– Legg deg ikkje ut med politiet

  • Publisert 29.01.08

– Då eg orienterte politiets tolkar i Oslo om kor viktig det er å vere upartisk, svarte somme at ‘du legg deg ikkje ut med politiet, då forsvinn du frå oppdragslistene deira’.

Stipendiat Patrick Kermit i medisinsk teknologi, NTNU, sa dette under eit vitnemål i Trondheim tingrett førre veke. Kermit forskar på problemstillingar omkring tolking. Han er sjølv døvetolk, og har vore med på å bygge opp tolkeutdanninga ved Høgskulen i Sør-Trøndelag.

Drap sonen

Kermit var innkalla som ekspertvitne i rettssaka i Trondheim mot ein mann som er tiltala for å ha drepe sin 13 år gamle son med kniv i fjor. Han var innkalla av forsvarar Abid Q. Raja, som har reagert på feiltolking under det første avhøyret politiet gjorde av tiltalte. Denne tolkestriden har halde fram ved tingretten sidan før rettssaka starta.

– Det finst mange døme kor ein heilt klart har undervurdert kor risikabelt det er å arbeide gjennom ein tolk. Den risikoen vil auke jo mindre profesjonell tolken er, sa NTNU-stipendiat Patrick Kermit i retten.

– Profitt framfor kvalitet

Kermit uttalte at dei kommunale tolketenestene er dei mest truverdige. I det private er det mange aktørar som er meir interessert i profitt enn i å levere eit kvalitetsikra produkt.

– Mange av de private aktørane blir drivne etter marknadsøkonomiske prinsipp. Dette er uheldig, men det er også ein situasjon som er gjort mulig av at det ikkje frå offentleg side er gjort noko som helst for å formalisere kva for krav ein stiller til å bli tolk, sa Kermit.

Patrick Kermit er forskar ved NTNU. (foto Tore Oksholen/NTNU Info)

Patrick Kermit er forskar ved NTNU. (foto Tore Oksholen/NTNU Info)

Raja leste Gemini-artikkel

Medan Kermit forklarte seg, leste Raja høgt frå eit intervju frå Forskning.no – skrivi av Gemini – frå november i fjor, kor Kermit mellom anna hevda at personar med anna språk enn norsk manglar framleis rettsvern. Her er norsk rettsvesen etnosentrisk, meinte Patrick Kermit, stipendiat i medisinsk teknologi ved NTNU.

Kermit er mest uroa for tolking der framandspråklege innvandrarar og asylsøkarar er involvert, og meiner at problema gjeld rettssystemets generelle forhold til framandspråk.

– Om ein som er tiltalt ikkje forstår og kan uttrykkje seg på norsk, er haldninga at det er deira problem. Rettsvesenets haldningar har ein etnosentrisk karakter, hevda Kermit i denne artikkelen, som Raja refererte i retten.

Til dette stadfesta Kermit sitt syn med omsyn til kva for trugsmål mot rettstryggleiken det er, når slump får styre val av tolk: Om tolken er utdanna eller ikkje, om det er ein eller to tolkar, som det bør vere når oppdraga varer over fleire timar.

– Tolken skal vere upartisk

Kermit lista opp ei rad kriteriar for profesjonell tolking. Eit av dei er at tolken skal vere upartisk – ein skal ikkje ha band til ein av partane som gjer at ein ikkje tolkar på eit vis som kjem den eine parten til gode.

Når det gjeld tolking kor politiet avhøyrer mistenkte, er det særs viktig for rettstryggleiken at ein forstår kva ein er mistenkt for og kva ein blir spurt om, og at svara blir forstått.

– Her er det viktig at tolken tek seg tid til å spørje omatt dersom ein ikkje forstår. Slike situasjonar oppstår alltid, kor ting er uklart, og då er det eit teikn på at tolken er profesjonell, om ho eller han stiller slike oppklaringsspørsmål undervegs, sa Kermit.

Verdilause samtalar

Han viste til tolkesituasjonar kor ein først i ettertid har oppdaga grunnleggjande misforståingar, som har gjort samtalen verdilaus.

Sidan mange tolkar er framandspråklege med eit ofte problematisk tilhøve til politi generelt, kan overdrive respekt for politiet vere eit problem når det gjeld kravet om å vere upartisk.

Det var her han viste til møtet med polititolkar i Oslo, kor kravet om å vere upartisk vart møtt med dette: – Du legg deg ikkje ut med politiet, då forsvinn du frå listene deira.