Isbjørn i solnedgang?

Isbjørnen tåler eit barskt klima. Tåler han også ein mildare himmel?

Kloden vert varmare. Samstundes samlar miljøgifter seg opp i Arktis. Denne isbjørnungen skal lære av mor si å jakte og å overleve, men kan hende strekk ikkje hennar røynsle til for å bu ungen på vaksenlivet.

Det internasjonale polaråret er i gang, og isbjørnforskarar ved NTNU leier eit prosjekt for å kartleggje isbjørnens evne til å tilpasse seg eit varmare ver. Dei skal òg finne ut om om auka førekomst av miljøgifter svekkar bjørnens evne til å tilpasse seg.

Foto: Jenny Bytingsvik