Då Noreg vart djupfryst

  • Av
    Publisert 01.06.11
    Tidligere skribent i Gemini, NTNU

Fryseboksen forandra landet vårt. Meir enn vi skulle tru.

Noreg, 1950-talet: Verdskrigen er over. Arbeidarpartiet sit med makta. Rasjoneringa er for det meste slutt, og økonomien er i framgang, både for land og for folk.

Herfrå går det berre éin veg: oppover. Det veit alle som har sett klipp frå Norsk filmrevy (Filmavisen) dette tiåret, der ein entusiastisk Rolf Kirkvaag kvar veke melder om stadig aukande fred og fryd, modernisering og framsteg, frå Nordkapp til Lindesnes. Hui, kor det går!

Kirkvaag skal vi kome attende til. Han skal snart bli djupfrysingsdirektør, blant anna. Men først litt om tida. For dette er moderniseringas tidsalder i Noreg. Det er tida for å gjere som dei gjer i det mest moderne av alle land: Amerika. Å, så gjerne vi vil ha det slik som dei har det i Amerika!

Og ein ny, liten krig er undervegs: kampen om å definere det gode liv.

Fryseboksen – ei linse

Det gode liv betyr ikkje berre nok mat, klede og arbeid. Det betyr også helse og sunnheit, lys og luft, trivsel og fritid – og ikkje minst: effektivisering. Effektivisering av arbeidslivet, effektivisering i heimen. Effektive materiale, effektive hjelpemiddel, effektive rørsler. Tid er pengar, tid er glede.

Framleis er mor for det meste heime. Men også mor har krav på å ha det meir lettvint. Og styresmaktane allierer seg med arkitektar, ingeniørar, kosthaldsekspertar og reklamefolk, og kastar seg inn i kampen for det gode liv: Ut med alt gammaldags, urasjonelt og ineffektivt! Ut med støvsamlande møbel, sukker på brødskiva, slitne føter og upraktiske ordningar! Inn med sol, luft, vitaminar, funksjonalisme og elektriske apparat!

Massive, statlige propagandakampanjar syner Kari og Ola Nordmann korleis dei skal innreie huset sitt (luftig, praktisk), lage til maten sin (vitaminrik), oppdra ungane sine (friare enn før) og halde det hygienisk rundt seg (støvsuge). Alt med rot i vitskapen, må vite.

Sunt, billeg, lettvint og godt – nesten betre enn ferskvare, om vi skal tru annonsørane. (Avisannonse frå 1950-talet)

Sunt, billeg, lettvint og godt – nesten betre enn ferskvare, om vi skal tru annonsørane.
(Avisannonse frå 1950-talet)

Dette er husmorlagas og husmorfilmanes glansperiode. I tusental strøymer husmødrene til forsamlingslokala for å høyre om det nyaste innanfor moderne reinhald, matlaging, innreiing og familieliv.

Og på Stabekk utanfor Oslo, på Statens forsøksverksemd i husstell, har dei det travelt med å forske på djupfrysing.

For dette er starten på historia om det djupfryste Noreg. Ei historie som tek opp i seg ei langt større historie.

– Djupfrysaren kan brukast som ei linse mot samfunnsutviklinga i Noreg etter krigen, seier Per Østby, professor i teknologihistorie ved NTNU.

Den kalde kjøkkenkrigen

Saman med førsteamanuensis Stig Kvaal og stipendiat Terje Finstad driv Østby prosjektet Icing the Norwegian Nation, som er den norske biten av eit større internasjonalt prosjekt, European Ways of Life in the American Century. Det tek utgangspunkt i ulike forbrukarteknologiar og ser på korleis fritid, matvanar og måtar å bu på vart endra på 1900-talet under påverknad av amerikanske ideal.

For den amerikanske livsstilen vart eit ideal over heile Vest-Europa etter krigen. Industrileiarar, politikarar og vanlege folk – alle såg dei mot Amerika og visste at der var det gode liv å finne. Og den som såg eit amerikansk kjøkken på film, med kjøleskap og fryseboks og respatex, og ei usannsynleg velstelt og høghæla forstadshusmor svinsande imellom, var iallfall ikkje i tvil.

Faktisk vart kjøkkenet i 1959 ei ideologisk kampsak mellom den russiske ministerpresidenten Nikita Khrustsjov og den amerikanske visepresidenten Richard Nixon. «The Kitchen Debate» var ei rekke offentlege samtalar mellom dei to under ei stor amerikansk utstilling i Moskva.

Her vart det bygd eit heilt hus som dei amerikanske utstillarane påsto at kven som helst i USA kunne ha råd til. Huset var fylt med arbeidssparande utstyr, og dei to leiarane debatterte for ein stor del inne i det avanserte kjøkkenet. Nixon argumenterte med at her såg vi fruktene av eit kapitalistisk system og høgteknologisk forbrukarsamfunn – eit godt kjøkken var bildet på eit godt samfunn – mens Khrustsjov understreka Sovjetstatens fokus på «ting som talde» framfor unødig luksus.

Kjøkkendebatten var det første møtet på høgt nivå mellom amerikanske og sovjetiske leiarar på fleire år, og vart kringkasta i begge landa.

Massiv propaganda

Nedfryst mat var rett nok ingen ukjend ting før krigen heller. Alt på 1930-talet gikk det laster med nedfryst fisk frå Noreg til Europa. Og under krigen rigga dei tyske okkupantane til store fryseanlegg i fleire norske byer. Dei skulle forsyne heile det tredje rike med frosenfisk når krigen var vunne, var meininga.

Djupfrysaren kan brukast som ei linse mot samfunnsutviklinga i Noreg etter krigen.

Professor Per Østby

Anlegga vart rivne etter krigen, som så mykje anna tyskarane hadde bygd. Men fiskeindustrien såg fordelane med djupfrysing, og importerte nye fryseanlegg frå USA. Samstundes begynte daglegvarebutikkane å skaffe seg frysediskar. Det skjedde om lag då amerikanarane sjølve begynte å skaffe seg private djupfrysarar – noko som enno låg eit tiår fram i tid her heime.

– Norske forbrukarar var skeptiske til nedfrosen mat. Det var jo noko tyskarane hadde heldt på med – og den fisken var heller ikkje særleg god. Så industrien hadde ein marknadsføringsjobb å gjere, seier stipendiat Terje Finstad.

Det vart eit massivt propagandaapparat: Findus, Frionor og nokre fryseboksprodusentar slo seg saman, etablerte det som vart kalla Djupfrysingskontoret, og henta inn film- og radiokjendisen Rolf Kirkvaag som kontorleiar. Han reiste land og strand rundt og propaganderte for modernitetens og frosenmatens velsigningar.

Bjørg Eliassens bok frå 1965 om djupfrysing er ein klassikar. Her får vi vite at både egg, mjølk, halvkokte potetar, blautkake og ferdigpynta smørbrød med fordel kan frysast.

Bjørg Eliassens bok frå 1965 om djupfrysing er ein klassikar. Her får vi vite at både egg, mjølk, halvkokte potetar, blautkake og ferdigpynta smørbrød med fordel kan frysast.

Samstundes arbeidde «kjøkkenlaboratoriet» på Stabekk for å finne dei beste fryse- og tilreiingsmetodane, og gav ut ein straum av saklege opplysingshefte, så det norske folket til kvar tid skulle vere oppdaterte på korleis livet skulle levast i matvegen.

Her sto alle gode krefter side om side: staten, industrien og vitskapen.

Det handla om mykje. Det handla om modernisering, om effektivisering, om økonomi, og om helse og ernæring. Etter kvart handla det også litt om at det faktisk fants yrkesaktive kvinner. Det som det ikkje handla noko særleg om, var kos og smak og hygge.

– Nei, propagandaen gjekk på effektivitet, folkehelse og den riktige måten å leve på, slår førsteamanuensis Stig Kvaal fast.

– Nå kunne du få fisk i daglegvarebutikken. Det effektiviserte husmoras innkjøp. Dessutan var jo alle vitamina bevarte i den djupfryste maten. Djupfrysing vart erklært så sunt at eigentleg burde all mat – blautkake inkludert – ein tur innom frysaren før han vart eten…

Men då trong folk fleire frysemuligheiter enn berre disken hos kjøpmannen. Og hjelp fanst.

Mat «på stabburet»

Den som har levd ei stund, vil hugse dei felles fryseboksanlegga som kom opp over heile landet på 1950-talet. Her kunne du leige 50 eller 100 liter på årsbasis, og tusle bort og hente det du trong i ei handvending. På slutten av tiåret leigde 15 prosent av alle norske husstandar ein slik boks.

Kampanjen for eit djupfryst Noreg slo stort på med stabburstanken: Nå kunne du trekke sei og plukke bær og ha «på stabburet» heile året. Og kokebøkene fekk nye kapittel der det sto utrekna kor raskt du kunne tene inn boksleiga.

Fellesanlegga kom først på bygda, der stabburstanken alt var godt etablert, men vart også populære i byane. Dei låg ofte inni tilfluktsrom. Og mens djupfrysing tidlegare nesten bare hadde handla om fisk, vart også kjøtt frysevare ut over 1950-talet.

– Dette bekymra ei stund pris- og rasjoneringstyresmaktane, som var redde for at bøndene skulle fryse ned slakta sine på hausten og selje dei dyrare seinare. Så dei kom ofte og kontrollerte kva som fanst i anlegga på bygda, fortel Finstad.

Det gode liv = forbruk

Nå var vegen til heimefrysaren ikkje lang. Han vart frigitt frå rasjonering i 1956, og på 1960-talet tok det heilt av. Ingen land i Europa hadde på den tida så mange heimefrysarar som Noreg og Sverige – sjølv om dei i 1960 kosta rundt tre månadsløner å kjøpe. Men du kunne få dei på avbetaling.

Kampanjen fortsette. Heimefrysar var endå meir effektivt og moderne enn leigefrysar i fellesanlegg. Alle trong ein frysar, anten dei var rike eller fattige. Tenk på kva du kunne spare av tid og pengar! Tenk på vitamina! Tenk å alltid ha ei kake i frysaren når du fekk uventa gjestar!

Djupfryst mat var framtidsmat. Rolf Kirkvaag var stadig i modernitetens teneste, og kunne i løpet av eitt år samle 22 000 husmødrer og butikkeigarar til foredrag om emnet. Den eine boka etter den andre om djupfrysing kom på marknaden. Og lurde folk på kva for ein frysar som passa dei best, var det fritt fram for ei blanding av informasjons- og reklamekampanjar frå både fiskeindustri og fryseboksprodusentar.

I 1958 vart film- og radiokjendisen Rolf Kirkvaag direktør i det nystarta Djupfrysingskontoret, som var eigd av Findus, Frionor og nokre fryseboksprodusentar. Han kunne i løpet av eitt år samle meir enn 20 000 husmødrer til foredrag om frosenmatens velsigningar. Foto: Aage Storløkken/Aktuell/Scanpix

I 1958 vart film- og radiokjendisen Rolf Kirkvaag direktør i det nystarta Djupfrysingskontoret, som var eigd av Findus, Frionor og nokre fryseboksprodusentar. Han kunne i løpet av eitt år samle meir enn 20 000 husmødrer til foredrag om frosenmatens velsigningar.
Foto: Aage Storløkken/Aktuell/Scanpix

– Arbeidarpartiet sleit litt med dette, seier Kvaal.
– Dette var på eit vis overgangen til ein meir liberalisert økonomi, frå offentleg til privat styring. Det moderne forbrukarsamfunnet var eit faktum. Vegen til det gode livet gjekk gjennom forbruk.

Men tiltaka var heilt i tråd med partiets tankar om stordrift, masseproduksjon og eit godt liv. Findus såg for seg ei framtid som det nasjonale sentralkjøkkenet, og Frionor reklamerte med «Meir fri for mor med Frionor».

Frysediskane sto godt plassert i butikkane, og emballasje og marknadsføring var moderne frå første stund: «Se meg! Få lyst på meg! Kjøp meg!»

Eit norsk preg

I 1962 kom Nestlé inn på den norske marknaden, og dei første ferdigrettane kom i handelen. Nå vart det seld om lag 15 000 tonn frosenmat kvart år. Talet auka år for år, og på 1970-talet hadde dei fleste norske husstandar ein djupfrysar. Akkurat som i Amerika!

Men vi gjorde det nå likevel på vår måte. Der amerikanske husmødrer fyller fryseboksen sin med ferdigrettar, har dei norske alltid brukt han meir til sjølvplukka bær, sjølvfiska fisk, heimebakte bollar og kjøtt kjøpt i stort.

– Djupfrysingskulturen her til lands har eit tydeleg norsk preg, slår Finstad fast.
– Akkurat som tv-kulturen og bilkulturen har det.

Frosen modernitet

Vi lever i eit nytt tusenår, og det er ikkje lenger spesielt moderne eller fjongt med frosenmat. Han har nærast eit lite B-stempel.

Nå er mottoet: Ta sesongen attende! Spis den maten naturen gir deg, på den tida han gir deg den. Så fersk og så kortreist som muleg.

Vi puttar mindre mat i frysaren og meir i kjøleskapet. Ringen er på eit vis slutta.

Men teknologihistorieprofessoren hevdar at djupfrysarens ideologi ligg dypt og rotfesta i samfunnet: – Den har sett seg i maskiner og standardar og lovverk og hygieneforskrifter og infrastrukturar. Der ligg han og styrer oss, anten vi vil det eller ikkje. Djupfrysaren er frosen ideologi, seier Per Østby.

Refranse: