trist tennåring

Traume etter tsunami

Forskar Grete Dyb har tidlegare funne ut at både barn og foreldre i Bjugn sleit med posttraumatisk stress – fleire år etter mistankane om seksuelle overgrep. Nå nytter ho kunnskapen i ei større undersøking av norske barn som opplevde tsunamien i Thailand.

– Hendingane er ulike. Men vi ser at dei same symptoma kan dukke opp hos barn etter heilt ulike dramatiske påkjenningar. Det kan vere alvorlege ulykker, naturkatastrofar, vald eller overgrep, seier Grete Dyb ved Institutt for nevromedisin, NTNU.

Barna kan oppleve oppatt dei vonde minna, sjølv om dei forsøker å stenge tankane ute. Det kan gje seg utslag i vanskar med konsentrasjonen, og med urolig svevn. Andre fortreng kjenslene, dei unngår å snakke eller tenke på det vonde.

Den tredje forma for posttraumatisk stress hos barn er auka fysisk respons. Dei held kroppen i konstant høggir. Resultatet er veksande irritabilitet – dei går rundt med konstant låg terskel.