HENRIETTAS CELLE

I 1951 fekk den amerikanske fembarnsmora Henrietta Lacks diagnosen kreft i livmorhalsen. Forskarar klarte å få nokre usedvanleg robuste og aggressive celler frå kreftsvulsten til å vekse og dele seg utanfor kroppen hennar.

Ei såkalla human cellelinje var født. Dermed kunne ein for første gong studere humane cellers eigenskapar utanfor organismen. Henrietta døydde av sin kreft. Likevel finnes det fleire celler av ho nå enn då ho levde. Dei har fått namnet HeLa og er av dei mest brukte cellene i medisinsk, cellebiologisk, genetisk og molekylærbiologisk forsking.

Bildet viser ei HeLa-celle som slumpar til å ha ein hjarteforma kjerne. Det raude er eit protein som er essensielt for kopiering av arvestoffet i cellene. Det grøne er et protein som er viktig for cellas stressresponser.