SMÅROLLINGAR

Her ser vi hummaregg like før klekking. Egga har ein diameter på 2–3 millimeter. Biletet vart tatt gjennom mikroskop då forskarar i NTNUs og SINTEFs fagmiljø for fiskeri og havbruk målte diameteren på auga for å finne ut kor lang tid det var att før klekking. Dette er eit ledd i arbeidet med å gjerne norsk hummar til ein produktiv oppdrettsart.

Biletet var plukka ut av bladet Scientific American som eitt av dei ti beste i konkurransen 2008 Olympus Bioscape Digital Imaging Competition.