på ideen og skreiv mastergraden sin ved Musikkteknologi ved NTNU om prosjektet.

– Vår pedal gir gitaristane eit hav av nye kreative spelemåtar fordi effektendringane no kan integrerast som ein del av sjølve gitarspelinga. Vi har fått god feedback frå bransjen på at dette er eit godt produkt, og er sikre på at det vil slå an hjå alle slags gitaristar, seier Aalberg.

– Mest innovative på marknaden

Selskapet har no utvida frå ein til fire, då Aalberg fekk med seg deleigarane Aleksander Torstensen og André Jonvik frå NTNUs Entreprenørskole, som arbeidar med forretningsutvikling. I tillegg til deleigar og ingeniør Torkild Indstøy, som er den tekniske hjernen i selskapet. Lidenskapen for musikk er mykje av drivkrafta bak Aalberg Audio. Dei interesserer seg alle for musikk, noko som nærast er eit krav frå bidragsytarane i Aalberg Audio, ifølge Torstensen.

Saman med oppfinnar Rune Aalberg Alstad (i midten nede) og ingeniør Torkild Indstøy (t.h), slo Aleksander Torstensen (t.v) og André Jonvik til og vann heile Venture Cup i fjor. Foto: Kai Torgeir Dragland/NTNU

Saman med oppfinnar Rune Aalberg Alstad (i midten nede) og ingeniør Torkild Indstøy (t.h), slo Aleksander Torstensen (t.v) og André Jonvik til og vann heile Venture Cup i fjor. Foto: Kai Torgeir Dragland/NTNU

For å kunne få til eit såpass lite, trådlaus produkt som Ekko-pedalen og Aero-kontrollen, har selskapet nytta seg av ein chip utvikla av Nordic Semiconductor, eit selskap med bakgrunn frå NTNU. Dei har også fått hjelp av SINTEF til å utvikle sjølve antenne-teknologien. I januar deltok Aalberg, Torstensen og Jonvik på ei bedriftsmesse i sjølvaste Silicon Valley for å syne fram produktet.

– Vi fekk enormt gode tilbakemeldingar som at «dette er det mest innovative på marknaden nett no». Det var også fleire som var klar til å bestille produktet der og då. Det var i grunn ganske surrealistisk, humrar Jonvik.

 Styrast frå mobilen

Framleis står det att eit par ting dei må få på plass før produktet kan verte lansert. Til våren vil selskapet sette i gang eit crowdfunding-prosjekt, der fans får sjansen til å forhandsbestille produktet før det kjem i butikkane. På den måten håpar dei å få inn nok pengar til å sette i gong første produksjonen av produktet. Vidare vil dei arbeide med å finjustere pedalen, som vil bli produsert lokalt i Trondheim av bedriftene Noca og Profi. Sjølve tilknytinga til teknologibyen og NTNU er viktig for Aalberg & Co, og dei kjem til å fortsette å samarbeide med studentar og tilsette ved NTNU.

Førebels skriv til saman sju studentar frå Institutt for datateknikk og informasjonsvitenskap oppgåver i samarbeid med Aalberg Audio. Fleire av dei ser på moglegheita for å utvikle ein app som gjer at ein kan styre pedalen frå smarttelefonar og «synce» effektane til ein bestemt song.

– Denne appen skal hjelpe deg med å finne effektane frå ein song, som til dømes songen «Stairway to Heaven» av Led Zeppelin. Om ein vil spele denne songen, vil appen leite opp effektane som gitarist Jimmy Page brukte i songen og kople det opp til pedalen. Det heile vil gå automatisk utan at ein sjølv treng å skifte effektar, forklarar Torstensen.

– Ikkje første produktet

Ifølge gjengen i Aalberg Audio er ikkje den unike pedalen det første og siste produktet deira. Aalberg har fleire nyskapande idear på lur, og seier at dette produktet berre er starten på noko stort. Sjølv om han står på dag og natt for å få ting til å gå rundt, ville han ikkje hatt det noko annleis.

– Grunnen til at eg har halde ut desse fem åra, er garantert lidenskapen for musikk og gitar. Det er den indre drivkrafta. Hadde eg kun gjort dette for pengane, ville eg nok ha gitt opp for lenge sidan, seier Aalberg.