Utan ein tråd

Telenor er interessert, Idar Vollvik kan vere interessert, NTNU og det offentlege er veldig interessert. Verdas første trådlause by kan heite Trondheim, og det alt til sommaren. Målet er å gjere sentrum av byen, NTNU sine studiestader og studentbyar og bussruta mellom sentrum og Dragvoll trådlause i første omgang.

Første del vil koste om lag 15 millionar kroner. NTNU ønskjer at ein teleoperatør står for utbygginga. Sjølv vil universitetet gå inn i prosjektet med si studentmasse. Betalinga for desse vil dekke store delar av oppstartskostnadene. I tillegg føreset ein at både Sør-Trøndelag fylkeskommune og Trondheim kommune vert med.