Den vesle trønderen som ikkje var trønder lell

  • Av
    Publisert 27.09.10
    Tidligere kommunikasjons- og markedsleder ved NTNU Vitenskapsmuseet

Etter siste istid kom ein immigrant til Noreg – ein liten mose. No er arten utrydda over resten av verda, men i Nord-Trøndelag har den klart seg. Så lenge det varer.

Trøndertorvmosen (Sphagnum troendelagicum) oppstod truleg for 40 000 år sidan, som ein hybrid av Sphagnum tenellum og Sphagnum balticum.

Det skjedde slett ikkje for nokre få tusen år sidan – som dei fleste har trudd til nå. Og heller ikkje i Trøndelag, som elles namnet skulle tyde på.

Dette kjem fram i ein ny artikkel i tidsskriftet Heredity.

– Vi må anta at alt liv i Noreg vart utrydda under sist istid for ti tusen år sidan. Så det var rimeleg å tru at trøndertorvmosen hadde oppstått på ei eller fleire av desse nordtrønderske myrene i løpet av dei siste få tusenåra, seier professor Hans K. Stenøien ved NTNU Vitskapsmuseet.

– Men no viser det seg at den truleg har oppstått ein annan stad, og så kome hit derifrå.

DNA avslører alder

Genetiske analysar og nye statistiske metodar har gjort forskarane i stand til å berekne kor gammal trøndertorvmosen er.

Det viste seg at det var ein ung art, men likevel eldre enn ein trudde. Undersøkingane viste at mosen må vere eldre enn 26 000 år – truleg rundt 40 000 år.

Det betyr at det ikkje kan ha skjedd i då islagte Trøndelag.

– Den må ha blitt danna ein stad langt borte frå områda der den finst i dag, og så kome hit etter siste istid for 10 000 år sidan. Kanskje har den oppstått ute på Nordsjøkontinentet, eller sør i Europa, eller kanskje i Russland, skriv Stenøien på bloggen Evolusjon!

– Passe sært

– Arten finst berre nokre få plassar i Nord-Trøndelag. Det er passe sært – vi har svært få artar her til lands som berre finst her og ingen andre stadar i verda, forklarer Stenøien.

Forskarane finn det overraskande at trøndertorvmosen finst på så få stader, all den tid begge “foreldreartane” er relativt vanlege i nordeuropeiske myrer. Mange stader veks dei også så nære kvarandre at hybriden skulle kunne oppstå.

Men likevel er trøndermosen altså ekstremt sjeldan – og berre å finne i Nord-Trøndelag.

Trua art

Forskarane skriv at oppdeling av habitata og menneskeleg press kan føre til utrydding av trøndertorvmosen i nær framtid.

– Så har den blitt utrydda andre stadar, for no er den berre her. Det betyr at det er truleg at arten har liten utbreiing i dag samanlikna med det den ein gong har hatt. Ergo har vi eit ekstra ansvar for å ta vare på trøndertorvmosen, avsluttar Stenøien.

Han er ein av forfattarane av Heredity-artikkelen, saman med Jon Shaw frå Duke University i USA, professor Kjell I. Flatberg og MSc Kirsti Stengrundet, begge ved NTNU Vitskapsmuseet.

Referanse:

HK Stenøien, J Shaw, K Stengrundet og KI Flatberg: The narrow endemic Norwegian peat moss Sphagnum troendelagicum originated before the last glacial maximum, Heredity, 2010. Se sammendrag