Dansefeber

Dans er både rørsle og estetisk uttrykk, tradisjon og musikktolking. Ved NTNU lærer studentar å lese, skrive, instruere, formidle og dokumentere dans. Dei får kunnskap om dans i fortid og nåtid, som form og som samfunnsfenomen. Studiet tek for seg alle hovudtypar av norsk dans, sett i ein vestleg samanheng, og med smakebitar frå verdsdansen.