Med kontroversar og mykje mediemerksemd på 80-talet oppstod ulvepsykosen i Noreg. Dette har Håkon Stokland ved NTNU sett nærare på i sin doktorgrad «Å danse med ulver – forvalting og forsking på ulver i Norge siden 1960-tallet». Foto: Photos.com

Då ulvepsykosen herja landet

Frå å belaga seg på lokalaviser for ulveobservasjonar til å ta i bruk genteknologi. Forvaltinga og forskinga av ulven i Noreg har vore gjennom store endringar.

På siste halvdel av 1800-talet vart ulvebestanden i Skandinavia betydeleg redusert. Ei utvikling som inga ende skulle ta, og som førte til at bestanden nærast vart utrydda på 1960-talet. Kva gjorde biologane då? Korleis skulle dei finne ut kor mange ulvar som fanst i Noreg, og kor mange ulvar ein burde ha? Og korleis har konfliktane og kontroversen som gjerne følgjer ulven påverka innbyggjarane og dei som er tettast på dette frykta rovdyret?

Mange om ulvebeinet

Det er dette Håkon Stokland ved NTNU undersøker i sin doktorgrad «Å danse med ulver – forvalting og forsking på ulver i Norge siden 1960-tallet», som er venta å stå ferdig i 2015. Stokland har sett mest på arbeidet som har vorte gjort dei siste femti åra av dei som jobbar tettast på gråbeinen – naturforvaltarane og forskarane.

Det har vore ei stor utvikling i høve forskinga og forvaltinga av gråbeinen. Foto: Photos.com.

Det har vore ei stor utvikling i høve forskinga og forvaltinga av gråbeinen. Foto: Photos.com.

I dag er det mange som har ansvar for ulven og som gjennom ulike metodar tel og overvakar den.

Det overordna ansvaret ligg hos «Nasjonalt overvåkingsprogram for rovvilt», som Rovdata driftar, formidlar og vidareutviklar. Det praktiske arbeidet med teljing og overvaking av ulv står blant andre Høgskolen i Hedmark for. Dei koordinerer og kvalitetssikrar bestandsovervakinga av stasjonære ulvar, mens ikkje-stasjonære ulvar vert registrerte av Statens Naturoppsyn. Dei genetiske prøvene utførast av Rovdata. Det kan gjerne seiast at det er mange om «ulvebeinet».

Nærast utrydda

På 80-talet vart forskingsseksjonen til Direktoratet for naturforvaltning (DN) skilt ut til Norsk institutt for Naturforskning (NINA). Stokland har nytta lang tid på å sjekke ut arkiva til desse to institusjonane, for å finne ut korleis forvaltinga av ulven har fungert i praksis, som på eit tidspunkt vart ei stor mengd arbeid.

– Det er vanskeleg å svare konkret på kvifor det plutseleg vart fokus på vern av ulven på 1960-talet, men det er eit samanfall med breiare samfunnstrendar og auka fokus på naturvern på ei og same tid. Når biologane først hadde bestemt seg for at dei ynskja å verne om ulvane, kom dei fram til at det å produsere kunnskap om bestanden si tilstand var essensielt for å få gjennomslag for ei freding. Denne kunnskapsproduksjonen kan ein sjå på som ein del av treknikkane som vert nytta for å mogleggjere politikk i praksis, som er der hovudfokuset i mitt arbeid ligg, fortel Stokland.

Intensiv overvaking

Stokland er i ikkje i tvil: Det har vore ei stor utvikling sidan 60-talet fram til i dag i høve forvalting og regulering av ulven. Det er to hovudliner i forteljinga han vil formidle om teljing og overvaking av ulv. Den eine går på den biologiske metodikken til viltbiologane, korleis dei forsøkte å telje ulver. Noko han har delt opp i tre ulike periodar, -60, -80 og 2000-talet. Her ser han på korleis ein etterkvart klarar å utvikle meir nøyaktige metodar for teljing og overvaking. Den andre lina i historia går på kva som har drevet fram denne utviklinga.

– Ulven vart freda tidleg på 1970-talet, og med det vart ulven eit anna forvaltingsobjekt. Før fredinga var det skotpremie på ulven, og ein prøvde regelrett å utrydde den. Etter ulven vart freda måtte ein lage ein slags forvalting som gjorde at ein kunne ta vare på den. Dette skapte også problem og kontrovers i forhold til sau og rein, fortel Stokland.

Han ynskjer også å finne svar på kvifor overvakinga har vorte så intensivert som ho er i dag. Det var noko av det som overraska han mest då han byrja arbeidet. Nemleg kor mykje kunnskap som vert produsert om ulvane her i landet.

Lite interesse for bevaring

Det finst om lag 30 heilnorske ulvar i tillegg til 50 grenseulvar, som lever på grensa mellom Noreg og Sverige. Om desse finst det ei stor mengd kunnskap og biologane veit ofte nøyaktig kor mange dei er og i kva område dei held seg.

Før 1960-talet var det imidlertid lite interesse for denne informasjonen eller for å i det heile teke bevare ulven. Viltbiologar frå Noreg, Sverige og Finland kom saman med eit felles ynskje om å finne fram til måtar å verne ulven på. Den norske viltforskaren Svein Myrberget frå «Statens viltundersøkelser» vart sett til oppgåva med å finne ut kor mange ulvar som fanst i Noreg.

Myrberget sin metode var å nytte utklipte avis-notisar og saker for å finne fram til observasjonar av ulv. Her frå perioden 1961-1967 fordelt etter fylke og år. Ref: Myrberget, Svein. 1969b. Ulvens status i Fennoskandia. Naturen 3. S. 162.

Myrberget sin metode var å nytte utklipte avis-notisar og saker for å finne fram til observasjonar av ulv. Her frå perioden 1961-1967 fordelt etter fylke og år. Ref: Myrberget, Svein. 1969. Ulvens status i Fennoskandia. Naturen 3. S. 162.

Myrberget kom fram til ein metode som gjekk ut på å telje alle nyheiter og notisar om ulveobservasjonar i avisene. Han engasjerte Norske Argus som fungerte som eit avismonitor-system til å klippe ut absolutt alle nyheitene om ulveobservasjonar gjort i landet. På den måten fekk han alle spaltemetrane som fantes kring ordet «ulv» i norske aviser frå 1948 til 1967, og han sorterte desse ut etter kor pålitelege han meinte dei var. Myrberget sine resultat indikerte at det fanst tre ulvar i Noreg i 1966/67 og femten fordelt over heile Skandinavia.

Sette premissane

Konklusjonen i biologane sin rapport var at situasjonen var «katastrofal». Ein konklusjon som også sette premissane for korleis situasjonen for ulvane vart oppfatta i Noreg, og var hovudårsaka til verninga av ulven i 1971.

– Resultatet vart difor ei permanent freding av ulven i 1973. Ein kan seie at biologane hadde nådd det dei var ute etter, seier Stokland.

I arbeidet hans kjem det fram at viltbiolog Myrberget var veldig klar over at metoden hans hadde fleire feilkjelder og manglar. I ein mindre kjent rapport innrømte viltforskaren at det var vanskeleg å analysere pålitelegheita til notisar i lokalaviser som fort kunne vere forvekslingar. I ein anna rapport skreiv han likevel at metoden hans var tilstrekkeleg, fordi det var så få ulvar i Noreg, og at dei difor skapte så stor oppstanding blant folk der dei dukka opp.

– Det er grunn til å tru at Myrberget prøvde å lage rapporten så robust som mogleg sidan dette var hovudnøkkelen til å få gjennom at ulven skulle bli freda. Det er likevel for mange feilkjelder i studia til å seie at han lukkast i sitt arbeid med å telje ulvane i Noreg nøyaktig. Han lukkast derimot med å skape eit robust bilete av kor sårbar ulven var, og på den måten laga ei sterk sak for fredinga av dei. Å avgjere på avstand kor mange ulvar det er i Noreg har vore eit problem for biologane heilt til genteknologien gjorde dette mogleg i større grad, seier han.

I sitt arbeid diskuterer Stokland kor viktig Myrberget og dei andre skandinaviske biologane sin rapport vart i avgjerda om å verne ulven i 1971, berre tre år etter rapporten vart lagt fram. Direktoratet for naturforvaltning og Miljødepartementet refererte også til denne rapporten som førte til ei totalfreding to år etter.

Kontrovers og konflikt

Det vart likevel ikkje lett å forvalte ulven. I 1982 dukka ulven opp på to ulike stader i Noreg, berre nokre år etter fredinga. Med det auka behovet for å kjenne talet ulvar meir nøyaktig på grunn av intensiveringa i den politiske konflikten og krava om erstatninga for sauer. Tidleg på 80-talet etablerte Direktoratet for naturforvalting eit omfattande registreringssystem, med inspirasjon frå Myrberget sin metode og som igjen involverte vanlege folk sine observasjonar.

I dette systemet vart det lagt til rette for at folk skulle melde inn til Viltnemnda og forvaltinga om observasjonar. Det vart også utarbeida kunnskapsbrosjyrar og registreringsskjema for å gjere folket betre i stand til å observere og melde inn om det dei hadde sett. Viltnemnder og viltkonsulentar rundt om i landet vart også rekrutterte til arbeidet for å til kunnskapsflyten. Forvaltinga har framleis restar frå dette systemet intakt i dag, men det har kome nye metodar for bestandsregistrering som gir meir detaljert informasjon.

«Ulvepsykosen»

– Ein oppdaga raskt at vanlege folk sine observasjonar kunne vere upålitelege og at det var vanskeleg å nytte berre dette systemet på grunn av forvekslinga mellom ulv og hund. Til og med på kort hald og med god sikt kunne «ulvane» vise seg å vere rever eller hundar, fortel Stokland.

Det var fleire som rapporterte inn til avisene om sine ulveobservasjonar. Her er utklipp frå notiser som stod på trykk i diverse lokalviser på tidleg 60-tal. Ref: Direktoratet for naturforvaltning (DN) sitt klipparkiv. Ulv 1958-1970.

Det var fleire som rapporterte inn til avisene om sine ulveobservasjonar. Her er utklipp frå notiser som stod på trykk i diverse lokalviser på tidleg 60-tal. Ref: Direktoratet for naturforvaltning (DN) sitt klipparkiv. Ulv 1958-1970.

Med kontroversane på 80-talet med Vegårsheiulven og andre tilfelle i tillegg til mykje mediemerksemd, oppstod det som ekspertane kalla «ulvepsykose». Folk trudde dei såg ulvar som viste seg å ikkje vere det, og det førte til at Viltnemnda fekk inn ein stor mengd observasjonar der av det i det eine tilfellet berre var 11 prosent som vart akseptert som pålitelege observasjonar, ifølgje Stokland.

Mogleggjering av politikken

Biologane konkluderte difor med at undersøkingane måtte gjerast meir tett på ulven. På 1990 og 2000-talet vart det gjort eit nytt stort forsøk på å finne nøyaktige og pålitelege metodar for å forvalte og regulere ulven. Og med genteknologien og «Nasjonalt overvåkingsprogram» på 2000-talet tok ein i bruk synsobservasjonar, sporing, radiomerking og gentesting. I kombinasjonen av metodane vart det enklare å kjenne att ulvane og lettare å telle samt følgje dei.

–DNA-profilar, bestandsmål, jaktlisensar, ulvesonen og overvakingsprogrammet kan alle skildrast som politiske teknologiar laga av biologar og naturforvaltarar for å kunne mogleggjere politikk i praksis. Ulvane forvaltast ikkje direkte, men ved hjelp av slike politiske teknologiar kan ulvane likevel verte regulerte. Dette gjer at det også er gjennom desse teknikkane og instrumenta at forvaltingsobjekt vert skapt. Slike verktøy har vore heilt sentrale for forvaltinga og politikken for ulven, seier Stokland.

Som resultat av dei nye reguleringane vart det i 2004 bestemt at det skal vere tre årlege ynglingar i Noreg. Dette meinte Stortingspolitikarane var nok for å oppretthalde ein levedyktig bestand og samstundes oppfylle internasjonale konvensjonar som Bern-konvensjonen, fortel Stokland. Det krev mykje kunnskap for å regulere dette, og på den måten vart overvakinga av ulven meir intensivert.

Oversikt over ulveflokkane og sona til dei heilnorske ulvane 2012-13, som Høgskolen i Hedmark har utarbeida for Rovdata. Ref: Wabakken, Petter, Erling Maartmann and Thomas H. Strømseth. 2013. Ulv i Norge pr. 15. mars 2013. Foreløpige konklusjoner for vinteren 2012/2013.  Rapport 6. Elverum: Høgskolen i Hedmark. S. 4.

Oversikt over ulveflokkane og forvaltningssona til dei norske ulvane 2012-13, som Høgskolen i Hedmark har utarbeida for Rovdata. Ref: Wabakken, Petter, Erling Maartmann og Thomas H. Strømseth. 2013. Ulv i Norge pr. 15. mars 2013. Foreløpige konklusjoner for vinteren 2012/2013. Rapport 6. Elverum: Høgskolen i Hedmark. S. 4.