C-vitamin mot dykkarstress

Antioksidantar gjer blodårene til dykkarar mindre utsette for stress og skadar.

Dykking på store djup er ein risikabel aktivitet. Mange yrkesdykkarar slit med varige helseproblem etter at yrkeskarrieren deira er over.

Enno veit vi for lite om mange av mekanismane som aukar helserisikoen for dykkarar, og mykje forsking går føre seg på området.

Åtte dykkarar

Professor Alf Brubakk har nyleg leidd eit forskingsprosjekt som har sett på korleis blodårene til dykkarar reagerer på større djup:

Åtte dykkarar gjekk ned på tretti meter. Ei gruppe fekk antioksidantar i form av C-vitaminar, medan den andre gruppa ikkje fekk noko slikt tilskot.

Det viste seg at dei som ikkje hadde tatt C-vitamin, opplevde ein såkalla funksjonsreduksjon: Blodårenes evne til å utvide seg – deira fleksibilitet – vart redusert.

Det er frå før kjent at slik funksjonsreduksjon kan gje helseskadar på lang sikt, til dømes auka blodtrykk.

Hos gruppa som fikk C-vitamin, derimot, var funksjonsreduksjonen langt mindre.

Overraska – og ikkje

Professor Brubakk fortel at forskarane vart overraska over å finne denne – potensielt skadelege – fysiologiske samanhengen mellom dykking og funksjonsreduksjon.

Professor Alf O. Brubakk ved NTNU fikk i 2002 Statoils forskarpris ved for mangeårig innsats innan dykketeknologi. Foto: Statoil/Erik Hårberg.

Professor Alf O. Brubakk ved NTNU fikk i 2002 Statoils forskarpris ved for mangeårig innsats innan dykketeknologi. Foto: Statoil/Erik Hårberg.

Samstundes fann ein altså også at antioksidantar reduserer denne uheldige effekten. Dette er professoren mindre overraska over.

Jamvel om menneske treng oksygen for å leve, tek vi også skade av den. Når kroppen forbrenn oksygen, vert det danna det vi kallar frie oksygenradikalar. Dei angrip cellene og kan gjere mykje ugagn om dei blir for mange.

Antioksidantar – som til dømes C- og E-vitamin, karoten, sink og selen – vernar cellene i kroppen mot desse frie radikalane, og reduserer skadeverknadene av dei.

– Derfor er det ikkje overraskande at antioksidantar fungerer positivt også her, seier professor Brubakk.

Ny rutine?

Denne studien opnar for at det å gje antioksidantar føre dykking kan bli del av rutinen.

– Dette at antioksidantar kan redusere funksjonsreduksjon, er ein gunstig effekt. Men det er for tidleg å seie noko om kva det inneber for dykkarar.

– Det er likevel mogleg at antioksidantar bør bli gitt før dykking, ut frå preventive føremål, seier Brubakk.

Professor Brubakk er leiar for forskingsgruppa Baromedisin og miljøfysiologi, kor denne forskinga føregår. Gruppa er verdsleiande innan dykking. Den har forska på problemstillingar omkring dykking i mange år.

– Denne studien er ein av mange i eit langsiktig arbeid med desse problemstillingane, og vi vil følgje opp resultata vidare, seier han.