Ei verd utan grenser

Stengde landegrenser er ei ny oppfinning. Før drog folk dit dei ville, når dei ville. Opne grenser fører mykje godt med seg.

Ein heilt vanleg dag i august 2006: Ein fiskebåt med 146 afrikanarar prøver å nå europeisk jord på Tenerife. Båten vert oppdaga av spansk hamnepoliti, og dei illegale immigrantane tekne i forvaring. Foto: Scanpix/Reuters/Santiago Ferrero.

Ein heilt vanleg dag i august 2006: Ein fiskebåt med 146 afrikanarar prøver å nå europeisk jord på Tenerife. Båten vert oppdaga av spansk hamnepoliti, og dei illegale immigrantane tekne i forvaring. Foto: Scanpix/Reuters/Santiago Ferrero.

Ei verd utan grensekontrollar, utan innvandringsdirektorat, utan rigide krav for kven som er verdig asyl og kven ikkje – er ei slik verd er mulig? Ho er ikkje berre mulig. Denne verda er den normale, i historisk målestokk. Det er vår tid som er unormal. Det kan Jonathon Moses, professor i statsvitskap, gjere greie for.

Samfunnsvitarane har til oppgåve å forske på kvifor, og korleis, verda er som ho er. Dei skriv ikkje så ofte bøker som handlar om verda slik ho kunne ha vore. Men det har Moses gjort.

Han har gripe tak i ei av dei heilagaste kyrne i vår tid, dissekerer og analyserer kua til det ikkje er kjøt att på knoke, og kvart eit bein er gjort greie for.

Einaste farbare veg • Saka er denne: Å late verdas folk fritt få reise dit dei vil, er ikkje bare mulig. Det er også det luraste. For dei vestlege samfunna er dette alternativet kan hende einaste farbare vegen ut av vår tids elende.

I International Migration – Globalization’s Last Frontier syner den amerikansk-ætta professoren kor ekstrem verda faktisk er blitt når det gjeld å sette opp barrierar mot migrasjon, og mot at folk skal ha lov til å flytte på seg land og verdsdelar imellom. Viktigare – han viser og argumenterer for kor lite vi eigentleg treng desse barrierane.

Lett på trykket! • I dag aukar folketrykket mot dei ytste grensene til den rike verda. Samstundes vert mottiltaka stadig meir brutale. Rio Grande mellom USA og Mexico, og Middelhavet mellom Europa og Afrika, er vår tids migrasjonsslagmark. I USA er hæravdelingar tekne i bruk for å halde folk sør for grensa.

I Middelhavet driv opne båtar inn mot Europas strender, overfylte med nokre gongar daude og nokre gongar levande menneske. Spanske, franske og italienske fiskeskipparar veit ikkje lenger om dei skal redde folk som driv deira veg, for det er ikkje sikkert at dei får lov til å sette dei i land.

Det blir verre og verre. Så kva gjer ein? Leiter etter nye måtar å tette betre att? Ein gjer det motsette. Ein opnar grensene.

Fri flyt • I dag har vi tilnærma fri flyt av varer, kapital og tenester land og verdsdelar imellom. Men den siste fridomen – fri flyt av arbeidskraft – manglar. Det er derfor Moses nemner fri migrasjon som den siste sperra for globalisering.

I det meste av menneskas historie har folk fått reise fritt. Det var først under den første verdskrigen at Storbritannia, som ein av dei første nasjonane, innførte obligatorisk passkontroll. Snart følgde USA etter.

Argumenta for streng grensekontroll stablar seg oppå kvarandre: Fri flyt av folk fører til at:

  1. lønningane våre går kraftig ned
  2. demokratiet og velferdsstaten vi har brukt hundreår på å byggje opp, vert truga
  3. kriminaliteten går i taket
  4. vi får ei flodbølgje av folk over oss.

– Når vi granskar argumenta nøye, ser vi at dei ikkje held vatn, svarar professor Moses. For:

Økonomi • Det er berre i nokre få yrke at vi merker konkurransen frå gjestearbeidarar. Her kan vere eit problem, men for folk flest er føremonen størst. Vi får arbeidskraft der vi har for lite i dag – alt frå bygningsarbeidarar til pleiarar i omsorgssektoren. Faktisk treng vi dei stadig meir, etter som fødselstala går ned.

Vidare syner historia at fri arbeidsmigrasjon betrar tilhøva og lønningane også for arbeidsfolk i avsendarlandet, fordi det er færre der til å konkurrere om jobbane.

Demokrati og velferd • Moses syner korleis den store folkestraumen frå Europa

til USA i det 19. hundreåret sparka i gong utviklinga av politiske, økonomiske og sosiale rettar i begge verdsdelane. Arbeidsfolk og borgarar som fritt kan flytte på seg, kan stille krav, både i landa dei kjem i frå, og i landa dei reiser til.

– I statsvitskapen talar vi om «voice» og «exit» som fundamentale politiske rettar,

som det er viktig å ha minst ein av. Om ein ikkje har «voice» – høve til å ytre seg i demokratiske val eller liknande, så kan ein kome langt med «exit» – å reise sin veg. Slik var det

i Europa på attenhundretalet. Folk emigrerte ikkje berre på grunn av rein naud, men også fordi dei kjente seg politisk eller religiøst undertrykte, seier Moses.

Eit ferskare døme er samanbrotet til DDR, der masseflukta vestover bidrog til å sparke i gong dei demokratiske reformene. Arbeidsføre menneske som får arbeid, vil betale skatt. Når det gjeld tilgang på trygd og sosiale stønadsordningar, kan ein tenke seg ei ordning kor det går ei viss tid før ein arbeidsinnvandrar får opparbeida seg fulle rettar.

Kriminalitet • Opne grenser treng ikkje føre til at nasjonale lovverk og politisystem vert svekka. Det viktige er å byggje sterkare og meir integrerte internasjonale system for kamp mot internasjonal kriminalitet.

Det amerikanske føderale politiet FBI kan vere ein modell. Ein må også bygge betre system for identitetskontroll over landegrensene – slik passasjekontroll kan styrkast, jamvel om grensene vert opna.

Flodbølgja • – Det er ein myte at folk er så ivrige til å flytte og busette seg fast på

våre kantar av verda, seier Moses. – Faktisk vil folk flest helst bu der dei kjem frå. Dessutan viser historia at mange emigrantar returnerer til heimlandet etter kort tid, med nyerverva kapital, evner og røynsle, som gjer dei i stand til å utvikle heimlandet.

– Moral viktigast • I boka si drøftar professor Moses desse og andre argument. Men det viktigaste argumentet for fri migrasjon er eit anna: moral.

– Kva for rett har vi til å døme eit fleirtal av verdas folk til ei tilvære utan fridom og i djup fattigdom? For slik er det, når menneske saknar både «voice» og «exit», og lever som fangar i udemokratiske statar. Ikkje kan dei påverke eigne liv, ikkje kan dei flykte, seier han. Moses kjenner det sørafrikanske samfunnet monaleg godt, og han nyttar apartheid som bilete på verda i dag.

– Vi lever i eit globalt apartheidsamfunn. Den einaste vegen ut av uføret er fri migrasjon, meiner han, og åtvarar:

– Alternativet er å byggje murane mellom dei og oss høgare og høgare. Men det er grenser for kor høge murar vi kan byggje. Blir dei for høge, fell dei. Kan hende fell dei vår veg.

 

Av Tore Oksholen