Indias mange ansikt

Ser du godt etter, finn du eit kvinneansikt bak perlene og paljettane. Bildet har namnet «Masala-painting II» og er måla av den indisk-norske kunstnaren Nirmal Singh Dhunsi. NTNU har valt det som plakatbilde til det store kultur- og kunnskapsarrangementet «India 2011» i oktober – ei dryg veke fylt med meir enn 100 ulike tilbod til både forskarar og anna folk. Programmet finn du her: www.ntnu.no/india2011